S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 18. juni 2019

Ms Manning for fridom og sanning

Foto: Johnny Vaet Nordskog. Scenografi/lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien Kostyme: Ida Toft


Publisert
18. juni 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Manning er fri,

Vega Scene, 14. juni, 2019

Dramatiker: Anders Budde Christensen Omsett av: Henriette Vedel Regi: Line Heie Hallem Scenografi/lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien Kostyme: Ida Toft Lyddesign: Bård Kleppen Watn Koreograf: Anne-Katrine Fallmyr Med: Petter Winther

Meldt 14. juni 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ms-manning-for-fridom-og-sanning/
Facebook

Fange 89289 er på det jamne eit hovud kortare enn dei andre fangane i Fort Leavenworth militærfengsel. Den 48 kilo tunge kroppen gjer seg klar for å sone ein straff på 35 år. Ikkje for drap eller valdtekt, men for sanninga.

Manning er fri er Vega Scene sin andre produksjon. Etter nok ein teatersesong som har vore prega av roman-adapsjonar, kjennest det friskt når Vega Scene bryt med denne tendensen og torer å satse på nye tekstar som faktisk er skrivne for scenen. Dette synast å vere noko av det mest kontrære ein kan finne på å gjere som teaterhus for tida. For Noreg, som ikkje har eit distribuerande organ for drama, er det faktisk ganske viktig at teatra og dei frie gruppene sjølv, held auga opne for god scenetekst. Det er i stor grad regissørane som får lov til å vere historieforteljarar i teatret, ikkje dramatikarane. Manning er fri er såleis eit heiderleg unntak frå denne norma. Teksten er skrive av den danske dramatikaren og skodespelaren Anders Budde Christensen som sjølv spelte rollen som Manning for teatret Mungo Park i 2018. Vega Scene er etter det eg kan sjå den einaste som til no har kjøpt rett til gjere teksten, men sikkert ikkje den siste. Ei sann historie om eit prinsippfast menneske som ikkje berre forandra verda sitt syn på USA, men som gjekk frå å vere Bradley til å verta Chelsea, som poserer på framsida til Vogue? Kva meir kan ein som teaterskapar ynskje seg frå ei historie?

Vakkert portrett av varslaren som endra USA Bradley Manning vert fødd i Crescent Oklahoma. Bradley er eit intelligent barn og finn tidleg ut at kjønnsidentiteten ikkje harmonerer med kroppen. Når søstera ikkje er heime snik unge Bradley seg inn og prøver kjolar og drøymer seg bort på jenterommet hennar. Det er kanskje unødvendig å peike på utfordringane som følgjer med dette når du veks opp på 1990-talet i ein liten provinsiell by som Crescent, Oklahoma.

Dataspel vert ein måte å flykte frå mobbing og drikkfeldige foreldre. Informasjonsteknologi ligg naturleg for Bradley og med sin enkle bakgrunn kan den amerikanske hæren vere einaste vegen til høgare utdanning. Etter ti veker med beinhard grunntrening sit Army Humanist Bradley Manning framfor tre dataskjermer i eit kryssinérskur midt i ørkenen knapt 50 kilometer aust for Bagdad. Framfor tastaturet er den unge soldaten ei brikke i Irak-krigen. Som etteretningsanalytiker er det Manning sin jobb å sortere mengder av hemmelegstempla video og biletmateriale, loggar og tekstdokument. Desse datamengdene skulle seinare komme til å avdekke drap på sivile og uvæpna, angrep på born og drap på journalistar i arbeid.

Enkle scener med kunstnarleg tyngde Manning er fri inneheld to parallelle historier. Den ytre, om krigføringa i Irak og brot på menneskerettar. Den indre, om kjønnsidentitet og mennesket sin rett til å bryte med norma. Det er ein fin balanse mellom desse to historiane, og skodespelar Petter Winther vekslar mellom å fortelje dei. Som einaste aktør er det mykje å bære, men dette gjer han med tyngde. For meg som tilskodar kjennest det som om dette er ein viktig historie både for den som har skrive, dei som har valt, dei som har gitt den utforming og ikkje minst han som fortel eller er historien. Eg opplever at regissør Line Heie Hallem lét teksten bære framsyninga, framfor for å leggje føringar i regi som teksten deretter må føye seg etter. Lyset til Ingrid Skanke Høsøien skildrar på eitt tidspunkt Manning i fengselet. Det ser ut som om lyset skin gjennom ein glugg høgt oppe på ein veggen. Det legg seg i fjeset til Manning, før det seint men sikkert forsvinn og etterlet han i eit einsamt mørke. Ein annan stad let dei veggen av scenelampar illustrere Manning sin kontakt med chatterom over internett. Det blinkar sporadisk i ulik styrke i eit nettverk av elektroniske signal. Det er enkelt, men assosiativt. Internett har gjennomsyra livet til Manning. Det var hennar viktigaste våpen i kampen mot urett, og den sikre undergang når hackaren Adrian Lamo snikmelder henne til autoritetane.

Det er ein beherska Manning vi ser hos skodespelar Petter Winther. Han vert aldri krakilsk i rollen, men held på ein pragmatisk ro sjølv når Manning skrik gjennom refleksglaset inn til fengselsvaktene. Fange 89289 er under kontinuerleg oppsyn i isolasjon og soner under tvilsame tilhøve. Monologar som dette kan lett drukna i volum og store gestar, men her står heller lydbiletet til Bård Kleppen Watn for desperasjonen. Maskingeværsalvane som dundrar i brystet, dei høge pipefrekvensene som er så høge at dei høyres skadelege ut og som ublygt får meg til å stappe fingrane i øyrene. Vi kjenner desperasjonen reint fysisk, men Manning mistar aldri fatninga. Eit hol i lovverket seier ingenting om dans på cella, og Chelsea dansar. For no er Bradley borte. I dansen inne på cella opplever eg at desperasjonen er sterkast, men dette gjeld også fridomen. Denne seansen tilfører dynamikk i ei elles statisk framsyning.

Krig over internett Eg er omlag jamngamal med Chelsea. USA har vore med på å starte krigar i omlag 9 land medan eg har levd. Av desse er Afghanistan og Irak dei fyrste eg vart var på. Parallelt med desse krigane, vaks internett ut av alle dimensjonar og vart til ei abstrakt, altomsluttande størring som kan spreie propaganda, velte regimer, overvake og leie krig. No er Manning igjen i avisoverskriftene fordi ho nektar å vitne mot WikiLeaks sin grunnleggjar Julian Assange. Manning betalar ein dyr pris for valet ho tok. Ho kjem aldri til å bli noko amerikansk heltinne for det store fleirtalet i folket. Ho vil alltid vere den som kompromitterte tilliten til den amerikanske hæren og gav dei ei evig ripe i lakken, og denne historia fortel teaterscena langt betre enn internett.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no