S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 31. januar 2008

Matematikkteater i skulesekken

Terje Lyngstad er teatersjef for Sogn og Fjordane Teater i Førde. Foto: Vidar Helle.


Publisert
31. januar 2008
Sist endret
26. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/matematikkteater-i-skulesekken/
Facebook

Matematikkteater, seier teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater om eit av måla i Den kulturelle skolesekken; at teatra som vil spele for born og unge må tilpasse seg læreplanverket for kunnskapsløftet. -Dette er styrande og sensurerande, skriv Lyngstad.

Av teatersjef Terje Lyngstad, Sogn og Fjordane Teater (SoFT). (Innlegget er første gang publisert i Nationen i dag.)

I st.meld. nr. 8 (2007-2008), Kulturell skulesekk for framtida, står det at måla i Den kulturelle skulesekken (DKS) skal ta omsyn til og tilpasse seg læreplanverket for kunnskapsløftet. Eg har nyleg høyrt det same uttalt av leiaren for kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Utsegna er styrande og sensurerande. Teatret skal altså spele matematikkteater. Det er ikkje – så langt eg kan lese – skrive nokon stad at det er viktig for born og unge å oppleve teater for gleda si skuld, fordi kunstarten rett og slett har ein eigen opplevingsverdi.

Strev

DKS har sjølvsagt gjort noko bra for kunst- og kulturformidlinga til born og unge. For ti år sidan jobba eg med å selje forestillingar til skulane. Det var eit strev. Svaret frå rektor var stort sett nei, det fanst ikkje budsjett til slikt, og sjølv om vi gav vekk forestillinga gratis, fanst det ikkje pengar til buss.

Teatret brukte dessutan store ressursar i administrasjon av sal og turné. I DKS er det sett av pengar som skulane skal bruke til kunst- og kulturopplevingar, og dei som arbeider i DKS administrerer som oftast skulekontakt og turnéplanlegging. Utfordringa ligg i kva for roller aktørane i produksjons- og formidlingsarbeidet skal ha.

Defensiv haldning

I følge st.meld. nr. 8 ønskjer ikkje kultur- og kyrkjedepartementet å gjere vesentlege endringar i korleis DKS er organisert. Ei så defensiv innstilling er å gjere borna ei bjørneteneste med omsyn til kva dei får oppleve av kunst og kultur i skulen. I Sogn og Fjordane er DKS organisert som ein del av kulturavdelinga til fylkeskommunen. Som einaste profesjonelle teater i Sogn og Fjordane – og eitt av tre profesjonelle nynorskteater i landet – har Sogn og Fjordane Teater (SoFt) hatt eit godt og naturleg samarbeid med DKS frå første stund. SoFt har laga framsyningar og DKS har teke i mot dei. Heilt fram til for to år sidan fungerte det som ei uskriven avtale at teatret hadde det kunstnariske ansvaret, medan DKS hadde det administrative ansvaret.

Smådjevlar

I 2006 laga SoFt forestillinga Magiske historier av Renata Allen, eit stykke for dei minste borna. I nokre av scenene heitte rollefigurane smådjevlar og sjefsdjevel. Djevlane såg med meining skremmande ut, hadde horn i panna og grimaser som høvde godt til karakterane. Djevelscenene var utstyrt med dunkelt lys og lydar fylt av spenning og frykt. Magiske historier vart sensurert av DKS i Sogn og Fjordane ut frå ei kvalitetsvurdering gjort av dei som jobbar der. I følge denne vurderinga virka stykket støytande og skremmande på elevane. Året før hadde SoFt ein diskusjon med DKS om ein tittel, Food for faen av Rolf Losnegård. Teatret vart innstendig bede om å byte tittel, eller i det minste ta vekk bannordet, men vi stod på vårt. Turneen vart gjennomført, truleg fordi forestillinga allereie var seld til skulane.

Kunstnarisk fridom

Om SoFt ønskjer å selje eit stykke til skulane utanom DKS, er det komplett umuleg. Marknaden er stengt i og med at pengane er låste til tilbodet som kjem nettopp frå DKS. Stortingsmelding nr. 8 seier at kvaliteten på kunst- og kulturproduksjonar må sikrast innanfor faglege, profesjonelle rammer. For å oppnå det, må DKS lage avtaler med profesjonelle kunst- og kulturformidlarar på alle felt om kor mange produksjonar dei skal lage i året, og samstundes la dei ha absolutt kunstnarisk fridom og ansvar. Dei einaste rammene som trengs er av teknisk og økonomisk art. Dersom ei forskyving av kvalitetsvurderinga ikkje skjer, vil DKS i framtida bli fylt med amatørforestillingar kvalitetssikra av pedagogar og byråkratar.

Teatersjef Terje Lyngstads innlegg ser slik ut i Nationens Ærleg talt-spalte i dag.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no