S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Solrun Toft Iversen – 13. februar 2019

Heddadagane er eit intrikat puslespel

Bilde fra Engelen frå Kobane fra Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater som gjester Heddadagene i juni. Foto: Thor Brødreskift


Publisert
13. februar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/heddadagane-er-eit-intrikat-puslespel/
Facebook

Teatersjef på Hordaland Teater og leiar av Heddakomiteen, Solrun Toft Iversen, skriver her eit svar til teatermeldar Amund Grimstad spørsmål om programmet på årets festival.

Heddadagane går i 2019 inn i sitt tredje år. Vi er ein ung festival, og er framleis i støypeskeia. Difor er vi glade for debatt om festivalen si form og sitt innhald. Det kan i den samanhengen vere behov for litt bakgrunnsinformasjon og nokre avklaringar, slik at debatten vert ført på rette grunnlaget.

Ideen om å lage Heddadagane blei lansert hausten 2015, og allereie våren 2017 vart den første arrangert. Det er kort tid for å stable ein stor teaterfestival på beina, og det lot seg kun gjere fordi eit samla kollegium av teatersjefar og direktørar i Norsk teaterlederforum sa «dette vil vi» og la all mogleg godvilje til for å få til et gigantisk spleiselag. Og ikkje minst fordi dei tilsette ved alle teatera stilte – og stiller – arbeidstid og kompetanse til rådvelde for å få det til.

Heddadagane og Heddaprisen er eigd av (og organisert som eit prosjekt under) Norsk teater- og orkesterforening, interesseorganisasjonen for dei offentleg finansierte scenekunstinstitusjonane. Heddakomiteen er tildelt det overordna faglege ansvaret for festivalen.

Eit viktig premiss for at Heddadagane er mogleg å gjennomføre er at alle teatera som deltar dekker sine eigne kostnadar. Det vil sei at gjestande teater dekker alle kostnader knytt til å sende sine gjestespel til festivalen, og vertsteatera i Oslo dekker alle kostnader knytt til å ta imot gjestespelet. I tillegg til dette bidreg alle teatera med ein kontingent som skal dekke fellesutgifter.

I arbeidet med å lage ein modell for Heddadagane vart det lagt til grunn at dei tilreisande teatera sine direkte kostnader ved å sende gjestespel vil være større enn vertsteatera sine kostnader ved å ta imot dei. Difor er kontingenten til festivalen differensiert slik at vertsteatera betalar ein betydelig høgare kontingent enn gjesteteatera. Av same årsak vert billettinntektene fordelt med ein større andel til gjesteteateret enn til vertsteateret.

Teatera sin økonomiske situasjon er svært ulike og det er stort spenn i offentlege tilskot, mengd tilsette og disponible lokale, for å nemne nokre sentrale faktorar. Like fullt har dette heilt frå starten vore et fellesskapsprosjekt. Målet har vore å gje publikum høve til å sjå fleire av dei mange gode framsyningane som vert produsert rundt om i landet, men også å etablere eit naturleg møtepunkt kor dei ulike delane av bransjen kan samlast til fagtreff, debattar og seminar, i tillegg til å sjå framsyningar ein gjerne elles ikkje ville ha fått sett.

For at spleiselaget og dugnadsløftet Heddadagene skal være mogeleg må teatersjefane ville det, og prioritere det. Ville og prioritere å sette av pengar i budsjettet, ville og prioritere scenekapasitet og bemanning i planlegginga av sesongen, og ville og prioritere å sende produksjonar til Heddadagene fordi dei meiner det er ein viktig arena for å samle teater-Norge. Og ikkje minst vise breidda av scenekunst som vert produsert over heile landet.

Det vart lagt som premiss for Heddadagane at det ikkje skulle være en kuratert festival. I år er det 32 scenekunstinstitusjonar delaktige festivalen, frå Kilden i sør til Beaivváš i nord. Det betyr også at det er 32 kunstnarlege leiarar som er med og utformar programmet for festivalen.

All den tid det enkelte teateret dekker sine eigne kostnader må teatersjefane ved dei potensielle gjesteteatra stå fritt til å prioritere om dei ynskjer å sende ei framsyning til Heddadagane, og eventuelt kva framsyning. På same måte må teatersjefane ved vertsteatera i Oslo stå fritt til å prioritere om dei kan, og vil ta imot gjestespel, Dei må også vurdere kva scenar dei eventuelt skal stille til disposisjon. Desse prioriteringane vil basere seg på det enkelte teateret sin situasjon og vil naturleg nok variere frå år til år, basert på øvrig aktivitet og økonomien ved teateret.

