Bilde: polyfonia foto Tore Vagn Lid

I dobbeltkommunikasjonens klasserom

Instruktør Tore Vagn Lids Polyfonia er skjelsetjande
scenekunst for og med ungdom, men som på ingen måte bør unngå eit
vaksent publikum. Førestillinga fører inn i ein kryssild av stemmer
kor ingen kan stille seg heilt utanfor, skriv
scenekunst.no/danseinfo.nos kritikar, Elin Høyland.

Forestillingsnavn: Polyfonia

Spillested: Black Box Teater / Showbox

Tekst/Regi/Konsept: Tore Vagn Lid,
Transiteateret

Skuespillere: Tor Christian F. Bleikli, Mona
Solhaug, Thea D. Fjørtoft

Scenografi: Kyrre Bjørkås

Lyddesign: Thorolf Thuestad & Tore V. Lid
(i samarbeid med Bek – Bergen senter for elektronisk kunst)

Lydteknikk: Thorolf Thuestad

Dramaturgiat: Fem avgangselever ved en
ungdomsskole i Skien

Forestillingen ble vist i forlengelse av
seminaret ”Ny barndom – ny scenekunst” som ble avholdt på Det Åpne
Teater under Showbox, 13.november

Det har vore ein lang dag, ein slags omvend skuledag, i form av
seminaret, ”Ny barndom – ny scenekunst?”, i regi av Norsk Kulturråd
og Showbox, før eg kjem til kvelden og Transiteatrets førestilling
Polyfonia. Tidligare på dagen krysser eg Grønlandsleiret på
veg til seminaret på Det Åpne Teater. Det heng november og frossen
snø i lufta. Frossen snø som enno ikkje har falt. Men det er kaldt
der ute, medan me varmar oss med kaffi på pappkrus og kjende
andlete inne i lokalet. Dei forholdsvis vaksne har samla seg for å
snakke om barna og kunsten. Eller om kva me, eller kunsten, kan
gjere for barna, dei unge, korleis me kan nå dei, vise at me bryr
oss og forstår dei betre? Det skal handle om å gi rom for kvalitet
og utvikling i kunst retta mot barn og unge, men kanskje spøker og
eit anna kompleks i kulissane, kor dei vaksne lurer på korleis dei
kan vekke dei unge sitt engasjement for ei kunstform som ikkje
lenger er den mest umiddelbare for dei. Ei form for dårleg
sjølvtillit basert på utdaterthet, utilstrekkelighet? Så kva skal
til for å kome dette til livs? Me bør bruke barna som
referansepersonar i utviklinga av scenekunst for barn og unge, er
eit moment som kjem fram. Ein grunnføresetnad for å finne og skape
reelle møtepunkt mellom kunsten og barna, og mellom dei vaksne og
den nye barndomen ingen heilt har grep om?

Korleis går det egentlig?

For kva veit vi eigentleg om korleis dei unge har det? Og vil vi
eigentleg vite det?

Det er tid for førestilling og regissør Tore Vagn
Lid entrar scena for å legge fram si hypotese som er grunnlaget for
det me skal bevitne. Det er med andre ord frå byrjinga lagt opp til
at det er eksperimentet og forskinga sitt språk som skal bere oss
inn i det han sjølv kallar ein krysseld av audiovisuelle element
kor det du ser ikkje nødvendigvis svarer til det du høyrer, og det
du lærer kanskje strider i mot det du føler. Ei ung jente overtek
scena medan regissøren flytter opp til lydbordavdelinga øverst i
amfiet, og inntek ein omnipotent og uangripeleg big brother –
posisjon. Jeg kan ikke fortelle én historie, seier stemma,
lydsporet, som kanskje tilhøyrer jenta som no står og skriv med ein
anspent peikefinger på ei usynlig glasrute vendt mot publikum. Me
høyrer lyden av gnikking på glass, og den unge stemmen som
understreker at hennar eg er flere historier, og at orda, songane
og stadene me skal dra til er hennar, men at ho håper dei og kunne
ha vore våre. Det skal vise seg å bli til ein invitasjon inn i ei
krigssone av kald, men hudlaus sårbarhet. Inn i eit univers kor
kvart forsøk på å feste seg sjølv rundt eit sjølv blir brutt i møte
med ei verd av motstridande stemmer.

