S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 2. mai 2019

Ingen kropp er heilag

Foto: R.B. Jérôme Bel


Publisert
2. mai 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Dans Teater

Jérôme Bel (1995),

Black Box teater, 26. april 2019

Ei framsyning av: Jérôme Bel Med: Claire Haenni, Michèle Bargues, Eric Affergan, Yseult Roch, Frederic Seguette Produksjon: R.B. Jérôme Bel (Paris)

Støtta av: Direction régionale des affaires culturelles d’Ile-de-France, French Ministry for Culture and Communication, Institut Français, French Ministry for Foreign Affairs, ONDA – Office National de Diffusion Artistique

Kunstnerisk rådgjeving/utøvande regi: Rebecca Lee

Produksjonsleiar: Sandro Grando


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ingen-kropp-er-heilag/
Facebook

Ei 24 år gamal framsyning vitja Black Box teater i forrige veke. Det som var toneangjevande da er ikkje like brennheitt i dag, men viser teater- og dansehistorie i praksis.

toEi lyspære, to dansarar og ein melodi. Dette er hovudkomponentane i Jérôme Bel si ikoniske danseframsyning Jérôme Bel frå 1995. Utgangspunktet for framsyninga var spørsmålet «kva er ei danseframsyning?» Bel kom fram til at det er eit samspel mellom kropp, musikk, og lys. Han ville ha to kroppar, ein mann og ei kvinne. Begge avkledd. Han ville ha ein melodi, men også den skulle vere avkledd. Ingen instrument, ingen høgtalarar. Ikkje virtuost eller teknisk framført. Ein mann syng eller nynnar Goldbergvariasjonane slik ein kunne gjort i dusjen. Også lyset er gjort på enklaste tenkelege vis. Ei kvinne og ei lyspære. Store scene som vanlegvis er fylt av 20-30 lyskastarar er ribba. Riggen er erstatta av ei einsleg pære som legg ein mjuk glød over dei fire nakne kroppane. Kvinna tek med seg pæra bort til bakveggen og skriv THOMAS EDISON med krit og blokkbokstavar. Han som syng har skrive JOHANN SEBASTIAN BACH. Dansarane Claire Haenni og Frederic Seguette (som begge har gjort denne framsyninga i 24 år) har skrive namna sine. Då er det kanskje ikkje så rart at framsyninga heiter «Jérôme Bel» akkurat som opphavsmannen.

Levande dansehistorie Jérôme Bel si karriere som koreograf og dansar byrja i 1983 då han såg Pina Bausch og Anne Theresa De Keersmaeker på Festival d’Avignon. Han studerte ved Centre Choréographique National, og jobba som dansar for andre i nokre år før han byrja å lage eigne framsyningar. Som koreograf har Bel vore med på å forme og fornye dansetradisjonen på 1990-talet og høyrer til generasjonen av unge koreografer som opererte i overgangen mellom dans og performance, også omtala som «non dance». Når Black Box teater no inkluderer denne framsyninga i vårprogrammet sitt, går den inn i rekka av programmeringsval som synleggjer kjende signaturverk og kompani som har vore med på å forme praksisen på dei programmerende scenene. Fase av Rosas framført av Anne Theresa De Keersmaeker og Tale Dolven (vist vår 2014) samt La Barque Le Soir/ Båten om kvelden av Claude Régy (vist vår 2015) er andre døme, samt programmeringa av Det kroniske liv av Odin Teatret (haust 2015). Som tilskodar og teaterviter set eg stor pris på ansvaret Black Box teater tek når det gjeld å vise desse produksjonene i Noreg. Dette er særleg viktig med tanke på dei yngre. Ein ting er å lese om desse stilskaparane, men det vert noko heilt anna å sjå historien utspele seg på scenen.

