S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 11. november 2019

Ingen gærning er for gæren for å danse

Veslemøy Mørkrid i Indigo Englehår. Foto: Signe Fuglesteg Luksengård. Scenografi/kostyme: Katja Ebbel Fredriksen. Lys: Gard Gitlestad


Publisert
11. november 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Indigo Englehår,

Brageteatret, premiere 7. november 2019

Dramatiker: Fredrik Høyer Regi: Hans Petter Mørland Scenografi/kostyme: Katja Ebbel Fredriksen Koreografi: Sandra Gerecke Lys: Gard Gitlestad Musikk: Peter Michelsen, David Michelsen, Christoffer Simpson Maske/parykk: Maria Zhal Sanginnstudering: Espen Grjotheim

Med: Veslemøy Mørkrid, Ina Svenningdal, Fabian Christensen, Mimmi Tamba og Ingrid Dissen.

Meldt: 8. november 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ingen-gaerning-er-for-gaeren-for-a-danse/
Facebook

Indigo Englehår er ikkje teater, ikkje poesi, ikkje konsert, men noko midt mellom. Det er heller ikkje ein utprega musikal. Til det er narrativet for sprikande og forma for eksperimentell.

Dramatiker og slampoet Fredrik Høyer og regissør Nils Petter Mørland har ikkje prøvd å fortelje den lineære historia om kvart enkelt individ i ein vennegjengen på fire. Det ville vore å hoppe rett i den klassiske ungdomsteaterfella. Høyer har skrive ein tekst som gjev oss overblikk, eller kanskje heller skråblikk på liva til fire 18-åringar. Med dette oversiktsbiletet som utgangspunkt zoomer dei inn og ut på kvar enkelt person. Ina Svenningdal, Fabian Christensen, Mimmi Tamba og Ingrid Dissen speler fire 18-åringar som står på terskelen til vaksenlivet: Fabian prøver seg på alle som kjem hans veg, Mimmi, eksen hans finn ut at ho er gravid, og at ho ikkje har komt inn på sjukepleiarlinja. Ingrid likar å tru at ho er eit godt menneske, heilt til bestevenen Mimmi skuldar henne for å vere ein sjølvoppteken snyltar. Ina er ulukkeleg forelska i bestekompisen Fabian, og har på toppen av dette, har ei alvorleg sjuk mor. Dei fire står i relasjon til kvarandre på meir enn eitt vis, slik det gjerne er i eit klassemiljø. Desse fire perspektiva vert fletta inn i kvarandre. Kvar einskild person fungerer som eit prisme som historia vert broten gjennom, og saman vert dette til ei større forteljing om identitet og vegval. I tillegg til desse fire ungdommane, møter vi ein slags forteljar (Veslemøy Mørkrid) som på brechtsk vis leier oss inn og ut av fiksjonen.

Musikk som treff, estetikk som bommar Musikken er laga av Donkeyboy-gitarist Peter Michelsen og bror og musikkprodusent David Michelsen. Ofte irriterer eg meg over slapt handverk når musikken for ein gongs skuld er spesialkomponert for teaterscenen. Det er det ingen grunn til her. Dette er musikk som framfor alt høyrer heime på spelelister på Spotify, og som godt kan stå åleine uavhengig av denne oppsettinga. Høyer har gjort det han er best på. Mitt favorittsitat er frå låta «Lyskaster» framført av Ina Svenningdal: «ingen gærning er for gæren til å danse». Michelsen-brørne har fulgt opp med drivande beats. Ina Svenningdal syng ikkje berre svært bra, men viser seg også som ein stødig skodespelar. Syng bra, gjer også resten av ensemblet, Fabian Christensen, Mimmi Tamba og Ingrid Dissen. Det er ikkje nødvendigvis vanskeleg låtmateriale å synge, men det er vanskeleg å få det til å sitje reint rytmisk. Det skal vere dansbart, og det er det. Musikken matcher tematikken, tida og aldersgruppa, og gjer dette til ei overraskande bra konsertoppleving.

Reint visuelt er denne framsyninga mindre imponerande. Det er gjort forsøk på å fordele publikum på begge sider av aktørane, men det kjennes halvhjarta. Her burde regissør Nils Petter Mørland og scenograf Katja Ebbel Fredriksen anten stått hardare på denne idéen, eller slått seg til ro med det tradisjonelle oppsettet. Det er i tillegg teke nokre val i kostymar og scenografi som eg ikkje heilt forstår. To hus med ei bru i midten og slangar med lys i utgjer heile scenografien. Eg forstår at det skal vere turnévenleg, men må det verkeleg synast? Og kvifor skal skodespelarane kles opp som om dei var programleiarar i NRK Super i ei framsyning som for ein gongs skuld tek 18-åringar på alvor?

Siste dans før vaksenlivet Dei er saman for siste gong, Ina, Fabian, Ingrid og Mimmi. Den siste festen før livet sender dei i ulike retningar. Festen finn stad i ei gamal blokk som skal rivast. Dette er ein passande metafor, for det livet ein lever når ein er 18, er omregulert for riving. Heldigvis og dessverre. Etter vidaregåande vert ein tvinga til å ta val som styrer kva for folk ein skal vere saman med vidare i livet. Venegjengen er ikkje lenger dei som tilfeldigvis er fødd same år og som bur i same skulekrins. No skal ein «caste» rollane i filmen om eige liv. Kva rolle skal ei sjølv spele? Er ein den som går rett på studiane, og tek årseining i kunsthistorie eller bachelor i samanliknande politikk? Kanskje heller den som tek ex.phil. på Bali, eller jobbar eit år på det lokale hotellet fordi ein er drittlei skulen? Kanskje den som søkjer sjukepleien utan å kome inn fordi snittet er for høgt, og du slurva med sidemål og fekk ein tre-ar som øydela alt. Det er her på terskelen til vaksenlivet at alt det kjende endrar seg, og ein skal ta ansvar for eige liv og eiga læring, slik det heiter på universitetet.

Vanskeleg målgruppe Dette er kimen i Indigo Englehår, og det kjennes relevant sjølv for meg som har fått den eksistensielle 18-årsangsten på avstand. Slik eg ser det, rettar denne framsyninga seg til dei som går på vidaregåande skule. Det vil seie 16-19-åringar. Dette må vere ei vrien målgruppe å kommunisere med fordi dei tre åra som skil ein 16-åring frå ein 19-åring er så formative at ein snakkar til to helt ulike kognitive nivå. På toppen av dette kjem dei individuelle variasjonane. Dette er ei framsyning som er del av Brageteatret_ung, ei satsing på teater for ungdom som målgruppa kan oppsøke på fritida. Det er altså det motsette av Den kulturelle skolesekken der kulturen er ein del av skulekvardagen. Eg håpar at dette lukkast, for tanken er god, og framsyninga også, trass i rare visuelle val. Problemet med VGS-elevar som målgruppe er at dei innimellom alle obligatoriske innleveringar, skule og fritidssysler nesten ikkje har fritid, eller pengar, som dei kan bruke til å gå på teater av eigen fri vilje. Her håpar eg sjølvsagt at eg tek feil, for tanken bak Brageteatret_ung er god og det er også fyrste framsyning, Indigo Englehår.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no