S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 11. mai 2012

Nature Theater of Oklahoma

PROFFT: Ei meir regissert og mindre naivistisk framføring gjer at noko av heilskapen frå dei tidlegare produksjonane til kompaniet ikkje blir like synleg.


Publisert
11. mai 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Knut Nærum skriver i Dagbladet om Life and Times: "Det mest storslått alminnelige jeg har sett, så jeg på teater i Oslo sist helg, der den amerikanske gruppa Nature Theater of Oklahoma framførte musikalen Life and Times, Part 1. I denne oppsetningen har ensemblet tatt for seg utskrifter av 16 timers telefonsamtaler hvor en kvinne forteller om sitt liv fra barndommen av.

Seks skuespillere bytter på å synge en monolog hvor hver stavelse er blitt sangtekst, inkludert «like», «you know» og tenke-seg-om-lyden «um». Part 1 varer i tre og en halv time, og er den første av ti deler. Life and Times er det motsatte av Skrik. Musikalen er spesifikk, ikke ikonisk. Den er vanlig, ikke bohemsk. Den handler om hverdag, ikke om traumer. Og publikum ble oppriktig opptatt av denne ene kvinnen og hennes barndomsopplevelser, som for eksempel hvordan det var å overnatte hos en venninne og å få ny klasseforstander i andre klasse.

Det var ikke «spesielt» i det hele tatt. Det var generelt. Det var derfor det føltes viktig."

Life and times – episode 1 Av: Nature Theater of Oklahoma Regissert og skrive av Pavol Liska og Kelly Cooper Basert på ein telefonsamtale med Kristin Warrall Komponist: Robert M. Johanson Framført av Ilan Bachrach, Gabel Eiben, Anne Gridley, Matthew Karahais, Julie Lamendola og Alison Weisgall Musikk: Daniel Gower, Robert M. Johanson og Kristin Warrall Teaterhuset Avant Garden, Rockheim, Trondheim


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/nature-theater-of-oklahoma/
Facebook

Når forma ikkje blir like laussloppen som i tidlegare produksjonar, spørs det om ikkje nokre av kompaniets «darlings» med fordel kunne ha vore avliva, spør kritikaren.

Eit kvart levd liv representerer minst ein roman, men presentasjonsforma set grenser for kor mye ein kan legge fram.

Det er tredje gong Nature Theater of Oklahoma gjestar Trondheim. I 2008 var dei her med No Dice, ei særs tekstrik framsyning på nærare fire timar som på eit naivistisk vis boltra seg i teatermetaforar på grunnlag av meir enn hundre timars telefonopptak med kvardagsleg smalltalk om alt og inkje. Året etter var dei attende med Romeo & Juliet, ein produksjon der dei på bakgrunn av rundt femti telefonsamtalar med forskjellige folk som blir bedne om å attfortelle Romeo og Julie, og med tilfeldige utdrag av desse samtalane på øyret, spelar det dei høyrer. Båe oppsettingane var så konkrete og kvardagslege som berre absurd teater kan bli.

Denne gongen er dei her med første episode av ein serie på ti, der dei framleis ikkje er komne halvvegs i produksjonen, og heller ikkje veit heilt kor dette vil ende. Det er såleis eit langt meir ambisiøst prosjekt enn det dei hittil har gjort. Men framleis har dei telefonsamtalen som bakgrunn og kvardagen som dramaturgi. Kristin Warrall, som sjølv spelar i orkesteret, blei ringt opp av Pavol Liska og bede om å fortelle alt ho hugsar frå dei første åra av livet sitt. Frå eit to timars opptak er dette redigert og skrive ut med kunst- og tenkepausar fylde med innhaldslause ord som «like» og «um», og deretter sett ny musikk til av Robert M. Johanson. Det er blitt ei tre og ei halv times oppsetting, ei enormt tekstrik maratonframføring.

Denne gongen er for så vidt teksten redigert, regissert og innøvd, men framføringa blir framleis noko randomisert ved at suffløren held opp tilfeldige scenetilvisingskort som fortel dei seks på scena kva dei fysisk skal gjere. Dermed blir ikkje alltid det fysiske uttrykket heilt synkront med det verbale, men når teksten til gjengjeld tidvis er ganske absurd, blir dette likevel meir ei understreking av det innhaldsmessige enn ein rein kontrast.

Nature Theater of Oklahoma er eit kompani med velskolerte skodespelarar, og som har reindyrka eit konsept der dei tek skodespelarkunsten heilt attende til utgangspunktet. Alle levde liv representerer minst ein roman, og det kvardagslege og grå som kan mangle både dramatikk, spenning og særleg innhald, er likevel særs spennande om du berre tar deg tid til å lytte. Slik gjer dei Shakespeares ord «All the world’s a stage» til sine, og når du etter kvart finn rytmen, blir Warralls fortelling om lærarar, familie, skulebuss, forelsking, overnatting hjå venner og andre trivialitetar slett ikkje så inkjeseiande som ein skulle tru. Det er tvert om slik at det vanlege kan bli viktig.

Litterært er dette eigentleg slett ikkje så spesielt. Ivar Lo er kjend for utsegna Alt det spennande finst i arbeidarklassen, og då Dag Solstad for snart førti år sia skreiv 25. septemberplassen, sa han at han alltid hadde hatt lyst til å skrive ei bok om det heilt kvardagslege, blotta for det feiande og flotte og utan dramatikk. Dei siste åra har ulike realitypåfunn banalisert sjangeren, men med romanprosjektet om sin eigen kamp, tok Knausgård realityromanen heilt ut og synte at det trivielle framleis kan fenge eit stort publikum.

I dei to tidlegare produksjonane eg har sett, har Nature Theater of Oklahoma dyrka den naivistiske framføringa, og dette er ei presentasjonsform som har stått særs godt til innhaldet. Denne gongen verkar det heile langt meir regissert. Teksten ligg fast, og når han både er særs omfattande, og samstundes består av meir enn tre timar utan særleg logikk eller indre samanheng, blir framføringa ganske imponerande reint speleteknisk. Så godt som alt blir sunge, og også på dette området er ensemblet proffe sjølv om eg merkar at det fysisk tar på mot slutten. Og kanskje er det nettopp det så openbert profesjonelle, og brotet med naivismen, som gjer at eg sit att med eit lite men.

For det er noko som manglar, og som gjer at Life and times – episode 1 ikkje heilt kan måle seg med No Dice og Romeo & Juliet. Der dei før var leikne og la seg flate for det heilt tilfeldige, blir framføringa denne gongen langt meir regissert og med det fastlåst. Dei små randomiserte scenetilvisingane blir ikkje noko vesentleg innslag, og tilbake står vi med eit regiteater der det meste er planlagt, og der det viktigaste er at det er uviktige ting som blir fortald. Det er greitt nok i seg sjølv, men når forma ikkje blir like laussloppen som i tidlegare produksjonar, blir det spørsmål om ikkje nokre av kompaniets «darlings» med fordel kunne ha vore avliva?

Denne og fleire kritikkar finn du på Amund Grimstad sin blogg amund.info.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no