Når teatersjefane har gjort sine prioriteringar må Heddadagane sin vesle administrasjon prøve finne den best mogelege fordelinga av gjestespel på tilgjengelege scenar i samarbeid med teatersjefane, produsentane og dei tekniske avdelingane ved vertsteatera. Det er eit intrikat puslespel. Framsyninga sin kunstnarlege profil, målgruppe og forventa publikumspotensiale vert sjølvsagt med i vurderinga av kvar framsyninga passar inn. Men først og fremst er det mange logistikkfaktorar som spelar inn. Saman med vertsteatera forsøker vi å sjå til at alle gjestespela og vertsteatera sine eigne framsyningar får best mogelege føresetnader, både for å gjennomføre framsyninga og nå publikum under festivalen.

I sitt innlegg refererer Amund Grimstadt til ei fordeling av framsyningar som ikkje stemmer. Til Heddadagane 2019 er det så langt offentleggjort 17 gjestespel. Frå vertsteatera sitt eige repertoar presenterer vi foreløpig 16 framsyningar, der 4 har premiere under festivalen. I tillegg til desse vil det komme fleire gjestespel presentert av Norsk Scenekunstbruk og Kloden. Ei rekke av teatera bidreg også til visningane under Norsk Dramatikkfestival, som vert arrangert parallelt med Heddadagene. Heile repertoaret er altså ikkje lansert, korkje av gjestespel eller vertsteatera sine framsyningar, slik det også vart presisert under programsleppet den 7. februar.

Dei korrekte tala for teatera Grimstad særskilt trekker fram i sitt innlegg er per i dag tre eigne framsyningar og to gjestespel ved Nationaltheatret. Det Norske Teatret viser fem eigne framsyningar og tre gjestespel, og Oslo Nye Teater viser to eigne framsyningar og tre gjestespel.

Vi opplever at dei 11 vertsteatera i Oslo er svært stolte av å kunne presentere gjestespela frå kollegar rundt om i landet. I år var det faktisk fleire teater, inkludert Det Norske Teatret og Nationaltheatret, som ønskte å ta imot fleire gjestespel enn det vi kunne tilby.

Det er eit mål for Heddadagane at festivalen skal spegle heile breidda av det som vert produsert av profesjonell scenekunst over heile landet. Men det er ikkje slik at alle framsyningar er laga for turné, og sjølv med godvilje vil det ikkje alltid la seg gjere å flytte ei framsyning frå éi scene til ei anna – då særleg innanfor tidsramma av ein festival. Etter grundige vurderingar frå dei tekniske avdelingane ved både Trøndelag Teater og vertsteatera i Oslo konkluderte Trøndelag Teater med at “Lang dags ferd mot natt” ikkje let seg tilpasse til nokon av dei scenene som er tilgjengelege under festivalen i år. Av denne grunn inngår ikkje produksjonen i programmet. Eit slikt utfall baserer seg på realitetar vi også må halde oss til i framtida. Nokre framsyningar vil være så avhengige av spesifikt tekniske eller fysiske parameter i rommet at det vert umogeleg å flytte dei til ei tilgjengeleg scene i Oslo under Heddadagene.

Under Heddadagane 2018 spelte vi meir enn 110 framsyningar av fleire enn 50 produksjonar, på 19 scener fordelt på 9 vertsteater i løpet av 10 dagar. I 2019 er det kome til endå tre scener; Dansens Hus, Vega Scene og Det Norske Teatret sin Rommen Scene på Stovner. Kor mange framsyningar og scener som vil være i bruk når heile repertoaret er klart veit vi ikkje enno. På grunn av pinsa er festivalen i 2019 to dagar kortare enn i fjor.

Som nemt i innleiinga er Heddadagane ein ung festival som framleis er i støypeskeia. Mellom teaterleiarane i Norsk teaterlederforum og i Heddakomiteen diskuterer vi stadig både programmering, hovudscener, prioriteringar, store og små gjestespel, finansiering og økonomisk modell. Dette vil vi halde fram med å diskutere i lang tid framover.

Vi er glade for engasjement og diskusjon rundt Heddadagene. Heddadagene skal være heile Norge sin teaterfestival. Vi ynskjer å samle eit breitt publikum, både tilreisande og heimebuande. For oss som jobbar med teater – enten vi lagar eller skriver om det – skal det også være vår festival.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no