Foto: Marte Vold. Lysdesign: Martin Myrvold. Kostymedesign: Katrine Tolo. Avbildet: Cecilie Lindemann Steen

Hemmelig hest i stille sprang

I Janne-Camilla Lyster sitt koreografiske arbeid oppstår eit fysisk rom kor det poetiske trer fram gjennom ein form for stringent improvisasjon mellom ord, rørsle og samtidsmusikk. Til saman innbyr det til eit meditativt rom både for utøvarar og publikum.

Framsyninga Skjønnhet I – X hadde treffande nok premiere parallelt med at me kunne kjenne våren piple opp av jorda og lufta bere på lysare tider med all verda av naturskjønne transformasjonar rundt oss. Det var treffande i forstand av at arbeidet til Lyster rører ved sjølve framkomsten av både ordet og dansen som poetiske rom, og tilhøva mellom dei to som nettopp berarar av poetisk kraft til gjensidig inspirasjon.

Gjennom ti poetiske tekstar som førelegg, har framsyninga fått ei inndeling i ti sekvensar kor fortolkingar av tekstane blir framført som dans, blant anna ved Cecilie Lindemann Steen og Catharina Vehre Gresslien, og av pianist og samtidskomponist Ellen Ugelvik. Gjennom å blottlegge dei langstrakte vindaugsflatene som pregar sideveggene på det som ein gong var eit industribygg langs Akerselva er Hovedscenen på Dansens Hus i Lysters koreografiske regi gjort om til ein ”light box” meir enn black box. Rommet er slik på mange plan åpent. Åpent for lyset, og bilete av livet som surrer like ved oss der ute, og åpent i forstand av eit nakent scenerom, kor berre svarte dansematter i eit stort kvadrat og Ugelvik sitt klaver pryder scenerommet før dansarane trer inn med sine respektive interpretasjonar. Frå første sekvens, Transperens A, kor Cecilie Lindemann Steen etablerer rommet gjennom eit stille men kraftfullt formspråk, er det som rommet fylles av ein slags koreografisk vårvind, noko som kjennes universelt meir enn nytt, og som rører ved nervesystemet bak dansen: Kva motiverer ei rørsle? Korleis utviklar dansaren sitt sceniske språk i relasjon til koreografisk instruks, i dette tilfelle poetisk tekst?

Koreografisk refleksjon
Lyster virker både som dansar, forfattar og koreograf og gir oss med Skjønnhet I – X ei heilstøpt framsyning som og demonstrerer hennar kunstnariske forskingsarbeid på vellukka vis. Lyster sine sceniske verk gjennom dei siste åra har vore knytta til hennar forskingsprosjekt som stipendiat ved KHIO, med prosjektet Coreographic Poetry: Creating literary scores for dance. Lyster utviser eit særeige koreografisk talent ved å etablere koplingar mellom sine eigne erfaringar på tvers av media og kunstdisiplinar og plasserer og sitt eige arbeid som inspirert av New York-skulen som i løpet av 1950- og -60-talet etablerte Open Form som ein genreoverskridande genre for både musikalsk og scenisk komposisjon. Den er kanskje best kjent for John Cage sitt banebrytande arbeid, men også for ruvande sterke figurar i dansefeltet som Deborah Hey og Trisha Brown. Sistnemnde sitt arbeid var nyleg å sjå på Dansens hus i A tribute to Trisha Brown, medan Lyster sjølv utmerka seg med sin versjon av nettopp Deborah Hey sitt verk Dynamic, som nok Lyster og hentar inspirasjon frå meir generelt i utviklinga av sitt eige forskingsprosjekt.

Det er særs interessant å sjå Lyster sitt arbeid i lys av denne ”tradisjonen”, eit ungt uttrykk i norsk kontekst, og arbeidet står som sterk refleksjon over eit dansehistorisk brot med klassisk disiplin i møte med det performative og samtidsorienterte. Samstundes emner det å skape eit eige genuint bidrag til samtidsdansen. Lyster kombinerer kunstnarisk sensitivitet med ein intellektuelt sterk inngang til sine eigne utøvarrom, og forsøket på å kople dei saman. Gjennom det koreografiske partituret ønsker Lyster å gi samtidsdansen eit slags bibliotek av inspirasjon til verk, slik scenekunsten elles både kviler og utvikler seg gjennom tekstarkivet knytta til teater og litteratur. Det ligg slik både eit nyskapande og samstundes konservativt element i Lysters tenking og produksjon, kor styrken i verka hennar, både som tekstar og sceneverk, kjem ut i ein form for nyklassissisme, og poetisk universialisme.

Sirkel tid transparens
Det er og interessant å observere korleis Lyster emner å omgjere forsking til gode sceniske verk undervegs, og med Skjønnhet I – X kan ein finne spor frå tidlegare verk i forskingsprosessen hennar. Dei ti sekvensane som er knytta saman av tittelen, skjønnhet, rører seg alle i eit rom kor den reine rørsla, tid, rom og lys blir framheva som sceniske komponentar, i samspel med Ugelvik sitt preparerte klaver. Dei ti sekvensane emner å opne overraskande element, især med Vehre Gresslien sin interpretasjon av Hemmelig Hest, som og syner oss ein ung dansar med sterk eigenart i sitt improvisatoriske språk. Samstundes oppstår det ein slags usynleg akse mellom Gresslien og den veletablerte Lindemann Steen kor og ulike temperament knytt til tid som alder står fram i scenerommet, utan at det blir påtrengande. Steen sine lange, stille sekvensar er som ei øving i zen, kor rommet blir satt for dei unge dansarane som trer inn i rommet i dei øvrige sekvensane, og Gressliens nærast rebelske hest.

Dansens Hus har gjort eit godt val med å presentere Lyster sitt arbeid medan ekkoet av Trisha Brown kan kjennast i rommet, og Rosas snart skal innta det. For dette handlar ikkje om teoretisering over tilhøvet mellom ord og rørsle, men tvert i mot om eit gjennomarbeida kunstnarisk uttrykk kor ord og kropp trer fram som hemmelege hestar, i stille gallopp om kvarandre, og kor me som publikum kan kjenne oss att i nettopp dette hemmelege. I ein eksistens kor ord og kropp ikkje eigentleg kan skiljast, men kor relasjonane mellom dei blir synleggjort. Ord er kropp og kroppen skaper språk. Språk me igjen kan gjere til ord som dansar. Slik Lyster gjer.

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER