S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 9. april 2019

Ikkje millionunderskot på The Book of Mormon

The Book of Mormon. Foto: Fredrik Arff. Scenograf: Gjermund Andresen. Kostymedesignar: Ingrid Nylander. Lysdesignar: Torkel Skjærven. Avbildet: Frank Kjosås og Marvin Amoroso


Publisert
9. april 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Teatersjef Erik Ulfsby skreiv denne teksten på si eiga Facebookside i går, og vi republiserer med løyve.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ikkje-millionunderskot-pa-the-book-of-mormon/
Facebook

NRK melde i går at Book of Mormon på Det Norske Teatret gjekk med millionunderskot. På sin Facebookside forklarte teatersjef Erik Ulfsby korleis det eigentleg heng saman.

I Kulturnytt i går, måndag 8. april, kunne vi høyre at Det Norske Teatret går med millionunderskot på publikumssuksessen The Book of Mormon. Det forundrar professor Anne Brit Gran ved BI som stiller spørsmål ved kvifor ikkje ein publikumssuksess som The Book of Mormon går i pluss. Og ho spør om ikkje heller den private delen av bransjen burde ha spelt den.

The Book of Mormon har skaffa Det Norske Teatret store inntekter. Framsyninga har spelt inn meir enn 70 millionar kroner, noko som er heilt makalaust. Vi er sjølvsagt veldig stolte over dette resultatet. NRK ønskte eit innsyn i overskotet for produksjonen, og teateret forsøkte å forklare at noko slikt er vanskeleg å dra ut. Ikkje berre fordi produksjonen er del av eit større driftsrekneskap, men også fordi ideen med eit offentleg finansiert teater er å bruke dei tildelte midla til samfunnets beste i tråd med oppdraget. Med ein stor suksess som The Book of Mormon betyr det i praksis at samfunnet får meir teater per offentleg løyvde krone. Det Norske Teatret har aldri hatt større publikumstal, høgare inntekter eller breiare repertoar enn i 2018. Vi har auka produksjonstakta og har gjennom det siste året kunna tilby 34 titlar for eit stort, kvalitetsbevisst og mangfaldig publikum. Viss det er slik at teater som ikkje går i pluss med framsyningane sine burde avstå frå å spele dei, kan vi berre sløkke lyset og vri om nøkkelen her ved Det Norske Teatret.

Vi har valt å ha ein offentleg finansiert kulturpolitikk her i landet der tariffar og arbeidsforhold er regulerte. Oppdraget vårt er altså ikkje å skaffe overskot. I staden har vi auka eigeninntekta, produksjonstakta og publikumstalet enormt. Når vi i tillegg kan melde om 22 nye årsverk på kunstnarleg side som resultat av denne positive tendensen, så vil Det Norske Teatret snu heile bildet av saka og peike på at bidraget til norsk kulturpolitikk er positivt som resultat av inntektene på The Book of Mormon. Men det vankar ikkje bonusar av slik inntening.

Det er eit tydeleg signal frå den sittande regjeringa om at NRK har ein viktig funksjon i samfunnet vårt og at norske borgarar skal kunne nyte av ein sterk allmennkringkastar. Ein slik mediepolitikk gir ein samfunnsverdi som går ut over det einskilde innhaldet, eller dei einskilde produksjonane om ein vil. NRK er ein demokratisk institusjon og ein grunnstein i forvaltning av språk, kultur og identitet. I oppdraget deira ligg det at dei skal dekke tema og stoffområde som i liten eller ingen grad blir dekt av andre.

Også i kulturpolitikken har styresmaktene gjennom skiftande regjeringskoalisjonar understreka betydninga av sterke felles institusjonar. Det Norske Teatret er ein slik institusjon. Vi er for alle og vi fører ein prispolitikk som gjer det mogleg for store delar av folket å oppsøke oss. Det er demokratisk bruk av offentlege pengar. Teateret er ein viktig forvaltar av språk, kultur og identitet. I vårt oppdrag ligg det at vi også skal dekke det såkalla smale feltet og vere ambisiøse i utforsking og utvikling av scenekunsten. For ein institusjon som i meir enn hundre år har vore utforskande og nyskapande i musikalsjangeren, er det særs tilfredsstillande å sjå at nettopp kvaliteten som vi kan levere, er med på å gjere The Book of Mormon til noko anna enn eit «millionunderskot». Og det burde ein allmennkringkastar som NRK opplyse offentlegheita om.

Erik Ulfsby Teatersjef Det Norske Teatret


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no