S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ida Habbestad – 13. september 2012

Levande arkiv


Publisert
13. september 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Nyheter

Under overskrifta Kva er det med arkiv? ynskjer Kulturrådet å stimulera til samarbeid mellom kunstnarar og arkivinstitusjonar. I høst lyser dei ut prosjektmiddel til kunstprosjekt med arkiv som tema.

Utlysinga finn du her.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/levande-arkiv/
Facebook

Levande arkiv. Foto: Bodil Furu

I dag, 13. september, arrangerer Kulturrådet eit seminar med arkiv som tema og lyser ut prosjektmiddel til kunst om det å arkivera. Korleis tek ein vare på scenekunst for historia? Kor tilgjengelege er arkiva i scenekunstinstitusjonane?

Formålet med Kulturrådet sitt seminar er å inspirera til samarbeid mellom kunstnarar og arkivinstitusjonar. Kanskje ynskjer dei òg å stimulera begge til større medvit om å arkivera.

Elisabeth Leinslie er redaktør for Sceneweb, som har til mål å samla informasjon om heile teaterområdet. Ho vonar å få løfta oppfattinga av det verdifulle ved arkiva.

Kvifor er det viktig med arkiv for scenekunst?

– Det er viktig, både for kritikarar og journalistar, forskarar og kunstnarar at ein lett kan finna ut kven som har gjort kva. Har ein verktøy for dette, er eg viss på at materialet som vert produsert om norsk scenekunst —både det kunstnarlege, det forskingsmessige og det formidlande — kan bli betre, seier Leinslie.

Tilgjengeleg? Scenekunstinstitusjonane i landet sit på ei solid mengd kulturarv. Mange av dei har lagt ned stor innsats i å samla materialet. Men ynskjer ein innsyn, må ein i dei aller fleste tilfelle kontakta informasjonsavdelingane. På verdsveven finst stort sett berre den nyare historia. På Det Norske Teatret sine nettsider kan ein søkja i framsyningane frå dei siste 15 åra, medan Den Nationale Scene ser kring 10 år attende i tid.

Det er òg ulikt kva materiale som faktisk er digitalisert. Personar og produksjonar er registrerte, men ikkje i nokon av dei nettpubliserte arkiva finn ein speledatoar eller oversikt over kor mange framsyningar det har vore av kvar produksjon.

Med nokre unntak. Nationaltheatret har lagt databasen sin på nett. Den samlar informasjon frå 1899 og til i dag, og gjev høve for å søkja etter produksjonar og personar. Ein arbeider no med å inkludera video, tekst og bilete, og med å presentera arkivet på engelsk.

Mellom dei som ikkje har komme like langt er Den Norske Opera & Ballett. I deira database er det berre materialet produsert etter 2007-08 som er organisert slik at arkivavdelinga kan søkja i det. Per dags dato er det ikkje mogleg å få svar på spørsmål om kor mange gonger ei bestemt framsyning har vore oppført, utan at personalet må gjera omfattande søk.

– Enn så lenge kan me ikkje gje ein dato for når databasen vil vera komplett. Heller ikkje for når den deretter eventuelt kan gjerast tilgjengelig på nett, seier Lene Jacobsen, informasjonssjef i den Norske Opera & Ballett.

Oversikt og perspektiv Hjå dei fleste institusjonar er det semje om at arkiv er viktig.

– Arkivet er vesentleg for teatret i notid og framtid. Det gjev oss oversikt og perspektiv i mange samanhangar. Blir me historielause har me lært lite, seier Heidi Lindstad ved Det Norske Teatret.

– Eg kan ikkje sjå føre meg at det er mogleg å driva eit symfoniorkester med så mange ulike produksjonar utan å registrera og gje ut fakta i arkivet, seier informasjonssjef i Oslo-Filharmonien, Marit Gaasland.

– Me svarer stadig media og andre om når ulike stykke eller skodespelarar var ved teatret. Det ville vera svært problematisk for oss om me ikkje hadde eit oppdatert teaterarkiv, seier informasjonssjef Ole Friele jr. ved Den Nationale Scene.

Enno ikkje på verdsveven Gitt at målet er enkel tilgjengeleggjering, er det likevel stadig ei mengde arbeid framfor. Eit ressurskrevjande arbeid er det, og få institusjonar kan gje konkrete svar på når arkiva vil vera publiserte og søkbare på nett.

– Det er eit mål for oss å få materialet på nett, men dette ligg nok et stykke frem i tid, meiner Gaasland i Oslo-Filharmonien.

– Å få alt materialet på nettsidene våre vil krevja store ressursar, og det er per i dag ikkje sett av midlar til dette. Me har likevel som ambisjon å få eit stadig større arkiv ut på nett, seier Friele ved Den Nationale Scene.

– Alt me produserer no blir lagt ut på nettet. Men eg veit ikkje om fleire av dei «gamle» framsyningane blir lagt ut med det fyrste, medgjev Lindstad ved Det Norske Teatret.

– Treng prioritering – Det er utfordrande å skapa ei generell forståing for at arkiv er viktig, seier Elisabeth Leinslie ved Sceneweb. – Ved biblioteka i Noreg ser ein at fagpersonar som går av med pensjon ikkje alltid vert erstatta av nye fagpersonar. Nyleg var eg på ein konferanse om situasjonen for arkiv i Noreg. Den slo fast at stoda er forverra, trass i at det er løyva meir midlar på feltet.

Sceneweb har først og fremst arbeidd mot det frie feltet, for å samla informasjon der det ikkje finst andre naturlege apparat for dette.

– I tillegg ynskjer vi at institusjonar skal sjå verdien av å ha eit felles system, legg ho til.

For målet er å få på plass ein felles søkeplattform. Kunstnarar rører seg på kryss og tvers av institusjonane. Først når ein samlar alt materialet, vil ein få enkel og fullgod oversikt.

– Eg har ikkje føresetnad til å uttala meg om arkivarbeidet i institusjonane, seier Leinslie. – Men det generelle inntrykket mitt er at arkiv ikkje er høgt nok prioritert. Dei som arbeider med scenekunst, må ofte vera opptekne av det ein gjer her og no. Den vesentlege utfordringa er å få løfta fokuset, i institusjonane og departementalt, på at arkivet treng prioritering.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no