Realistisk krysseld

-Det som var sant er ikke nødvendigvis sant, påpeika regissør
Tore Vagn Lid, via kultur- og kunstfilosofen Theodor Adorno, frå
talarstolen på det Åpne Teater, der han fortalde om sitt arbeid med
Polyfonia-prosjektet. Studia av ungdommens musikk-kultur
blei for han ein inngang for å teste kollisjonar mellom
forskjellige samfunnsstemmer og historiar, noko førestillinga som
audiovisuelt høyrespel underbyggjer til fulle. Det er og nettopp i
møtet mellom visuelle situasjonstablå og eit lydbilde som
kommanderer, instruerer, trøyster og lokker aktørane til ulike
aksjonar, at bildet av ein brennande realistisk kulturell
krysseldsituasjon oppstår. Lynskarpt akkompagnert av pop-musikalske
innslag, eit eige slør, eit eige rom av emosjonar og stemmer som
kan bere den unge, og publikum med, inn og ut av opprivande
tilstandar som aldri får svar eller kvile.

Kjerna i førestillinga si hypotese utspeler seg
for oss etter mønster frå idol-kulturens grep om identitetssøkjande
unge, web-bloggar med stemmer som treng nokon å snakke med og som
snakker til alle og ingen utan konsekvens, karakterjag,
eteforstyrringar og ikkje minst kontrasten mellom romantiske
kjærleiksideal og knallhard sex-opplæring som eksemplifisert frå P3
radio. Sex som prestasjonssport er ikkje langt frå sanninga skal
ein tru ein av ungdomane som har kommentert førestillinga.
Polyfonia opner slik rom etter rom som synleggjer, og
stiller spørsmål til, korleis ein kultur av dobbeltkommunikasjon
omringer dagens unge. Idéar om vennskap, identitet, seksualitet og
moralske verdiar dras mellom klassiske humanismeideal i skulens
oppdragande aspekt og ungdoms- og mediekulturens ”laissez-fair”-
politikk: du er fri, du er ditt ansvar, du er unik, du er ingenting
– og når vi lurer på korleis du har det, er det for å minne deg om
at du er ansvarlig for dine eigne, frie valg…

Kritisk erfaringsrom

Polyfonia-prosjektet er og ei tydeleg vidareføring av
Vagn Lids kontinuerlege utforsking av musikaliteten sin plass i
teateret, og ikkje minst muligheita for å bruke teateret som eit
eksperimenterande og kritisk erfaringsrom. Vagn Lid har utforska
desse tilhøva i nær tilknytting til Bertolt Brechts teaterteori- og
praksis, noko som kom til sin fulle rett under oppsetjinga av
Brechts lærestykke, Die Maßnahme. Det interessante her er
korleis nettopp lærestykkets estetikk og fleirstemte scenespråk
gjennom barne- og ungdomsteaterets intensjonar om reell
kommunikasjon på tvers av språkverdenar, kanskje kjem endå nærare
sin rette form.
Polyfonia evner iallefall slik eg ser det å fortelle oss
noko som er sant, nettopp i kraft av å vise at det som var sant,
ikkje nødvendigvis er sant, og at det som var dramtisk, ikkje
nødvendigvis er det, for å bruke Vagn Lids eigne ord i høve til
både kulturelle tilstandar og teaterspråk. Styrken i førestillinga
ligg og i at den fanger slike eksistensielle spørsmål i alt sitt
blodige alvor, på ungdommens premissar, men med ein openhet i forma
som ikkje utelukker at det handlar om eit universelt menneskeleg
ønskje: Å prøve å leve opp til dei krav som stilles i spelet mellom
sjølvutvikling og det som oppleves som den rådande samfunnskulturen
til ei kvar tid.

Dobbeltkomunikasjonens nøtt er uansett ikkje lett
å knekke, verken for barn eller vaksen.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER