S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 26. oktober 2017

Invadert av Abulkasem

“INVASJON” Sogn og Fjordane Teater 2017


Publisert
26. oktober 2017
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Sogn og Fjordane Teater Invasjon av Jonas Hassen Khemiri

Sett 18. oktober 2017 i Dale i Sunnfjord

Medverkande: Idun Losnegård Kadir Talabani Reidun Melvær Berge Stian Isaksen Thomas Bipin Olsen

Regi: Frode Gjerløw Scenografi: Frode Gjerløw med bidrag frå bebuarar på Førde mottakssenter Kostyme: Frode Gjerløw Videodesign: Ross Flight Lysdesign: Krystian Myska Omsetjing: Kristin Auestad Danielsen

Teaterforlaget Colombine

Turné i samarbeid med Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane på ungdomsskular i fylket.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/invadert-av-abulkasem/
Facebook

– Eg vart lurt. Avslørt. Abulkasem lurer alle, og alle lurer Abulkasem. Marit Bendz har sett Jonas Hassen Khemiri sitt stykke “Invasjon” i ny norsk omsetjing på turné til ungdomsskular i Sogn og Fjordane.

I Invasjon møter vi fem menneske som stadig skiftar ham, som byter på å vere den krenka og den som krenker.

Det er scener ein kjenner seg att i, pinlege augneblinkar, komiske situasjonar, vonde små historier. Det er latter som vert sitjande fast i halsen og tårer som ingen veit heilt kor kjem i frå. Er det medkjensle for dei som aldri vert norske nok, eller utanlandske nok? Eller er det skamtårer over eigne avkledde fordommar?

Invasjon har inga tradisjonell handling frå start til slutt. Vi får brokkar frå ulike miljø, med mistydingar og feiltolkingar, og særleg kunnskapsløyse. Babelsk forvirring får ny meining. Eit tema som går att gjennom heile stykket er frykta for, men òg fascinasjonen for, det ukjende. Vi møter ungdomane på byen og ekspertane på TV. Over alt og i alle miljø dukkar Abulkasem opp, utan at nokon veit kva eller kven det er. Ordet skapar respekt eller frykt, alt etter kva eller kven som brukar det. Men mest av alt møter publikum sine eigne fordommar. Du går ikkje lykkeleg og lattermild ut frå teatersalen etter å ha sett Invasjon.

Vi er alle menneskje som lagnaden sender ut på framande vegar. Nokre vegar er vanskelegare, ja mest umogleg, å gå. Det spørs kven du er. Kva språk og hudfarge du har.

Vi har høyrd om dei som ikkje kan sendast attende, som har utsletta kven dei er ved å viske bort fingeravtrykka sine. Men vi visste ikkje korleis dei gjer det. Ikkje før no. Det er ikkje godt. Korleis kan vi vere medmenneske i møte med dei som har flykta hit? Dei fleste har opplevd å trakke i baret og såra nokon i staden for å vere til trøyst. Det er som i novella «Alle de hjelpsomme menneskene» av Tor Åge Bringsværd, der overivrig omsut fort kan balle på seg til noko kvelande, noko som klemmer lufta ut av og krympar eit menneske til nesten ingenting. Slik opplever også Abulkasem møtet med eit slags norsk godheitstyranni.

Invasjon. Sogn og Fjordane Teater 2017. Foto fra produksjonen.

Imponerande tempo Scenografien er enkel, med ein graffitivegg dekorert av bebuarar på mottakssenteret i Førde. Dette bakteppet er fullt av draumar, sinne og minne frå ei tapt fortid. Handlinga er kompakt. Det går slag i slag og heile tida lurer Abulkasem, frå å vere eit ord med ulik tyding til eit namn. Men på kven?

Invasjon er skrive av Jonas Hassen Khemiri, den svensk-tunisiske forfattaren som debuterte med romanen Ett öga rött i 2003 på eit slags innvandrarsvensk. Også i Invasjon leiker han med ord og uttrykk frå det multietniske samfunnet, godt omsett til innvandrarnorsk av Kristin Auestad Danielsen. Regissør Frode Gjerløw, som også har ansvar for kostyme og scenografi, har jobba tett med skodespelarane om replikkar og uttrykk, noko ein som publikum merkar godt. Det er leikent, dette er fysisk teater, med heftig dans og raske kostymeskift, dei fem skodespelarane har eit imponerande tempo inn og ut av roller, inn og ut av kostyme. Slik er også det multietniske samfunnet. Rollene er utfordrande, men det er tydeleg at alle skodespelarane elskar det dei gjer, dei leikar og dei gnistrar.

Ein liten lydflekk i ei elles framifrå framsyning; i byrjinga og mot slutten vert det nytta mikrofon, og orda vert vanskelege å fatte. Men kanskje skulle det vere slik? Kanskje var det enda ei påminning om kor viktig språket er, og kor vanskeleg det er å forstå kvarandre når vi ikkje har det same språket og dei same referansane til kva ord betyr.

Abulkasem oppstår av ingenting, til eit ord som stadig skiftar meining, til nokon alle jaktar på men ingen veit kven er. Kanskje er det han? Eller ho? Eller meg?


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no