S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 7. mars 2019

Meir protest enn fest

Karnevalet. Foto: Frøydis Århus


Publisert
7. mars 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Karnevalet – en interkulturell protest,

Gateparade, 3. mars 2019

Arrangert av: Carnival Union med Venke Aure, Hanan Benammar, Gidsken Braadlie, Camilla Dahl, Marius von der Fehr, Lisa Pacini, Pia Maria Roll og Vigdis Storsveen.

Produsent: Madeleine Park

Støtta av: Fritt ord, KORO, Norsk Kulturråd, Billedkunstnernes Vederlagsfond, Billedkunstnernes Hjelpefond, Oslo Kommune.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/meir-protest-enn-fest/
Facebook

Karneval er eit fridomsprosjekt med sin eigen struktur. Det har i seg både opprør og fest. I Carnival Nations interkulturelle karneval i Oslo i år er det mest protest.

Femmila frå Seefeld rullar over skjermane denne sure fastelavnssøndagen i mars, og folk skrik seg hese frå sofakroken for å heie fram Hans Christer Holund, Sjur Røthe og resten av gutane i sporet. Samstundes gjer ein gjeng karnevalsdeltakarar seg klare under Vaterlands bru til å paradere gjennom Oslo sentrum. Dei ropar seg hese dei også: «Alle er velkommen!» lyer den antirasistiske bodskapen.

Den korte norske karnevalshistorien – frå anarki til NRK Norge er ikkje eit karnevalsland, vi har vinterferie, medan land som Tyskland og Nederland kallar same veka for karnevalsferie. Dei gylne åra i norsk karnevalshistorie finn vi på midten av 1980-talet, og hadde utspring frå ei gruppe aktivistar frå miljøet rundt husokkupantane i Skippergata. Det vart mot alle odds kjempepopulært, og i åra frå 1983 til 1986 deltok mellom 50 000 til 100 000 i det som vart heitande Oslo-karnevalet. Dette er solid oppmøte i ein by som på denne tida hadde i overkant av 400 000 innbyggjarar. For å setje dette i perspektiv, tyder dette at ein av fire tok turen ut i gata for å ta del i karnevalet. Iveren kan ha noko med val av årstid å gjere, då festen fann stad i nydeleg vêr i mai-juni, og ikkje hadde dagens konkurranse i andre arrangement. Oslo-karnevalet fekk ein brå slutt etter tre år med forsøpling, fyll og fanteri. Det var óg dei som spurte seg om dette verkeleg var god bruk av statlige midlar landa på «nei» og i 1986 nekta dei å betale for gildet. Det er også verd å merke seg at i løpet av desse tre intense karnevalsåra endra arrangementet natur og gjekk frå å vere ein gatefest av og for folket, til å bli ein enorm underhaldningsevent med NRK og innleigde underhaldningsartistar på laget.

Ein interkulturell protest Interkulturalitet og antirasisme er det overordna temaet for karnevalet som fann stad 3. mars, og når paraden no er over, skal masker og kostymar stillast ut på Interkulturelt Museum i Oslo. Carnival Union med Pia Maria Roll, Hanan Benammar og Marius von der Fehr står som arrangørar, og karnevalet er eit samarbeid mellom kunstnarar frå ulike fagfelt, teoretikarar, skuleklassar, ungdomsklubbar, innvandrarorganisasjonar, aktivistar og pedagogar. Etter paraden var slutt vart det arrangert gatefest utover kvelden.

Foto: Karnevalet

Eg har teke med meg ein ven og ein hund for å sjå karneval for fyrste gong. Folk er kledd i i heimelaga kostymar. Det fyrste eg legg merke til er ei gruppe aktivistar med gule småtelt med påmalte dommedagsprofetiar som «Don’t keep calm, the world is collapsing». Vi ser kostymer av gullfolie, ein mann kledd i bast og lite anna, ein stor skulptur av ei naken matrone med vikinghjelm og ein installasjon i form av ein bil med røyk, lyd og lys som signaliserer opptøyer og bråk meir enn karneval. Vi står midt i eit elektronisk korps med lydmaskiner på magen. Rundt oss ser vi plastaktivistar med plastkostymar og dansarar med kvite drakter og raud ansiktsmaling. Hunden min finn seg ein ven i ein annan hund som deltek i paraden med rosa tutu. Vi står i ein kakofoni av lydinstallasjonar, korsong og parole-rop, og det slår meg at det vi er vitne til slektar meir på dei anarkistiske husokkupantane frå 1980-talet enn på dei fjørkledde, samba-dansande karnevalsdelsakarane i Rio de Janeiro. Bannerane syner slagord som «la dem bli», «Art after climate change» og «Stop the war». På arrangementsida formulerer initiativtakarane eit ynskje om å aktualisere den europeiske karnevalstradisjonen og byggje på ideen om at kunst, kreativitet og fridom skal vere for alle. Det står klart på nettsidene at arrangementet er partipolitisk uavhengig, men som reisefølgjet mitt sa, «det er mykje ved denne paraden som minner om tida mi i Raud Ungdom.»

Foto: Karnevalet

Som tilskodar til paraden byrjar eg difor å fundere på om alle meiningar verkeleg er velkomne i paraden. Karneval er ei feiring, og dommedagsprofetien frå teltet skurrar i ei slik setting. Ein del av meg tenkjer at dette er eit venstrepolitisk kupp av ein folkefest som historisk sett ikkje er meint som arena for eksplisitt politisk aktivisme. Opphavet til dei norske karnevalsåra frå 1980-talet minner meg likevel om det motsette, og karnevala verda rundt har lange tradisjonar for å lure inn velretta spark mot makteliten når ein likevel har full merksemd som utkledd karnevalsdeltakar. Denne tendensen kan sporast heilt attende til mellomalderen då karnevala vart ein etterlengta friarena for å drive gjøn med prestar og andre makthavarar utan å verte stilt til ansvar. Dette passerte gjerne som satire, og karnevala hadde eigne spelereglar der maktstrukturane vart snudd på hovudet og vanlege folk kunne parodiere kongar, pavar og keisarar gjennom gjøgling og klovning. I nyare tid har vi også sett denne tendensen. Reaksjonane av innsettinga av Donald Trump som president i 2016 var merkbare under Karnevalet i Rio året etter.

Karneval i krisetid Like fullt har det å blande karneval og politikk, historisk sett vore vanskeleg reint praktisk. Karneval markerer siste sjanse til å fråtse før fasta, og er eit overskotsprosjekt som står seg best i tider med nettopp overskot. Det var difor forsvinnande få karneval i Europa i perioden frå 1930 til etter 2. verdskrigen då vår tids største politiske kriser råka. Mange generasjonar fekk dermed ikkje oppleve karnevalstradisjonen i Europa slik den hadde vore. Somme stader vart ikkje karnevala teken opp igjen før lenge etter at verdskrigane var slutt, noko Europa sitt eldste karneval, karnevalet i Venezia vart eit døme på. Der vart masker og kostymar gjort ulovlege allereie i 1797 då Napoleon Bonaparte inntok byen. I tida etter kom andre store krigar, og dei fyrste spede forsøka på å blåse liv i karnevalstradisjonen finn vi ikkje før i 1967. Det fyrste karnevalet i Venezia som fann sin opphavlege grandiose form, vart arrangert så seint som i 1979. Då er det kanskje ikkje tilfeldig at vi såg ei veksande interesse for karneval i Norge nettopp på 1980-talet, berre nokre år etter at Venezia fekk karnevalet sitt attende, og midt i den ville norske pengefesten. Jappetida tok slutt og karnevalet i Oslo vart avvikla på grunn av fyll, medan karnevalet i Venezia står like sterkt i dag med storsponsorar som energidrikken Red Bull – ein sponsor som vi oftare ser i skisport og musikk enn i masseteater her i Norge.

Meir satire, mindre streng aktivisme Eg spår at det er ei stund til vi ser Red Bull sponse karneval i Norge. Til det er den norske karnevalstradisjonen for obskur. Dessutan har vi allereie eit arrangement der folk søkjer mot gatene for å kle seg ut og kritisere makteliten. Det heiter ikkje karneval, men Pride. Pride har fått eit enormt nedslagsfelt i Norge, og paraden i Oslo for 2018 samla 40 000 deltakarar og 240 000 tilskodarar. Eg skulle gjerne sett at Carnival Union med Pia Maria Roll, Hanan Benammar og Marius von der Fehr vaks seg store nok til å lukkast med å samle oss om ein felles, antirasistisk karnevalsparade for å feire fridom for alle gjennom kunst og kreativitet. Men masseteater som karneval krev at massane møter opp, og gjengen bak Carneval Union klarte ikkje å samle nok folk til at festen sluttar å kjennast intern. No var ikkje eg med på gatefesten etter paraden, men i sjølve karnevalsparaden var det er lagt for sterke føringar frå arrangørane si side til at den kunne fungerte frigjerande. Eg håpar difor at resultatet til neste år vil bere meir preg av satiriske påfunn og fargerikt gjøgleri enn litt streng, politisk aktivisme. Den offentlege debatten om interkulturalitet og rasisme kan ha godt av eit innlegg i karnevalsformat, og eg håpar å sjå same initiativ til neste år med litt fleire deltakarar og langt betre vêr. For når ein brukar gatebiletet som teaterscene står vêrgudane for scenografi, lyd og lys. Sjølv om eg likar idéen om å legge karnevalet til fastelavnssøndag, kunne det vore lurt å vente til både vinteren og femmila var over.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no