S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 26. februar 2020

Men songane har vi felles

Foto: Espen Nyttingnes. Regi og visuelt uttrykk: Terje Skonseng Naudeer. Lysdesign: Krystian Myska


Publisert
26. februar 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

100 songar av Roland Schimmelpfennig omsett av Tove Bakke

Premiere ved Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane teater) 21. februar 2020

Regi og visuelt uttrykk: Terje Skonseng Naudeer Medverkande: Idun Losnegård, Irene Waage, Jon Ketil Johnsen, Kyrre Eikås Ottersen, Preben Lillebø Rongve og Reidun Melvær Berge. Lysdesign: Krystian Myska Lyd: Robert Tomkiewicz Kostyme og rekvisitt: Synnøve Ringdal Scenekampinstruktør: Jeff Pedersen Bevegelseskonsulent: Emily Read Inspisient: Christina Schwanitz


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/men-songane-har-vi-felles/
Facebook

Lyden av jernbanestasjon har aldri før vore høyrd i Førde. Nokon skal reise ut, andre skal heim. Andre berre er der.

Kven har ikkje venta på eit tog, studert menneska rundt seg og undra på kva liv dei har, kva tankar dei har, kor hen dei er på veg. 100 songar, skrive av den tyske regissøren og dramatikaren Roland Schimmelpfennig, skildrar nettopp denne stemninga, full av forventningar og lagnader, men i tillegg får du vite kven dei er og kvar dei er på veg, fordi dei byrjar å snakke saman og til publikum. Det er enda meir. Noko skal skje, noko heilt forferdeleg.

Schimmelpfennig hadde terrorbombene på pendlartoga i Madrid i 2004 i tankane då han skreiv skodespelet, og menneskemøta vi får sjå på scenen finn stad rett før ei slik skrekkeleg hending. Det kunne vore dei fire minutta før bombeåtaket i regjeringskvartalet i 2011, eller i Hiroshima før infernoet i 1945. Jens Bjørneboe skildrar det grueleg vakkert i Vise om byen Hiroshima, men denne vakre og solfylte sommarmorgonen var alt idyllisk før det small.

Det er slett ikkje berre idyll i hovuda til dei vi møter på togperrongen ein septembermorgon i 100 songar. Derimot er det mykje musikk. Kanskje var det 100 songar, eg kom ut av teljinga, ei strofe her, litt allsong der, eller titlar på songar berre nemnt i ei leddsetning. Men på radioen desse fire minutta song Kim Carnes om Bette Davis Eyes. Skodespelet har inga eigentleg handling, men er sett saman av brokkar av tankar og minne.

Fire minutt og fire sekund Seks skodespelarar hoppar inn og ut av roller, dei byter rollene heilt fristilt kjøn og alder. Replikkane går kjapt, mest utan stans, som i rytmen frå toghjula mot skjenene. Konduktørfløyta skjer i øyra. Salen kvepp i det kaffikoppen vert knust, gong på gong, i det Lilly, som jobbar på jernbanekafeen, møter blikket til ein som sit på toget som akkurat har byrja å rulle ut frå perrongen – vi veit at det er rett før. Kanskje døydde dei, kanskje overlevde nokon, men kva er meininga med det heile? Finst det ei gud?

På scenen på Teater Vestland hoppar dei fram og tilbake i tid også, klokka er 08.51, den er nesten 08.55 og toget byrjar sakte å skli mot eit ukjend mål, det er rett før, men så er den 08.52. att, og det er heilt greitt. Gjentakingar kring dei store spørsmåla forsterkar kjensla av at tida står stille, ho er iallfall ikkje lineær, og så mykje kan skje og tenkjast i løpet av fire små minutt.

Reise, minne og musikk Tre kvinner og tre menn eig ei enkel scene med fire stolar/to sete, to krakkar og ein glasmonter til å knuse koppane i. Neonlysrøyra i taket sender eit kaldt lys ned på varme, levande menneske. Elles er alt minimalistisk og svart. Dei seks er kvardagsleg og tidlaust kledd, og er heile tida i rørsle. Dei sit, dei står, dei spring, dei kjem saman og går ifrå kvarandre. Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen er dei to som oftast får fram låtten, og det trengst i ei elles alvorleg atmosfære av venting på noko fælt.

I dei ulike brokkane av handling treff vi mange forskjellige folk. Vi får sjå mannen som bur kloss i stasjonen, han står i vindauget og røyker. Vi får sjå ho som nettopp er avslørt av ektemannen – ho har eit forhold til bestekompisen hans – som tastar febrilsk på telefonen. Kva skal ho skrive? Den gamle, rike mannen ser på hendene sine og lurer på kva rikdom er. Stripperska frå Vestlandet trur på Gud, og presten er på veg til ei barnegravferd. Er det meining i slikt? Jernhesten prustar utan ein lyd. Andre hestar flyt gjennom rommet i dei til tider absurde dialogane; Pegasus, Sleipner, hesten til erkeengelen Gabriel og ein afghansk hingst med eit liten gut på som susar over steppene.

Å vente Grunntonen er alvorleg, men det er og plass til litt humor. Kven har ikkje sitte ved sida av ein interrailar som breier seg med eit enormt papirkart på eit trongt sete? Totalt ulike lagnader vert rista i hop på ein jernbanestasjon. Når ein bur i Førde er dette eit sakn, næraste stasjon er Flåm med sine tusenvis av turistgrupper. Det er noko anna. Å studere medpassasjerar og undre seg over kven dei er, leike med tankane, der kjem eit par som kanskje nettopp har krangla, ho der skal på eit viktig møte, han er nok fyllesjuk. Men vi veit ikkje. I 100 songar får vi vite, vi kjem nær dei – både han som er så glad fordi han har fått pult kona på morgonkvisten og ho som fortvila prøver å tekste noko til han ho har vore utru mot.

Musikken og minna skapar assosiasjonar til eige liv. Det vert aldri keisamt. Repetisjonar veg opp for det heseblesande tempoet. Det er driv heile vegen, men ingen store, skjellsettande augneblink, alt er på det jamne, sjølv om det jamne er bra. Dei seks på scena gjer eit strålande stykke arbeid, dei er samkøyrde, og skiftar saumlaust mellom dei svært ulike rollene.

Eg skulle ønske dei hadde fått synge meir, hadde eigentleg forventa meir song. Det er i dei korte korscenene ein verkeleg forstår at desse folka, kall det vi, har noko felles likevel. Eg får lyst til vere i mylderet på ein jernbanestasjon, som er av ein heilt annan karakter enn på ei lukka flyplass. Ei lengt etter å vere på reise sildrar gjennom kroppen min. Eller – kanskje ikkje. Noko forferdeleg kan skje.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no