S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Lisa Nøttseter – 11. mars 2018

Leve Oslo!

Dries Verhoeven: Fare Thee Well. Foto: Andrejs Strokins


Publisert
11. mars 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Dans Teater

Fare Thee Well! Konsept & gjennomføring: Studio Dries Verhoeven Konsept: Dries Verhoeven Kunstnerisk assistent: Bart van de Woestijne Dramaturg i Oslo: Marit Grimstad Eggen Tekniker: Roel Evenhuis Premiere på HAU (Berlin) i 2012 Black Box teater, Oslo Plaza, 9.mars 2018 Oslo Internasjonale Teaterfestival, 8.-17.mars 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/leve-oslo/
Facebook

Det er ei tid for alt. Unn deg eit lite kvarter til ein date med deg sjølv og samtida.

Den enklaste definisjonen av «dans» som finst er «rørsle i tid og rom». Dette er heilt feilslått som definisjon, ettersom han ikkje famnar all dans og ingenting anna enn dans. Han famnar all menneskeleg aktivitet. Det å vere levande inneber rørsle. Kanskje peker denne forståinga likevel på noko interessant: dans og teater som tidsbasert, situert kunst. I nederlandske Dries Verhoevens installasjon Fare Thee Well! er tid og stad vesentlege element.

Installasjonen er ein del av Oslo Internasjonale Teaterfestival som i desse dagar går av stabelen i regi av Black Box teater i Oslo, og som i år har eit særleg fokus på stedspesifikk kunst. Verhoeven skapar happenings, installasjonar og performancer i offentlege rom, og akkurat denne installasjonen er å finne på toppen av Oslo Plaza. Tilskodaren opplever å sjå det kvarterlange forløpet gjennom ein stor kikkert, medan ein lyttar til eit klassisk musikkstykke. I det fjerne kan ein sjå eit LED-display plassert på taket av ein bygning. Som tilskodar ser du den assosiasjonsrike teksten rett veg, medan byen er snudd på hovudet.

Det er som om installasjonen understreker at vi (kroppen) er her (Oslo) no (2018). Staden er eit utsnitt på kanskje ein halv mil av Oslo. Staden er óg Noreg som samfunn. Tida inneber heilt konkret at teksten porsjonerast ut på displayet, du må sette av tida til å vere til stades, følge med, følge timinga i teksten. Tida er også dette at vi er plasserte i 2018, og skuar bakover og samstundes fram i tid.

Ein kjem inn i Fare Thee Well! med kroppen. Ein sitt litt bøygd, i ein noko anstrengande posisjon og myser i det fjerne i nokså lang tid. Auga må jobbe. Dei små musklene rundt auge startar å skjelve og riste etter kun få minutt. Etter rundt ti minutt aukar tåreproduksjonen min og det vert vanskelegare å lese. Sjølv med eit smil om munnen renn det nåkre tårar i augekroken. Det er som om verket ved dette grepet manipulerar fram ein fysisk reaksjon av sorg.

Programteksten omtalar dette som eit visuelt rekviem, ei gravferd. Ein får ta farvell med noko som har vore, og helse velkommen det nye. Eller snarare helsar ein «velkommen». Oslo som vi kjenner byen døyr i denne installasjonen. Leve Oslo!

Teksten er skrevet som del av prosjektet Dansekritikerrørsla og er støttet av Norsk kulturråd og Fritt Ord.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no