S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 17. desember 2012

Julekalender #9

Yngve Sundvor. Foto: Statsteatret.no


Publisert
17. desember 2012
Sist endret
26. mai 2023

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/julekalender-9/
Facebook

– Å iscenesette ein klassikar er som å køyre trikk. Eigen tekst er Formel 1, fordi sjansen for å døy er overhengande. Reint kunstnerisk er det ein god ting, svarar Yngve Sundvor på spørsmål frå Sigrid Strøm Reibo. Sundvors spørsmål går til kritikar og redaktør Therese Bjørneboe.

Vår julekalender fortsetter. Før helgen fikk regissør og dramatiker Yngve Sundvor dette spørsmålet fra Sigrid Strøm Reibo:

– Vi kommer jo fra samme skole og tradisjon i Russland hvor arbeid med klassiske tekster er en stor del av utdanningen. Jeg er selv veldig glad i å sette opp klassikere, jeg finner mye god motstand i dem, og opplever nettopp denne motstanden som inspirerende. Du har inntil nylig også jobbet mye med klassikere, men de siste årene har du begynt å skrive og utvikle tekster selv. Jeg lurer på om du kunne gå litt inn på hvordan dette startet, og hva dine erfaringer er med å skrive og jobbe som regissør med egne tekster kontra å jobbe med klassikere?

Yngve Sundvor svarer:

Takk for spørsmål, Sigrid!

For meg har det vore ein gradvis overgang frå klassiske tekstar til eigne tekstar gjennom ei rekke dramatiseringar. Eg trur grunnen til det ligg i ønsket om å spisse det eg vil fortelje eit publikum. På eit eller anna tidspunkt blei det meiningslaust å presse den aktuelle klassikaren dit eg sjølv ville reint tematisk. Og ofte låg der ei forventning om, og mulig belønning i, å presse form og lesning til det ytterste. Jubelen låg, syntes det meg, i innpakninga.

Og bevares, god innpakning skal ein ikkje kimse av. Men, poenget er, – hadde publikum eit større utbytte av dette? Var ”min” Vildanden viktig for dei? Blei teksten lettare tilgjengeleg i modernisert form? Eg trur ikkje det. Kanskje meir underhaldande. Sidan ”alle” er samde om at klassiske tekstar er fantastiske, låg fokuset ikkje primært på kvifor vi skulle sette opp til dømes Vildanden, men snarare korleis. Kravet frå meg sjølv og frå andre til nylesning blei til slutt jålete og uinteressant.

Så eg byrja å leite etter dei sogene, i dramatisk form eller ei, som gav ein tydeleg gjenklang i meg på innhaldssida. Derav dramatiseringane.

Dramatiseringane forløyste også mykje reint formmessig. Det vart meir leikent og rausare. Og så kom eigne tekstar. Eg har alltid tenkt på teater som ein avart av å spele i band. Og eit ordentleg band skriv sine eigne låtar. Fyrst då er du noko anna enn eit coverband. Å iscenesette ein klassikar har enorme utfordringar, den som lukkast med det i si tid er meir enn anstendig god. Men det er likefullt safe, syntes det meg. Det er som å kjøre trikk. Spora ligg der, velprøvde. Risikoen for å spore av er liten. Spørsmålet blir kor hardt og tøft du evnar å kjøre trikken. Du kan bli kritisert for å ha kjørt for hardt og frekt med den fine gamle trikken, men du vil aldri bli kritisert for å velje ein klassikar.

Å lage og iscenesette eigen tekst derimot er, slik eg opplever det, Formel 1. Sjansen for å dø er overhengande. Og det er, reint kunstnerisk, ein god ting. Eg trur publikum anerkjenner dette.

Publikum på si side blir heller ikkje delt i innvidde og uinnvidde ved bruk av ny tekst. Den nye teksten har ingen tradisjon. Publikum stiller likt.

Å jobba med eigne tekstar krev kanskje enda større konsentrasjon rundt analysen. Det er fort gjort å tru at du kan situasjonane. Eller enda verre, ein trur ein gjorde analysen parallelt med skrivinga. Ein må bruke all si kraft på å aktivisere teksten og arbeide hardt for å gjere dramatikaren betre. Men der ein i sitt stille sinn bedande inngår avtalar med salig Ibsen om kutt i overforklarande symbolbruk, der kan ein utan skånsel gå i rette med seg sjølv. Med øks, så blodet fossar.

Eigen tekst gir også større anledning til å invitere det gitte ensemblet til å ha reell innflytelse på verket. Dette er kanskje den største gevinsten, og det som gjer at prosessen rundt ”kva det er vi vil fortelje”, aldri stoppar opp.

Men alt dette starta jo med klassikarane, og kanskje skal eg attende dit. Kvar finn sin veg.

Yngve Sundvor spør teaterkritikar og redaktør for Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift Therese Bjørneboe:

Kvifor trur du det er slik at det å lage "cover-versjonar” av kjente og kjære tekstar synes å ha ein høgare status enn nye norske tekstar på dei store teaterhusa. ”Remakes” i filmverda og coverband innan musikken blir jo sett på som passe uvesentlige. Og i kor stor grad er dette eit tema innanfor kritikken?


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no