S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Solrun Toft Iversen – 11. juni 2019

Heddaprisen og Ibsenprisen

Solrun Toft Iversen. Foto: Poul Iversen/Pressefoto


Publisert
11. juni 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/heddaprisen-og-ibsenprisen/
Facebook

Leder av Heddakomiteen og teatersjef ved Hordaland Teater, Solrun Toft Iversen, svarer her på innlegget fra Thomas Bye om at Heddaprisens scenetekstnominasjoner ser ut til å vanne ut Ibsenprisen.

Gode Thomas Bye.

Takk for dine betraktningar rundt nominasjonane for beste scenetekst. Det er gledeleg at nominasjonane vekker engasjement, det seier noko om at vi har ein relevans for bransjen.

Du reiser spørsmålet om årets nominasjonar i kraft av sin tyngde på originaltekst vert ein reiskap for å svekke Ibsenprisen sin standing. Eg tolkar deg slik at du er uroleg for inflasjon i prisane sin verdi på grunn av overlappingar i nominasjonar og vinnarar. Du uttrykker også uro for om Ibsenprisen sin eksistens kunne verte truga av den yngre og breiare Heddaprisen for beste scenetekst. Det siste ville eg synes var veldig uheldig. Vi er mange i norsk teater som gjerne slår ring rundt Ibsenprisen. Den er høgt ansett og godt forankra i bransjen.

I fjor var ingen originaltekstar nominerte til Heddapris. I år er dei alle tre nettopp det. Nett no kan den likne ein rein dramatikarpris. Men det er framleis forskjellar mellom dei to prisane. Ibsenprisen sitt juryarbeidet er i mykje større grad spissa mot originalteksten sin eigenverdi og der ligg andre kriterium til grunn for kva tekstar som skal vurderast. Heddaprisen sitt scenetekstomgrep er tettare knytt til iscenesettinga og famnar både omsetjing og omarbeiding. Dette gjer at vi til saman utgjer eit godt og representativt spenn. Dei to juryane sitt arbeid famnar til dels overlappande og til dels ulike grupper av kandidatar. Til sist men ikkje minst er Ibsenprisen også eit stipend. Det er ikkje Heddaprisen sin agenda å fordrive ei gjev utmerking i norsk teater. Vi treng Ibsenprisen.

Då vil du kanskje spørje; «Om det stemmer, kan Heddaprisen då ikkje vere gode å ekskludere originaltekst frå sine nominasjonar?» Til det vil eg seie nei. Eg er ikkje einig i ditt premiss om at desse to prisane ikkje kan eksistere side om side eller at landet er for lite til to årlege utmerkingar. Eg meiner heller ikkje at det er problematisk om vi nokre år har overlappande nominasjonar. Om noko, treng vi å løfte viktigheita av sterke skrivande krefter si avgjerande rolle i eit vitalt scenekunstfelt. Dramatikarane har sin naturlege plass i Heddafamilien saman med alle dei andre skapande krefter bak og i ei framsyning. Å ekskludere originaltekst frå kategorien ville vere heilt galt overfor ei så avgjerande gruppe kunstnarar i norsk teater og i scenekunsten i det heile.

Jan H. Landro har i tråden presisert kva kriterium juryen sitt arbeid navigerer etter. Mellom dei finns ikkje kvotering, politiske omsyn, geografisk / institusjonell spreiing eller andre balanseøvingar. Det er kunstnarleg kvalitet og eigenart som er i sentrum for deira vurderingar. Her har dei sterk integritet. Og slik skal det vere.

For scenetekstkategorien har juryen sitt arbeid hatt særs ulike utslag. Pendelen har svinga frå ytterpunkt til ytterpunkt. Mellom vinnarar er det både dramatikarar, skrivande instruktørar, par- og lagkonstellasjonar og omsetjarar. Personleg synes eg det er gledeleg at vi i år feirar et teaterår med så markante og tydelege urpremierar, eg gler meg saman med og over dei nominerte. At dei alle er nominerte for originaltekst burde ikkje svekke Ibsenprisen sin prestisje.

Solrun Toft Iversen Dramaturg, Teatersjef og leiar for Heddakomiteen.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no