S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 26. februar 2019

Ho som eigentleg ikkje bur her

Foto: Kim Hiorthøy/Det Norske Teatret. Scenograf og kostymedesignar: Olav Myrtvedt. Lysdesignar: Ingeborg Staxrud Olerud


Publisert
26. februar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Dottera,

Det Norske Teatret, premiere 23. februar 2019

Regi/scenetekst: Toril Goksøyr, Camilla Martens Scenograf og kostymedesignar: Olav Myrtvedt Lysdesignar: Ingeborg Staxrud Olerud Lyddesignar: Sigrun Merete Mongstad Lysdesigner: Torkel Skjærven Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen

Skodeseplarar: Julie Moe Sandøe, Oddgeir Thune, Heidi Gjermundsen Broch, Tuva Holen, Benjamin Haug Hagen, Casper Falck-Løvås og 14 ungdommar

Meldt 23. februar 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ho-som-eigentleg-ikkje-bur-her/
Facebook

På nært vis syner Goksøyr & Martens oss livet i familien, og dei gir oss ei presis skildring av einsemd i ei stor teateroppleving.

Dottera er ei detaljrik skildring av eitt døger i ein familie med mine og dine born som dreiepunkt. Oppsettet er det same som Goksøyr & Martens nytta i 11 år der tilskodarane sat på fire meter høge stillas med øyreklokker og kikka ned i ein skulegard. No er skulegarden skifta ut med ein heim med kjøken, stove, gong, bad og fire soverom. Alt er nøye innreidd av scenograf Olav Myrtvedt. Dette er andre del i Goksøyr & Martens sin pentalogi LIVET nr. 1-5 som ser på ulike former for heimløyse og korleis dette påverkar oss gjennom livet. Hovudpersonen er dottera i familien, Ane (Tuva Holen) som ikkje lenger kjenner seg heime i barndomsheimen der faren har stifta ny familie. Fugleperspektivet gjev tilskodaren stor fridom til å flytte blikket mot det som kjennes relevant, og den store detaljrikdomen pregar ikkje berre rommet, men også spelet til skodespelarane og teksten mellom linene.

Det er natt hos familien og eg har plassert meg slik at eg kikkar rett ned i soverommet til foreldra. To gutar i 9 til 11-årsalderen ligg også og søv, den eine i senga til foreldra den andre på rommet sitt. Dei er resultatet av det nye ekteskapet. Ane tilhøyrer det gamle som gjekk skeis for mange år sidan. Faren til dei tre borna, Mikal (Oddgeir Thune) søv også. Attmed han ligg Pia, kone nummer to spelt av Julie Moe Sandøe. Snart skal Ane bli vekt på senga av familien og få 18-årsgåva si, ein tur til Italia med dei skilde foreldra sine.

Dragkamp om mannen «Eg blei litt overraska over den Italia-turen eg.» seier Pia når ho kjem på tomannshand med Mikal. Det vert tydeleg at ekskona Frøydis (Heidi Gjermundsen Broch) framleis lurer i kulissene, og no skal ho på toppen av det heile ta med mannen hennar til Italia. Frå plasseringa mi kan eg lese titlane på bokstabelen på nattbordet. Ei bok av Rachel Cusk ligg på Pia si side, ein forfattar som har nytta store deler av forfattarskapen på å skrive om familieliv i kjølvatnet av skilsmisse. Eg legg merke til identitetsmarkørane i interiøret til Olav Myrtvedt. Duken er frå Marimekko. Eit stilsikkert, men langt frå originalt val som kler resten av rommet. Dette er ein heim med tydelege preferansar, truleg kuratert av Pia. Ho har stifta familie i bustaden som Mikal og Frøydis kjøpte den gongen dei var gift, og trongen til å setje sitt eige preg på heimen er forståeleg.

