S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 26. april 2019

Hordaland Teater endrar namn


Publisert
26. april 2019
Sist endret
26. mai 2023

Nyheter Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/hordaland-teater-endrar-namn/
Facebook

Hordaland Teater endrar namn til Det Vestnorske Teateret, og dei får løyve til å byggje i bakgarden. Dette melder dei i ei pressemelding.

I generalforsamlinga 25. april vedtok eigarane at teateret endrar namn til Det Vestnorske Teateret. Dette samanfell med at dei har fått vite at klagen vert teken til følgje og byggesaka vil bli godkjend av Bergen kommune. Då vert det endeleg klart for bygging i bakgarden til Hordaland Teater sitt scenehus i Bergen sentrum (Logen).

– Dette er to svært gode gladsaker på ein dag! No kan vi endeleg snart samle både verkstadar, prøve- og spelelokale og dermed få ein effektiv og moderne teaterdrift, seier teatersjef Solrun Toft Iversen. Publikum har teke godt imot eit nynorsk teater i Bergen sentrum, og no kan vi krone innsatsen med eit nytt bygg og nytt namn. – Eg gler meg spesielt over den nye biscenen som vi no vil få plass til. Vi vil jobbe hardt for å kunne tilby publikum eit endå rikare og meir variert repertoar når vi no får fleire scener og ikkje minst armslag til å produsere på. Vi kan ikkje kvile heilt på laubæra enno. Vi treng ytterlegare løyvingar for å ta ut potensialet for aktivitet i det fine huset vårt. Eg er også glad for at publikum no endeleg får lettare tilkomst med heis heilt opp til 3. etasje, seier ein glad teatersjef.

Om namnebytte

-Med eit profilert teaterbygg og ein meir spissa strategi mot den vestnorske folkeferda, språket og identiteten ønskjer vi i vårt namneval å signalisere denne nyvinninga i Bergen si teaterverd. Samstundes får ein eit namn som signaliserer teateret sine ambisjonar i den nye fylkeskommunen Vestland og i det meir utvida omgrepet Det Vestnorske, seier teatersjef Solrun Toft Iversen i ein kommentar.

Teateret endrar formelt namn til Det Vestnorske Teateret LL frå no av, men vil marknadsføre seg som Hordaland Teater for alle framsyningar som er planlagt ut 2019. Det er sett i gang eit arbeid for å endre grafisk profil og utsjånad på ny heimeside. Dette arbeidet vil vere avslutta innan 1. oktober.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no