S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 11. september 2012

HEILE VERDA ER EI SCENE


Publisert
11. september 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Jeppe på Bjerget Av Ludvig Holberg Bearbeidd av: Øyvind Osmo Eriksen, Ingrid Weme Nielsen og Matilde Holdhus Regi og koreografi: Øyvind Osmo Eriksen og Ida Wigdel Musikk: Øyvind Osmo Eriksen Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva Med: Jan Sælid, Silje Lundblad, Espen Klouman Høiner, Hans Petter Nilsen m. fl. Trøndelag Teater, Hovudscena


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/heile-verda-er-ei-scene/
Facebook

MELDING: Det hjelper ikkje med godt spel når komedien korkje har brodd eller er morosam, meiner Amund Grimstad om Jeppe på bjerget i Trondheim.

Ein god komedie bør ha brodd og vere full av humor. Trøndelag Teaters oppsetting av «Jeppe på Bjerget» har ingen av delane. Då hjelper det lite med god koreografi, fin musikk og særs bra spel av Jan Sælid i hovudrolla. I tillegg til Jeppe, er det publikum som denne gongen vaknar i baronens seng utan å forstå kva som går føre seg, og vi kjenner oss nok meir i slekt med Obstfelder enn Holberg der vi undrar oss på kva for klode vi har hamna på.

Jeppe på Bjerget var ein av Trøndelag Teaters første produksjonar då det blei skipa for 75 år sia. I jubileumssesongen har teatret ønska å modernisere den 290 år gamle, nærast ikoniske komedien om den drikkfeldige og litt ynkelege Jeppe som lar seg tyrannisere av kona, Nille. I originalen til Holberg blir Jeppe spela eit puss ved at han i fylla blir lagt i baronens seng. Når han vaknar, blir han etter kvart overtydd om at han er baron. Deretter syner Holberg oss korleis makta korrumperer og stig til hovudet på stakkars Jeppe før det blir maskefall og attende til kvardagen. Alt dette er for så vidt med også denne gongen, men nå blir Jeppe lurt inn i ein såpeaktig realityserie som har skrantande sjåartal, og som treng litt action.

I ein merkeleg og dels uforståeleg miks av ulike settingar frå ein mellomkrigspub til Paradise Hotel og vidare til ein parodi på eit tribunal, følgjer vi Jeppe medan scenografiske einskildelement blir trilla fram og attende på ei elles fullstendig ope og nake scene. Ideen med å plassere Jeppe i eit realityshow er kanskje god, og sikkert meint som eit kritisk skråblikk på samtida, men resultatet er eit tilnærma kaos utan særleg mål og meining. Ideen er vel heller ikkje heilt ny. Shakespeare var sjølv inne på temaet då han i «As you like it» sa at heile verda er ei scene. Og filmen «The Truman Show» frå 1998 dyrkar ideen til fulle og gjer heile tilveret til ei konstruert verd. Denne produksjonen av Jeppe er i slekt med båe, men fell mellom alt for mange stolar avdi han ikkje greier å samle trådane og bestemme seg for kva han vil. I staden blir det ei lite morosam vareopptelling av likt og ulikt der vi vekslar mellom syttenhundretalets mektige adel, mellomkrigstidas brune kneiper og ei nåtid der alt er fiksjon og ingenting er ekte.

Dagny Drage Kleiva har dei siste åra levert mye framifrå scenografi på Trøndelag Teater, men denne gongen fungerer det ikkje. Når den enorme hovudscena er heilt ope, det er forstyrrande aktivitet av skodespelarar og scenearbeidarar som ventar på entré, og det berre er eitt og anna element som blir trilla fram og attende på scena, er det vanskeleg å vite kva ein skal konsentrere seg om.

Hadde det ikkje vore for tre viktige og forsonande trekk, ville dette diverre ha vore totalt havari. Regien til Øyvind Osmo Eriksen og Ida Wigdel er sprikande og dels uforståeleg, men koreografien deira desto betre. Ein del stiliserte danseopptrinn gir framsyninga ein estetisk dimensjon, og det same kan ein også seie om den nykomponerte musikken til Øyvind Osmo Eriksen. Og så er den sosialt fullstendig dysfunksjonelle Jeppe ganske vakkert og vart framstilt av Jan Sælid i ei nydeleg blanding av diskret mimikk og akkurat passe overspela faktar på grensa til det akrobatiske, og med ikkje så reint lite eleganse.

(Meldinga er henta frå forfattarens blogg og sto i Klassekampen måndag den 10. september 2012)


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no