Det som var tonegjevande i 1995 kjennest ikkje like brennheitt i dag. Vi har sett variasjonar av non-dance i snart 25 år, og naken hud og kroppsvesker som urin er ikkje lenger sjokkerande. Dette er likevel ikkje noko brist i framsyninga, men snarare ein uunngåeleg konsekvens av at sceniske verkemiddel vert resirkulert. Jérôme Bel fekk aktørane til å tisse på scenen lenge før Margrét Sara Guðjónsdóttir gjorde det same i Spotted på BBt i 2016. Verdien, slik eg ser det, ligg difor i å kunne presentere desse arbeida på scenen slik at dei som studerer dans og teater i 2019 og er fødd i 1995, året denne framsyninger vart skapt, kan sjå arbeidet med eigne auger og spore kvar impulsane kjem frå, framfor kun å få det gjenfortalt som del av pensum. Dette er med på å bygge opp referansebiblioteket til publikum og såleis også styrke den generelle kunstforståinga.

Kontroversielt i 1995 Framsyninga er fri for symbolisme og allegoriar. Eg les den som ein leik med språk utan tale og interaksjon utan reaksjon. Dei to dansarane skriv på kroppane sine med raud leppestift. Claire Haenni skriv CHRISTIAN DIOR på leggen. Meir fransk vert det knapt. Ho fjernar nokre bokstavar og brått står det «CH A I R» som er fransk for «kjøtt». Ho skriv noko i handflata og klapsar flathanda hardt mot overkroppen til Frederic Seguette. Handa har stempla han med ordet AïE «au». Katalogprogrammet har eit tekstbidrag av Tim Etchells, kunstnarleg leiar av Forced Entertainment, og eg trur eg kan forstå kvifor. Etchells sin humoristiske logikk er like britisk som Bel sin humoristiske logikk er fransk, men ein kan ane eit slektskap der dei fungerer som ekvivalentar til kvarandre. Dei møtes på det nedstrippa, nesten naive, men samstundes elegante og irriterande smågeniale der alle detaljer inngår i eit system. Framsyninga er heldigvis ikkje berre interessant som historie. Den er, trass alderen, smart, vittig, filosofisk interessant og visuelt vakker. Den ber med seg estetikken og musikken frå dansen, representasjonen frå teateret og fridommen frå performancekunsten som ikkje treng å fylgje teateret og dansens rigide metodikk.

Bel har møtt mykje motbør. Etter premieren i 1995 prøvde ein sint tilskodar i Marseille å slå han ned fordi han kjende seg lurt. Fleire stader har tilskodarar forlangt å få tilbake pengane for billetten. Det har Bel nekta å gi dei, men han inviterer dei gjerne til ein drink og ein samtale. Med jamne mellomrom hende det at folk reiste seg i sinne og storma ut døra i sekvensen der dei to aktørane urinerer på golvet. Ein tilskodar i Irland som heitte Raymond Whitehead gjekk så langt at han saksøkte festivalen Inaugural International Dance Festival som presenterte Bel fordi han hadde betalt for å sjå dans, og meinte at dette ikkje passa inn i definisjonen. I land som Irland og Italia der katolisismen står sterkt vart det nødvendig å åtvara aktørane mot moglege reaksjonar. Mykje av konflikten kokar ned til Bel sin koreografiske handsaming av kroppen. For han som prøvde å slå ned Bel i teaterbaren etter framsyning i Marseille var kropp noko heilagt som ikkje skulle skitnast til. For Bel sjølv er ikkje kroppen heilag. For han er kroppen eit instrument som kan instruerast til å urinere på scenen. Slikt vart det i 1995 bråk av. Då eg såg framsyninga på Black Box teater var det kun ein person som forlét lokalet, men det kan det ha vore langt meir trivielle årsaker til. Sjølv om dette var mitt fyrste fysiske møte med Jérôme Bel sitt arbeid, må eg innsjå at mykje av det eg har sett av moderne dans dei siste ti åra har forvalta hans idéar og bygd på hans kunstsyn.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no