Det vert klart for meg at eg er vitne til ein nokså subtil, men smertefull dragkamp mellom Ane, stedottera og Pia, stemora hennar. Ane gjer krav på far sin gjennom å nytte kvart ledige høve til å krevje merksemda hans. Kan eg låne ladaren din? Eg vil sitje på fanget ditt, kva synest du om denne kjolen? Skal vi bla i Italia-boka saman? Pia på si side, har mista alle skruplar på å bryte seg inn på telefonen hans for å tråle mailtrådane etter spor av Frøydis. Pia manglar ikkje berre tillit til Frøydis, men også til Ane og Mikal. Det må vere utmattande å vere del av dei små maktmekanismane dei tre kvinnene nyttar i dragkampen om mannen. Mikal byggjer på den omsorgsfulle og moderne, men litt feige alfahannen. Han har to sett med born og ein eks-partnar som ikkje er heilt ferdig, samt ei kone han stadig må blidgjere og dele ansvar med. Han vik ofte unna, men er samstundes diplomatisk og bruker mykje av tida si på å sløkkje brannar. I ei framsyning som hovudsakleg skal handle om dottera og hennar kjensle av heimløyse får dei vaksne og særleg mannen overraskande mykje plass, men på ei anna side er dette også naturleg for det er han som står på spel både for henne, for ekskona og for kona.

Skummelt presis Idéen om å skildre livet gjennom fugleperspektiv minner om kortfilmen Growth av regissør Mishka Kornai. Filmen skildrar alle fasane i livet frå spedborn til alderdom. Val av fugleperspektiv tilfører både nærleik og distanse. Som tilskodar i stillaset kan ein zoome inn og ut etter eige ynskje. Eg har ikkje sett 11 år, og kjenner kun fugleperspektivet frå film. Difor vert stillaset ein stor del av teateropplevinga. Overblikket matar sanseapparatet på ein måte som fungerer svært godt. Hadde eg plassert meg over kjøkenet ville eg truleg også kjent lukta av eggerøra dei lagar til frukost. Hovudtelefonane er også ei viktig brikke i sansinga. Gjennom desse får vi høyre dialog som vi ikkje alltid kan sjå, og kviskring og mumling som til vanleg ikkje ber over ein scene.

Personane på scenen hos Goksøyr & Martens, og i filmen til Kornai, snakkar aldri direkte til oss, vi vert aldri konfrontert og kan difor stå friare til å assosiere og kanskje også generalisere. Dei vert meir som figurar for oss, men ikkje på ein måte som gjer at det svekker prosjektet. Det er frigjerande å halde trygg distanse til konfliktane som faldar seg ut og ein vert sitjande å dra parallellar til liknande situasjonar ein sjølv har stått i. Dette gjer at stoffet kjennes nært. Narrativet er uspektakulært i den forstand at dei små konfliktane på overflata er nettopp små. Summen av stikka dottera og stemora gjev kvarandre peikar likevel på det grunnleggande problemet her, god gamaldags sjalusi. Sjalusi-motivet driv handlinga framover, og eg vert emosjonelt involvert utan at eg klarar å ta parti med nokon av dei. Det at det aldri er openbart kven som fortener sympati frå meg som tilskodar er ein klar styrke i framsyninga. Gøksøyr & Martens har etter mitt syn laga ei finstemt Askepott-forteljing for vår tid som handlar om to kvinner som nok burde vere rausare mot kvarandre. Det å vere sjalu på ekskona til mannen din er forståeleg, men det å vere sjalu på dottera til mannen din vil berre oppfattast som småleg og dette har langt meir brodd.

Sjeldan har eg vore vitne til ein meir avslappa spelestil. Dette kan tyde på at det er frigjerande også for skodespelarane å verte løyst frå det frontale møtet med publikum. Dei yngste medlemmane av ensemblet, Benjamin Haug Hagen, Casper Falck-Løvås og Tuva Holen som dottera er så naturlege i spelestilen at det heile er meir som ein dokumentar enn fiksjon. Metoden til Goksøyr & Martens vert ofte omtala som dokumentarisk/journalistisk då tekstmaterialet byggjer på intervju med verkelege personar.

Dottera er ein skummelt presis skildring av einsemd, ikkje berre hos dottera men også hos vaksenpersonane. Goksøyr & Martens tvingar oss til å sjå konfliktane frå fleire sider og setje oss inn i den enkelte sin situasjon. Her fins ingen svar, men heller ingen påtvinga spørsmål og det mest interessante ligg mellom linene slik det alltid gjer i eit godt familiedrama.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no