Foto: Øyvind Eide

Kjære Amerika, god betring!

Engler i Amerika på Nationaltheatret er viktig og imponerande teater. Vi er i New York i åra 1985-1986. Bakteppet for handlinga kan oppsummerast med to ord: Reagan og AIDS. Amerika er sjuk, smittefrykten er stor og det er uvisst kva som skremmer mest, republikansk luftsmitte eller det seksuelt overførbare HIV-viruset.

Den første republikanaren eg stifta kjennskap til var uthogd i stein og kom frå heimplassen min Evanger. Han heitte Knute Nelson, og alle på barneskulen vår fekk læra at han var fyrste norske senator og guvernør i Minnesota. Dette sa meg sjølvsagt ingenting. Som ung korpsmusikant tok eg likevel – uansett vêr – del i den årlege kransinga av bautaen hans på 17. mai. Bygdefolk kledd i bunad lytta andektig medan vi minste musikantane klamra oss til althornet og kornetten for å ikkje blåsa vekk midt i Fedrelandssalmen.

Den amerikansk-norske relasjonen får vi innprenta frå vi er små. I framsyningsheftet til Engler i Amerika kan vi lese regissør Marit Moum Aune sin kommentar til dette. «…her i Norge lever vi i et gjennomamerikansk samfunn, vi vasser i amerikanske «brands» og er nøye knyttet til USA som vår fremste alliansepartner. Som lillesøster må vi forstå Amerika.» Ho hadde lenge hatt lyst til å setje opp denne moderne klassikaren, og då Trump vann valet var tida inne. Engler i Amerika lukkast med å frakte oss nærare på den amerikanske historia og ein får verkeleg kjenne på bymiljøet i New York anno 1985. Korleis er det å vere mannleg homofil mormonar i eit ulukkeleg ekteskap? Kor mange valiumtablettar må kona hans ete dagleg for å halde ut dette sjølvbedraget? Dersom kjærasten din fortalte at han er døyande, korleis hadde du reagert? Dersom du som høgt respektert advokat og republikaner fekk fortalt at du har utvikla AIDS, hadde du skjelt ut legen din og bedt han skrive «leverkreft» i journalen?

Genuint morsomt
Teksten til Kushner har motteke både Pulizerprisen og Tonyprisen for beste stykke. Mange av oss har dessutan eit varmt forhold til TV-serieversjonen til Mike Nichols som kom i 2003 på HBO. Stykket har betydd mykje for homofile og deira kamp for likeverd. Fallhøgden er såleis høg og sjansane store for å skuffe fanskaren. Kva er det då som gjer at Nationaltheatret lukkast med Engler i Amerika på scenen? Kushner sin tekst er spekka med smarte, vittige poeng som fort kunne gått tapt dersom skodespelarane ikkje hadde vore genuint morsomme. Humoren er til stades hos samtlige av dei vi møter i stykket. Den fins i ytterpunkt som den kyniske advokaten Roy Cohn, spelt av Terje Strømdahl, og den trauste, standhaftige mormonerkvinna Hannah, spelt av Ågot Sendstad. Ein vert glad i desse menneska, trass i lytene deira. Dette gjeld også hovudpersonen Prior, spelt av Herrmann Sabado. Prior får påvist AIDS og vert svikta av kjærasten sin, den nevrotiske jøden Louis, spelt av Bartek Kaminski.

I løpet av dei sju neste timane vert vi også eksponert for strenge og fryktinngytande englar spelt av Trine Wiggen, den forvirra og sjølvutslettande momonaren Joe (Nils Golberg Mulvik) og den valiumavhengige kona hans Harper (Hanne Skille Reitan). På sjukehuset der dei AIDS-sjuke får behandling jobbar Belize, spelt av Modou Bah. Han tek hand om både Prior og den døyande Roy Cohn. Cohn har faktisk levd og fungerte som mentor og førebilete for Donald Trump på 80-talet. Han står for det homofobe, rasistiske og maktsjuke hos menneska. Belize står for det gode og det rause. Han står også for mitt favorittsitat i stykket: «Den hvite fyren som skreiv nasjonalsangen visste hva han gjorde da han la ordet «fri» på en så høy tone at ingen klarer å synge den.» Stykket er gjennomsyra av forakt mot Ronald Reagan og sleivsparka mot dei republikanske kjerneverdiane er mange.

Seriemaraton
Sjeldan har eg hatt ein teateropplevelse som liknar meir på formatet til ein TV-serie. Framsyninga er oppdelt av hyppige pausar og får difor ein nesten episodisk form. Plutseleg er vi halvvegs. Andre del går like kjapt. Slik går det brått 7 timar og salen samlar seg om ein massiv applaus. Kvifor minnar dette om TV-titting? Svaret kan vere ein sum av fleire faktorar. Regien er utprega frontal. All handling utspelar seg godt innpå scenen og får titteskapsscenen til å minne om ei stor TV-rute. Scenografien til Bård Lie Thorbjørnsen er minimalistisk, men mektig. To høge veggar dannar djupn innover i scena som i ein perspektivteikning. Regi og scenografi samspeler og utnyttar potensialet i dreiescenen for å skape saumlause overgangar slik vi finn på film. Regien leier blikket og merksemda dit den skal vere til ei kvar tid. Det estetiske uttrykket forøvrig er svært likt filmatiseringa til Mike Nichols. Dette gjeld både casting, kostymar, sminke og hår. Det overraskar meg at regissør Moum Aune ikkje boltrar seg i det fortolkningsrommet som fins i teksten, men heller vel å legge seg tett opp mot ei kjend filmatisering. Konsekvensen av dette valet kunne blitt at framsyninga vart uoriginal, men i staden fungerer det fint. Eg har stor glede av å sitje å legge merke til dei små skilnadene mellom filmatiseringa og sceneversjonen, og ser det difor ikkje som ein bakdel. Lydkulissene til Nils Petter Molvær er komponert på ein slik måte at dei ikkje stel fokus frå skodespelarane. Teksten er i fokus medan musikken losar oss inn i rett stemning for dei ulike scenene. Det som enkelt kan gjerast med fokus og overgangar på film, er vanskeleg å få til live på ein scene. Det er difor svært imponerande å sjå kor godt samspelet mellom dei ulike elementa fungerar. Den stramme regien, scenografien og musikken speler på lag for å gi plass til teksten og skodespelarane som speler naturleg og uanstrengt.

Mektig standpunkt
Medan Reagan regjerte i USA, regjerte Thatcher på dei britiske øyer. I kjølvatnet av desse blå periodane fekk vi dramatikarar som Tony Kushner og Mark Ravenhill. Dei har mykje felles når det gjeld både form og innhald, og dei trefte ei nerve blant folk langt utover undergrunnskulturen dei oppstod i. Shopping and Fucking (1996) og Engler i Amerika handlar ikkje om narko, legning eller HIV. Det er større enn det. Det er ein statusrapport om rikets tilstand. Kva er så årsaka til at   Nationaltheatret vel å setje opp dette stykket no? Det enkle svaret heiter Donald Trump. Det meir nyanserte svaret handlar om den konservative vinden som bles over store deler av verda, om at likeverd for homofile går feil veg i somme land og at ein i Vest-Europa kan spore ei auke i antal HIV-smitta. Det er eit mektig standpunkt å setje opp Engler i Amerika no, og det er vel verd dei 7 timane i salen.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER