S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ragnhild Gjefsen – 19. november 2012

Mangslungen einetale

Lilly and George. Alan Øyen, Winter Guests 2012


Publisert
19. november 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Lilly and George Regi: Alan Lucien Øyen Tekst: Yvonne Øyen, Andrew Wale & Alan Lucien Øyen Skuespillere: Yvonne Øyen & Andrew Wale Film og videoprojeksjon: Martin Flack Lys: Torkel Skjærven Lyd: Gunnar Innvær Kostyme: Stine Sjøgren Produksjon: Gunn Hernes

Produsert av Winter Guests Coproduksjon: Bærum Kulturhus, BIT Teatergarasjen i samarbeid med Carte Blanche A/S

Produsert med tilskudd fra Norsk kulturråd og Bergen kommune


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/mangslungen-einetale/
Facebook

ANMELDELSE: – Trass i noko forutseielege figurar, let eg meg gripe, skriv Ragnhild Gjefsen om Alan Øyen og Winter Guests sine to nye monologar.

I premieren Lilly and George på BIT-Teatergarasjen i Bergen synte Alan Øyen og Winterguests at dei meistrar monologforma godt. Den gode forteljinga går aldri av moten, spesielt ikkje når den er akkompagnert av nydelege videoprojeksjonar.

Lilly and George er forteljinga om to personar og deira forhold til generasjonen over. Stoffet byggjer i utgangspunktet på erfaringar aktørane har med eigne foreldre og besteforeldre, men i det ferdige produktet er det vanskeleg å sjå kva som er biografisk og kva som er fiksjon. Framsyninga består av to monologar – ein norsk og ein engelsk – som utfyller kvarandre på same tid som dei stadig skaper kontrastar i heilskapen. Begge blir framført på ein stol i eit elles tomt rom, men det blir ikkje einsformig av den grunn.

Minnet om ein far Fyrst treff vi Lilly, som mimrar attende til da ho som lita var på tur med den sjuke faren sin i Paris. Narrativet er episodisk, og spring fram og attende i tid. Vi får innsyn i ulike hendingar i oppveksten til den vaksne kvinna, og får etter kvart inntrykk av at ferieturane med faren har gjort ho rotlaus både med tanke på heim og menneska rundt ho. Det er mykje som har hendt i livet til Lilly, og aktør Yvonne Øyen leier tilskodarane gjennom både tragiske og gode minne med stø hand. Både stemme og val av ord endrar seg etter som ho fortel om ulike stadium i livet hennar, noko som spesielt gjer refleksjonane til den vesle Lilly overtydande.

Rusa generasjonsmøte Neste monolog er i hovudsak bygd etter same mal som den fyrste, men her tek hovudforteljinga mykje meir plass, og dei andre situasjonane blir meir digresjonar og strøtankar. Det er ei viss endring i dynamikk, og samtidig er spelestilen langt meir teatral enn i den fyrste, meir lågmælte monologen. Dette gjer at eg nyttar eit par minutt på å bli komfortabel med det nye uttrykket, men etter kvart får eg sansen for det eksentriske fyllevåset skodespelaren Andrew Wale presenterer. Karakteren George er britisk og homofil, og leier oss gjennom den vanskelege samtala han har med mor si under julemiddagen, som stort sett består av whisky.

Godt og vondt spegel Dei to monologane er uavhengige, men har likevel fleire felles referansepunkt – ofte med motsett tilnærming. Begge handlar om forholdet til foreldra, men der Lilly ser ut til å finne glede i sine felles trekk med faren, blir George irritert når han oppdagar at han speglar mora sine rørsler. Også pillene går att – i den fyrste monologen reddar dei liv: Viss ikkje pillene finst, finst ikkje pappa heller. Ein kontrast til dette får vi med George som puttar ecstasy i drinken til mor si medan han leikar med tanken på å ta livet hennar. Desse motpolane skaper ein heilskap eg har sansen for, og gjer den enkelte forteljinga sterkare.

Einetale, men ikkje one-man show Ein monolog kan fort bli ein langdryg affære. Winterguests unngår dette, mykje grunna gode forteljingar og god framføring. Verkemidla har ein sterk stemme i denne produksjonen, og fortener sin del av æra –lyd, ljos og bilete gjorde det statiske oppsettet levande og interessant. Bruk av video og bilete sett stemning og underbyggjer forteljinga. Når vegen går til Paris, blir veggane dekt av høge bygningar, regnblaute fortau og lysande barnekarusellar.

Når samtalen finn stad i jula, rammar remser av ljos og julekuler inn det vesle rommet. Både bilete og ljosskift var med på å gjere springande overgangar lette å følgje, og utgjorde ein viktig del av opplevinga. Gangen i stykket blir faktisk så lett å følgje at eg opplever noko av teksten som overtydeleg. Eg treng ikkje alltid å bli forklart kvar vi er – det har bakgrunn og lydbilete alt gjort for meg. Ein annan grunn til at eg kunne tenke meg eit litt meir subtilt tekstgrunnlag, ligg i den dramaturgiske oppbygginga. Når handlinga hoppar slik fram og attende, fortalt frå berre eit perspektiv, forventar eg at det tek litt tid å få overblikket. Men slik blir det ikkje, informasjonen kjem tydeleg fram.

Undervurdert Noko eg sett pris på gjennom mest to timar einetale, er alle dei finurlege vendingane som er å finne i teksten. Dette gjeld både måten aktøren skiftar mellom rein forteljing av handling, hypotetiske tankeeksperiment og imitasjon av karakterane som er med i forteljinga. Det er òg mange språklege perler i monologane, som gjer at vi får servert mykje informasjon med få ord. Vi får vite korleis ”augo hans skrik” medan ”stemma hans kviskrar”, og at mor sit på badet og ”øver seg på å leve”. Dette er tidvis veldig fint, men dei språklege bileta blir så mange og tydlege at det tippar litt over for min del. Igjen blir ting litt for tydelege, og eg kjenner meg undervurdert som tilskodar.

In yer face Trass i nokre litt for tradisjonelle grep og eit noko overlessa språk, er Lilly and George godt teater. Eg let eg meg fengje. Den sårbare kvinna som systematisk skjuler eigne problem passar godt i selskap med den etter kvart sympatiske neddopa briten som aldri kom over brotet mellom foreldra. Men no byrjar eg bli temmeleg lei av å sjå stoffavhengige prostituerte homofile på scena. Kanskje er det eg som har fått ein overdose Mark Ravenhill og andre ”in yer face”-realistar, men er det så mykje å be om å sleppe fleire framstillingar av denne stereotypen?

Ragnhild Gjefsen er teaterviter fra UiB. Hun har for tida eit vikariat ved Bergen Dansesenter.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no