Så vakker du er. SoFT 2016. Foto: Bent Are Iversen

Liv, død og kjærleik

KRITIKK: I Så vakker du er vert både botnlaus sorg og ekstatisk lykke formidla med humor og eit musikalsk følgje som forsterkar alle kjenslene. – Framsyniga viser ein ny generasjon kunstnarar i Sogn og Fjordane, skriv Marit Bendz.

I 2013 vann Brynjulf Jung Tjønn Brageprisen i klassen barne- og ungdomslitteratur for den vesle boka Så vakker du er. Det er ei lita bok med stort innhald. Hovudpersonen Henrik virrar mellom sin døyande onkel og si blussande forelsking, mellom sorg og lykke. Det er den sommaren alt vert annleis. Han er ein gut på veg til å bli ein ung mann, keitete, forvirra og ustyrteleg forelska. Samstundes er onkel Simon i ferd med å døy. Det gryande livet møter det som ebbar ut.

Sterke omriss
Den korte, nesten telegramaktige stilen i boka eignar seg godt for scena. Teaterversjonen med same namn er fortald med varme, humor og innsikt. Det som verkeleg løftar framsyninga fleire hakk og gjer omrissa av personane så sterke, er musikken til Thea Hjelmeland.  Stemningane ho skapar med instrumenta og røysta, fyller rommet til brestepunktet.

Henrik bur på ein liten plass, og har ein bitte liten familie, det er berre Henrik, mora og onkel Simon. Vi høyrer ingenting om verken far eller besteforeldre. Kanskje difor er onkel Simon ein så viktig person i livet til Henrik, både som far, bror og førebilete. Det er onkelen som har teke han med på fisketurar, på teltturar, lært han slike ting som gode fedrar skal gjere. Onkelen er framleis ein ung mann denne sommaren, og han er svært sjuk. Når Henrik ikkje tenkjer på det forferdelege som skjer med onkelen, tenkjer han på det fantastiske som kan skje mellom han og ei jente, Kjersti. Det er berre det at Henrik er så frykteleg sjenert.

Petter Winther har ei krevjande oppgåve når han skal hoppe mellom rolla som Henrik og forteljarstemma. Denne forteljaren har så mykje han skal ha sagt. Mykje vaksenfilosofi. Det går litt for fort, det vert av og til oppramsing og for lite dvelande, i sterk kontrast til den levande, kjenslevare Henrik. Han vert vi glad i. Han kjenner vi oss att i. Heilskapen hadde ikkje tapt seg på å kutte ned nokre av desse filosoferande forteljarsekvensane. Vi forstår korleis han har det likevel.

Eit heilt orkester
Scena er halvvegs ei konsertscene med instrument, delvis ei tradisjonell teaterscene, der kaffitraktaren er sentral. Røysta til Thea Hjelmeland ligg der som ein stemningsforsterkar, av og til så lågt at ein ikkje legg merke til at ho er der. Men så aukar ho i styrke, vekslar mellom djupe molltonar og hjarteskjerande, fortvila skrik. Ho er kjent som ein allsidig musikar og songar, berrføtt med spektakulære kostyme. Dette er hennar første teaterrolle, i ein enkel kort kjole. Ho er eit heilt orkester der i kroken på scena, bleik, fjern og akkurat så uoppnåeleg som Henrik opplever. Så hoppar ho brått ut på scena som Kjersti, som den naturlegaste ting i verda. Det er ikkje vanskeleg å fatte at Henrik er forelska.

Regissør Miriam Prestøy Lie vekslar mellom notid og fortid på ein fin måte, tilbakeblikka vert spola attende med film på bakteppet.

Thea Hjelmeland slo igjennom med albumet Feathery i 2014, eit sorgarbeid etter at kjærasten sakte døydde frå ho. Gjennom strengeinstrument, pust og song utan ord, legg ho farge på handlinga. Ho verker kjenne både yrskapen og sorga til Henrik så godt, og det same gjeld regissøren. Samspelet mellom Hjelmeland og Lie har ei kraft i seg som gjer framsyninga sitrande, dirrande. Samstundes er det kort veg mellom latter og gråt. Den febrilske mora, herleg tolka av Idun Losnegård, er like fjern som Henrik er nær. Ho klyngar seg til rutinane kring kaffikoking og kaffidrikking, samstundes som ho er i overkant nysgjerrig på kva sonen eigentleg driv med der inne på fjesboka.

Det er mykje humor i dei små, kvardagslege replikkane mellom mora og Henrik. Det er ikkje noko dårleg forhold mellom mor og son, det er meir som ei stille lausriving. Når onkel Simon hamnar på sjukehus, forsvinn mora enda meir for Henrik. Det er nesten som ho heilt har gløymd at ho har ein son som og sørgjer. Og han får ikkje lov til å vere med på sjukebesøk.

Kjersti, som kjem inn i livet til Henrik, og onkel Simon, som er på veg ut av det, har begge eit eventyraktig, draumeliknande skjær. Dei er bleike, reine på kvart sitt vis. Kyrre Eikås Ottesen er døden sjølv der han ligg i senga og hostar og harkar. Men i tilbakeblikka er han helten, filosofen og naturmennesket, på tur i skogen med vesle Henrik.

Det handlar om å miste og å få. Det er det som er sjølve livet. Det handlar og om mot, om å gripe sjansen. Henrik tør å kysse Kjersti. Han får fortald det til onkel Simon før han døyr. Så er onkelen borte, men der står den lyse, fagre kjærasten og viser at livet går vidare.

Slepp ikkje
Her kunne det ha slutta. Men regissør Prestøy Lie vil ikkje sleppe oss. Det er no Hjelmeland bryt ut i klagesongen som går gjennom marg og bein i all sin venleik og smerte. For oss som fekk si musikalske oppvakning med Pink Floyds The Dark Side of the Moon på den tida ein sjølv famla rundt i håplause forelskingar, men utan døyande onklar, gjev det sterke assosiasjonar til Clare Torry, studiosongaren som improviserer utan ord på The Great Gig in the Sky. Då er det heilt greitt at onkel Simon reiser seg frå senga, tek hatten sin og forsvinn medan Thea Hjelmeland syng han ordlaust inn i eva.

Saman med kollega Torkil Sandsund flytta regissør Miriam Prestøy Lie til Dale i Sunnfjord for nokre år sia. Dei to vart Heddaprisnominerte for framsyninga Urmakarens hjarte i 2012 og har skapt sin eigen teaterfestival i heimkommunen Fjaler. Så vakker du er viser til fulle ein ny generasjon kunstnarar i Sogn og Fjordane, både innan skjønnlitteratur, musikk og teater. Dette er den siste framsyninga teatersjef Terje Lyngstad står bak før han no gjev roret til Bodil Kvamme. Ho har mykje godt vyrke å fråtse i, eg vonar ho er like modig som Henrik og slepp ungdomen til når ho skal ta Sogn og Fjordane Teater vidare.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER