S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 30. mai 2013

Når redaktøren mister kontakt med kulturen

Publikum. Foto: nrk.no


Publisert
30. mai 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Statistisk Sentralbyrås kulturbarometer for 2012 er ei undersøking i intervjuform om hvilke kulturtilbud dei spurde har nytta siste 12 månader. I følgje SSB har alle kulturdisiplinar utanom dans og opera hatt ein nedgong i oppslutning frå publikum i 2012 samanlikna med 2008.

Talet på dei som svarar at dei har vitja teater, musikal eller revy siste året, var 53 prosent i 2008 mot 45 prosent i 2012.

Samstundes har publikumstala på institusjonsteatra auka, i følgje ei pressemelding frå NTO.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/nar-redaktoren-mister-kontakt-med-kulturen/
Facebook

INNLEGG: Kulturlivet mister kontakt med publikum, hevdar redaktøren i Minerva og viser til statistikk frå SSB. Ser ein etter, har revybesøket gått ned, medan publikumstal for drama, musikal og barneteater har auka. Kan ein tale om svikt i teaterbesøket då, spør teatersjef Erik Ulfsby.

Medredaktør i Minerva, Kristian Meisingset, er på ferde igjen med ein stor artikkel om kulturpolitikk. Ved dette høvet har han funne tal og plansjar frå SSB som han fargelegg teksten med. Men kan ein lese denne statistikken slik?

Statistikk kan ein sjølvsagt vri og vrengje på. Men det kan lønne seg å trengje lenger ned enn til overflata. Ta teaterbesøket til dømes. SSB registrerer ein reduksjon i talet på dei som seier at dei har vore på «teater, revy og musikal» siste året. Talet har gått frå 53 til 45 prosent. Det ser jo illevarslande ut. Men ser ein etter, så er det revybesøket som har gått ned. Kategoriane «drama», «musikal» og «barneteater» har derimot auka. Kan ein tale om svikt i teaterbesøket då?

Viss ein skal seie noko om verknaden av kulturpolitiske tiltak, må ein undersøke dei områda og dei institusjonane kor det har vore satsa. SSBs tal målar ikkje dette. Men ein kan finne andre indikatorar. I 2008 opna operaen i Bjørvika. Den Norske Opera og Ballett har auka besøket med nesten 200 000. Auka løyvingar fører til auka aktivitet. I Tromsø opna Hålogaland Teater dørene til eit nytt teaterbygg i 2005. I åra etterpå har teatret lege på eit gjennomsnittleg besøk som i snitt er dobbelt så høgt som før. Dette handlar ikkje berre om bygningen, men om kapasitetsauke. Fleire menneskelege ressursar gjer det mogleg å spele fleire framsyningar og dermed er potensialet for å nå fleire folk, større. I Kristiansand opna Kilden i fjor. Alt tyder på at institusjonane som har flytta saman der, får markert høgare besøk. Og slik kan ein halde fram med døme etter døme innanfor ulike delar av kulturlivet.

Det er rett at ikkje alle institusjonar opplever vekst i besøket trass i auka løyvingar. Det er nemleg ikkje ein proporsjonal samanheng mellom løyvingar og besøk. Dei store teaterinstitusjonane har ikkje fått veldig mykje større løyvingar. Ein har først og fremst fått kompensasjon for lønns- og prisvekst. Men trass i det meir enn dobla besøket i Bjørvika, har dei store teatra hatt stabile besøkstal. Ein viss vekst kan ein registrere, og i 2012 er veksten stor. Ein kunne heller spørje seg: Kvifor er det så høgt? Og kvifor er det så stabilt? Det er m.a. fordi dei store teatra utnyttar kapasiteten godt. Talet på speledagar, framsyningar og belegg kan ikkje bli veldig mykje større slik tilhøva no er. Eit teater som Det Norske Teatret kan med ei drift på tre scenar ikkje få eit mykje større publikumstal enn fjorårets 223 500 utan at kapasiteten aukar. Å utvide talet på speledagar med sundagar, byggje ein scene til, få større bemanning, ha fleire turnear ville t.d. kunne gi potensiale for endå høgare besøk. Dette er tilhøve vi ser på. Vi vil gjerne auke kapasiteten. Med kutt i løyvingane, slik t.d. Oslo Nye Teater har opplevd, er ikkje det mogleg.

Kapasiteten i dag er altså nokså stabil. Kva har veksten, som har kome, då gått til?

Den har gått til å styrkje kvaliteten, og til å auke talet på produksjonar. På Det Norske Teatret har til dømes talet på oppsetjingar auka med mellom 20-30 %. Teatret blir dermed mindre sårbart, og når ein som DNT no gjer; spelar i repertoar, vil kvar einskild framsyning kunne gå lenger og nå eit større publikum. I tillegg gjer det store talet på titlar at fleire kan finne noko som interesserer dei. Det er det motsette av å fjerne seg frå folket, Meisingset! Vidare har Det Norske Teatret etablert ei eiga skodespelarutdanning, Det multinorske, og styrkt den kunstnarlege produksjonen i alle ledd.

Kristian Meisingset får trøyste seg med at det er eit samansett felt han freistar å ha meiningar om, og han må finne seg i å bli motsagt. Det har teke mange år å byggje den kulturelle infrastrukturen vi har i dette landet. Det skal lite til å gjere mykje skade. Det hjelper ikkje om den som gjer denne skaden, kanskje meiner det godt, og er for kultur for kulturens skuld aldri så mykje.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no