S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 2. november 2020

Kampen for eit respektabelt liv

Foto: Espen Nyttingnes/ Rakkar as. Scenograf: Siri Langdalen. Kostyme: Anna Wingård; Siri Langdalen og Rebekka Dahle. Lys: Kristian Myska


Publisert
2. november 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Frakt under havet av Arthur Miller, omsett av Ola E. Bø

Premiere ved Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) 31. oktober 2020

Regissør: Bentein Baardson Dramaturg: Bodil Kvamme Scenograf: Siri Langdalen Produsent: Karoline Solbakken Kostyme: Anna Wingård; Siri Langdalen og Rebekka Dahle Rekvisitt: Synnøve Ringdal og Reidun Støfring Lys: Kristian Myska Lyd: Robert Tomkiewich

Medverkande: Reidun Melvær Berge, Kyrre Eikaas Ottersen, Idun Losnegård, Torfinn Nag, Joakim Thrane, Torgeir Reiten, Lars Sørbø.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/kampen-for-eit-respektabelt-liv/
Facebook

Det er ingen skurkar eller heltar i «Frakt under havet», berre menneske med sterke og svake sider. Dei prøver å gjere rett og skjel for seg. Likevel går det forferdeleg gale.

Vi er i Brooklyn på femtitalet. Det er harde tider, men nauda i Italia er større og driv mange til å søke den amerikanske draumen, sjølv om USA har stengt grensene. Mafiaen tener gode pengar på å smugle folk inn i USA og ordne dei jobb som hamnearbeidarar, slik at dei kan betale prisen for reise og ulovleg grensepasning inn i det forgjetta landet. Blod, sveitte og tårer ventar dei nye borgarane, men kanskje blir det eit betre liv for neste generasjon.

Å sleppe den ein elskar Eddie og Beatrice Corbone lever eit enkelt, men strabasiøst liv saman med niesa, sytten år gamle Catherine, som dei har oppfostra. Eddie forgudar Catherine. Mange vil kjenne seg att i Eddie som har vanskar med å sjå at den snertne fosterdottera er i ferd med å bli vaksen. Han osar av kjærleik og overdriven angst for at noko skal skje med ho. Mange mødrer har meklarerfaring på høgt nivå der dei må i krysselden mellom ektemann og meir eller mindre opprørske ungar. Det gjer Beatrice også.

Konfliktane vert openberre då dei to illegale flyktningane Marco og Rodolpho hamnar i heimen deira. Dei italienske familiebanda er sterke, og sjølvsagt hjelper familien Corbone dei to brørne. Angsten for framandpolitiet, for å bli sendt attende til fattigdom og tapt ære i Italia, gjennomsyrar dagane til dei illegale flyktningane, men og den vesle familien som husar dei.

Eddie vekslar mellom gretten, rasande og mjuk – men det siste prøver han å skjule. Han er ein høgt respektert mann som mistar grepet. Han har slite heile livet for å brødfø den vesle familien og føler han får lite attende – iallfall ikkje det han vil ha. Men kva er det eigentleg han vil ha? Veit han det sjølv? Aner kona det? Og ikkje minst; kva er respekt? Æreskultur er eit svært aktuelt tema også her og no. I Frakt under havet endar det med eit drap.

Tidlause dilemma Arthur Miller skreiv skodespelet A view from the bridge på 1950-talet, men det er det tidlause som er grunnen til at dette har vorte ein klassikar. Samspelet mellom regissør Bentein Baardsen, dramaturg Bodil Kvamme og skodespelarane har skapt ein medrivande framsyning der ein som publikummar kjenner at typane, konfliktane og kjenslene, samstundes som ein får eit innblikk i korleis det er å kome til eit nytt land med andre verdiar. Ære og respekt er viktige omgrep. Æreskulturen har dei teke med seg, og dei nykomne har vanskar med å ta innover seg den amerikanske måten å løyse konfliktar på.

Det er i dialogane stemninga verkeleg vert dirrande. Ein samtale mellom Beatrice og Catherine om kva jenta skal velje; vere tru mot fosterfaren som ho er så glad i eller velje kjærleiken til Rodolpho, er magisk. Dei vanskelege, ja umoglege vala ein må ta – det skjer i hjartet, og vi heiar på kjærleiken. Ein sit att med den same tidlause kjensla som når Nora vil gå, ja, men så gå da! Og stakkars Eddie, som ikkje forstår at han ikkje kan halde ein songfugl i bur, då sluttar den å synge.

Scenograf og kostymedesignar Siri Langdalen har skapt ein spartansk heim der alt er grått, både ute og inne. I den trøysteslause bakgrunnen skimtar vi jernkonstruksjonar, som og vert nytta som trapp. I eine hjørnet av scena sit advokaten, kommentatoren, og prøver å rettleie Eddie Det er femtitalet, men det er og tidlaust, som teksten.

Over eller under Omsettinga av tittelen A View from the Bridge til Frakt under havet, av Ola E Bø, tykkjer eg ikkje fungerer så godt, sjølv om forklaringa er grei nok – dei illegale immigrantane vart kalla «submarines», u-båtar. Linene til dagens båtflyktningar er tydelege nok, her er menneske som søker ei betre liv, rett og slett fordi elles vil ungane deira svelte ihel. Dei prøver å gjere det rette, men tradisjonar og ein innbygd æreskultur kjem i vegen.

Frakt under havet er til å le og gråte av, til å bli litt klokare på det komplekse mennesket, både den som kjem utafrå og på seg sjølv. Nærare to timar utan daudpunkt er ein prestasjon av brennande engasjerte rolleinnehavarar, der ein som tilhøyrar gløymer tid og stad. Vi trur på karakterane, fordi dei sju skodespelarane er gnistrande til stades gjennom heile framsyninga og skapar både ubehag og gode minne. For vi kjenner att typane, vi har ledd av ein Rodolpho, tykt synd på ei Beatrice og prøvd å snakke ein Eddie til rette. Vi har teke vanskelege val og sjølv vegra oss for å sleppe. I alle fall litt.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no