S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 22. januar 2019

Lettvint om ein tungnem

Foto: Erik Berg. Scenografi og kostymar: Milja Salovaara. Lysdesigner: Martin Myrvold


Publisert
22. januar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Fuglane,

Riksteatret, premiere 17. januar 2018

Skrive av Tarjei Vesaas

Dramatisert og regissert av Lasse Kolsrud Koreograf: Belinda Braza Scenografi og kostymar: Milja Salovaara Lysdesigner: Martin Myrvold Komponist og lyddesigner: Kjetil Schjander Luhr Dramaturg: Tine Thomassen

På scenen: Tom Styve, Ingvild Holthe Bygdnes, Tore B. Granås, Mads H. Jørgensen, Ida Torsdatter Ursin-Holm, Ane Ulimoen Øverli, Lars Helge Throndsen

Meldt 20. januar 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/lettvint-om-ein-tungnem/
Facebook

Framsyninga Riksteatret har laga av Tarjei Vesaas sin roman Fuglane er ei grei skuleframsyning som kan fungere godt på turné, men som ikkje i tilstrekkeleg grad grunngjev dei estetiske valga eller mangelen på dei.

Eit av dei tidlege barneminna til mor mi, er frå den gongen ho møtte Tarjei Vesaas. Dei sat på same lasteplan på veg til fjells. Vesaas var på besøk hjå oldefaren min, ein obskur vestlandsforfattar, og ærendet var å visa han rundt i heimtraktene. Mor mi var omlag fire år, så minnet er ikkje heilt påliteleg, men ho hugsar at han ikkje sa stort, men hadde eit venleg andlet. Seinare møtte ho Vesaas igjen, men då gjennom litteraturen, då klassen hennar las Det store spelet på realskulen. I dag hadde dette vore eit underleg val til bruk i skulen. Fuglane er truleg det verket ein møter fyrst, og det er denne romanen Riksteatret no har gitt seg i kast med å omforme til scenen.

Den dagen Vesaas delte lasteplan med mor mi, hadde han enno ikkje skrive Fuglane. Romanen om Mattis Tust kom fyrst tre år seinare, i 1957, og vert av mange rekna for å vera Vesaas sitt meisterverk. Det er ikkje risikofritt å tukle med ein roman som vert halden så høgt av så mange. I tillegg er Fuglane utfordrande å omskape for scenen på grunn av hovudpersonen sin indre monolog og mangelen på effektiv dramaturgisk handlingsutvikling. Riksteatret har laga ei tolking som nok er veldig praktisk på turné, men som ikkje heilt lukkast i å arbeide seg rundt desse utfordringane.

Lettvint skildring av miljø Romanen til Vesaas fortel om Mattis må takast vare på av systera Hege. Han fylgjer ein eigen logikk. Denne er lett å forstå for oss som vert innvigd i den indre monologen hans, men den skapar trøbbel i møte med sambygdingane. For han er det utfordring nok å ta ein tur inn til kjøpmannen. Folk i bygda tek godt hand om han, og somme gongar vert han også undervurdert. Dette hender til dømes når kjøpmannen gjev han den vanlege posen med kamferdrops sjølv om pengane ikkje strekk til. Han trur Mattis har rekna feil, men det er ikkje slik. Mattis hadde aldri tenkt å kjøpe kamfer denne dagen, han skulle berre ha daglegvarer og kjenner såleis på det å bli snakka til som eit barn. Denne situasjonen frå romanen er ikkje med på scenen hjå Riksteatret, og eg forstår at ein må kutte ein stad. Men nettopp denne scena kunne sagt noko om staden han bur på, om velmeint omsorg og omsyn som også vert feil for Mattis. Slike strykingar gjer at samspelet mellom han og lokalsamfunnet ikkje får den plassen den treng for å teikna eit heilskapleg bilete.

Endra er også møtet med nabokona som trøystar han når åkerarbeidet nok ein gong har gått i stå. Det er her Mattis stiller spørsmålet beint fram, «Kvifor er det som det er?» Dette er for meg det mest vemodige med situasjonen hans. Han veit at han er annleis, men han skjønar ikkje kvifor. Han spør seg stadig kva han skal seie og gjere for å syne at han kan vere skarp han også, slik som Hege og dei andre. «Ikkje lov å tenkje på jenter midt i veka.» Seier Mattis. Han brukar mykje kapasitet på å lengte etter det normale, det som kjem så lett til andre, men som han djupt inne veit at han aldri kan få. Denne lengtinga etter det normale er for meg kjernen i forteljinga, men den er tett knytt opp mot dei som er skarpare og flinkare til å arbeide og som kan snakke med jenter utan å seie feil ting.

I regien til Lasse Kolsrud er Mattis mykje overlaten til seg sjølv, og det er ei redusering av konteksten. Hege har si fulle hyre med å legge lokk på desse spørsmåla. Ho har ikkje alltid overskot eller humør til å kome Mattis i møte, og dette slit på ein allereie skjør syskenrelasjon. Hege (Ingvild Holte Bygdnes) og Mattis (Tom Styve) synast å vere grovare utgåver enn dei vi finn i teksten til Vesaas. Holte Bygdnes skildrar ei Hege som er meir oppfarande og utålmodig enn den Vesaas teiknar opp i romanen, og Tom Styve simplifiserer ein mann som er enkel nok frå før, men samstundes meir kompleks enn dei fleste. Dei er litt flate enno, men dette kan gå seg til i løpet av speleperioden.

Faren med ei scenisk framstilling av ei bok som i stor grad er bygd på indre monolog, er at intensjonen bak handlingane forsvinn. Dramatiseringa til Lasse Kolsrud er tru mot teksten og det er gjort eit utval av replikkar. Den indre monologen har Kolsrud løyst gjennom lyddesign av Kjetil Schjander Luhr. Sanseapparatet til Mattis kjem til uttrykk gjennom lydar som nesten utelukkande vert laga av stemmer og pust. Dette gjeld vengeslaga til rugda, denne fuglen som Mattis kjenner seg så knytt til, det gjeld vêr og vind, toreskrall og vatn. Draumane hans får også stor plass på scenen og er med på å forklare kva som finn stad i Mattis sine mildt svekte kognitive prosessar. Dette er verknadsfullt, men vert til tider også overtydeleg.

Praktisk, men ikkje spanande Det fyrste som slår meg når eg set meg i salen er at scenografien nok er veldig turnévenleg, men eg sit samstundes og håpar at den skal vere meir enn det, og at den skal tilføra noko vesentleg. Men nok ein gong finn vi grep som fyrst og fremst er praktiske med luker som kan opnast og bli til noko anna. Det er mellom anna bygd eit podium med luker som skildrar dei trygge stadene til Mattis. Slagbenken han har sove i frå han var liten, er ein slik trygg stad. Utedoen er ein annan, der han søkjer dekning i torevêr. Båten er førebels også trygg for han, for ro – det kan han. Denne er skildra gjennom to luker midt på scena som vert slått opp slik at toftene og åregaflane kjem til syne. Vatnet vert skapt av tungrøyk som sig faretrugande inn i den vasstrekte morkne båten, ein visuell effekt som fungerer godt. Kostymane til Milja Salovaara er det dessverre gjort lite ut av. Dei grepa som tek sikte på å dublere handlinga vert anten overtydlege eller vage. Overtydlege vert dei når Hege går frå overall til kjole i møte med den tilreisande skogskaren Jørgen, eller når fuglane frå draumane til Mattis tek form som kvinner med fjørkledde kjolar. Eit døme på vage kostymeval, er bonden med åkerarbeidet og Jørgen som på ingen måte speglar verken resten av ensemblet eller tidskoloritten til dei 1950-talsinspirerte feriejentene i bygda. I staden er arbeidskarane kledd i noko ein i 2019 ville kjøpt hjå herrekledekjeda Volt. Dette kunne eg sett forbi, hadde resten vore bunnsolid, men når dette kjem på toppen av det eg tidlegare har hengt meg opp i, vert eg sitjande å undre meg over slike sprikande val.

I dag er det ikkje sjølvsagt at elevar møter Vesaas sitt forfattarskap slik mor mi gjorde på realskulen. Sceneversjonen av Fuglane på Riksteatret kan såleis vere med på å gi nye generasjonar ein inngangsport til Vesaas, og dette tilbodet håpar eg lærarar omkring i landet nyttar. Framsyninga er ei ryddig framstilling av handlinga ispedd element som er i overkant tydelege for dei som kjenner Vesaas godt, men som kan vere fine å lene seg på for dei som møter Vesaas for fyrste gong. Det er vanskeleg å finna ein lettformulert bodskap i historia om Mattis og Hege til skulebruk. Velferdsstaten har endra stoda for slike som Mattis, – og slike som Hege. Det viktigaste ein kan ta med seg frå Fuglane i dette teaterformatet er truleg det å få vere saman med Mattis og Hege i dei vel to timane framsyninga varer. For ein får eit innblikk i korleis det er å vere makteslaus omsorgsperson og ein forstår korleis det er å vere annleis og kjenne seg som ein byrde. Så får skuleelevane heller plukke opp boka seinare i livet å teikna seg det heile fulle biletet av Mattis og Hege då, for det lukkast ikkje denne framsyninga til Riksteatret med å gjere.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no