S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 13. februar 2019

Heddadugnaden

Fran Kjosås som Eldste Price i The Book of Mormon på Det Norske Teatret. Foto: Fredrik Arff


Publisert
13. februar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/heddadugnaden/
Facebook

Teatersjef på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, svarar her på kritikken av Heddadagane som teatermeldar Amund Grimstad uttrykte i ein kommentar i går.

Amund Grimstad uttrykker i innlegget Kor går Heddadagane redsle for at Heddadagane vil tape verdi og interesse dersom ikkje dei store vertsteatera i Oslo opnar for gjestande produksjonar på hovudscenane sine. Ønsket er sjølvsagt at Heddadagane skal ha musklar store nok til å syne dei beste og kunstnarleg mest interessante produksjonane frå heile landet under mønstringa i Oslo i juni. Det er ikkje vanskeleg å vere einig med Amund Grimstad i dette. Eg trur alle i bransjen hadde jubla dersom dette hadde vore mogleg. Men det er det altså ikkje alltid. Nokre gongar let det seg gjere, andre gongar ikkje. Både for dei som reiser, og for dei som tek imot.

Grimstad skriv at han har «problem med å forstå at prioriteringa til Det Norske Teatret er i samsvar med det ein treng for å gjere Heddadagane til det nasjonale scenekunstvindauget det var etla til å bli. På Facebooktråden eg starta, har teatersjefen gitt omfattande og utfyllande svar der han freistar å forklare kvifor det ikkje lét seg gjere å rydde plass for fleire gjestespel i år. Argumenta hans er i hovudsak økonomiske og til ein viss grad praktiske.»

Eg er lettare oppgitt over at spørsmål om økonomi blir oppfatta som heilt lausrive frå alt anna vi driv med. Det er sjølvsagt ikkje pengar som er det interessante her i seg sjølv, men kva desse alternativt nyttast til som er det avgjerande. Økonomi er skodespelarar i arbeid. Økonomi er breidde og godt tilbod til publikum. Økonomi er satsing på Rommen Scene i Groruddalen. Det er altså av andre gode kunstnarlege omsyn vi gjer som vi gjer i år. Kostnaden ved å la vere å spele The Book of Mormon vil ramme kunsten. Den vil ramme andre kunstnarlege satsingar. Det er heilt avgjerande å understreke. For Det Norske Teatret er det nokså opplagt at satsinga vår på Rommen i år er viktigare enn å opne Hovudscenen for framsyning frå andre teater. Vi har derimot opna dei andre scenane våre, og ser fram mot det. Grunnen til at det sør-samiske teateret spelar i foajeen skuldast ikkje mangel på plass hos oss. Det skuldast at framsyninga er laga slik.

Grimstad er særleg skuffa over at nettopp The Book of Mormon spelar på Hovudscenen vår under Heddadagane. Eg vil påstå at framsyninga ikkje er Heddadagene uvedkommande. Den vann tre prisar i fjor, inkludert pris for årets framsyning. Det har vore eit uttrykt ønske at Heddavinnaren frå året før skulle bli vist under festivalen. Det er vi glade for å kunne gjere. Det er også ei historisk framsyning i norsk teatersamanheng med ei interesse som saknar sidestykke, og det er på alle måtar fint å la flest mogleg av dei som vil oppleve framsyninga få høve til det. 29. juni er det over, da går kontrakten ut og dei som vil sjå framsyninga må altså skunde seg. Å ta av tre eller fire smekkfulle kveldar med The Book of Mormon, for å erstatte med ein til to prøvedagar, og to framsyningar av eit gjestespel frå eit anna teater, ville koste DNT rundt 1,5 millionar kroner i tapte inntekter. Inntekter som er planlagt inn i nye og djerve kunstnarlege satsingar. I januar opna vi ein ny scene på Rommen i Groruddalen. Dette er eit viktig prosjekt for oss, og vi har tøygd strikken langt for å kunne realisere dette. Det er ressurskrevjande, og vi er avhengige av inntektene våre for å bygge dette viktige tilbodet. Det må derfor vere slik at vi frå år til år er nøydde til å vurdere kva for plass Heddadagane skal få i teateret sitt budsjett. Er det eit år der etterspurnad, situasjonen rundt rettane til stykke og andre forhold gjer at vi kan fristille enda meir middel og tid, så gjer vi sjølvsagt det. Men 2019 er altså ikkje eit slikt år for Det Norske Teatret. På same måte som dei gjestande teatera må vurdere om dei har råd til å reise, er vertsteatera i Oslo nøydde til å vurdere om dei har plass og høve til å huse gjestespel, og på kva scene. I Det Norske Teatret sitt tilfelle er Hovudscenen vår dessutan ofte for stor til å huse produksjonar frå gjestar. Den er ikkje alltid kompatibel med produksjonar frå andre teater. Det er også ein faktor her.

Det kan vidare sjå ut som Grimstad ikkje heilt ser skilnaden mellom å bruke store pengar på å reise til ein festival på å vise sitt eige arbeid, og på å bruke store pengar på å ta vekk sitt eige arbeid. Det er to heilt ulike kostnader, og det første er det sjølvsagt langt lettare å finne gode argument for enn det andre. Det Norske Teatret nyttar jo også store pengar på å reise ut og vise eige arbeid. Seinast i fjor brukte vi fleire millionar på å reise ut med storsatsinga Edda, og vi var ute med Sorga Kler Elektra og ei rad andre framsyningar. Det ser vi stor verdi i, det er ein del av oppdraget vårt. Men her kan det altså sjå ut som Grimstad meiner det er naturleg at Det Norske Teatret legg 1,5 millionar på bordet for å la vere å spele eigne etterspurde produksjonar. Det er ei heilt anna sak, og kan ikkje samanliknast.

Det Norske Teatret etablerer også i september 2019 for første gong ein ambisiøs internasjonal Fosse-festival der vi tek imot gjestespel frå inn- og utland på alle våre scenar. Det krev også store ressursar. Vi har og fleire andre gjestespel gjennom året, i særleg grad frå dei andre minoritetsspråklege teatera. Det Norske Teatret er eit ope og raust hus, men må jo som alle andre vurdere gode tiltak opp mot kvarandre. I år var det av fleire gode grunnar dessverre ikkje rom for gjestespel på Hovudscenen under Heddadagane. Neste år kan det vere annleis.

Grimstad må gjerne melde at han er skuffa over eit program som ikkje heilt innfridde forventingane hans, men som tilskot til norsk scenekunst er Heddadagane i mine auge utan tvil positivt. Argumenta frå Det Norske Teatret er ikkje berre økonomiske og praktiske, dei er like mykje kunstvennlege og utviklande. Vår prioritering i år inneber altså at vi kan opne ein heilt ny scene i ein bydel som lenge har vore stigmatisert og nedprioritert. Det er vi stolte av, og det meiner vi er rett prioritering av dei midla vi får og i tråd med både det kunstnarlege og språkpolitiske oppdraget vårt. Vi har lagt premieren på den viktige forteljinga Tante Ulrikkes vei til Heddadagane, og vonar og trur at både Grimstad og fleire tek t-banen opp til Rommen for å sjå.

Det Norske Teatret ser dessutan fram til å ta imot DNS, Hordaland Teater/Sogn og Fjordane Teater og Det Sør-samiske teateret i juni, og håpar stemninga frå 2018 blir med inn i dei kommande junidagane.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no