S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Sigbjørn Apeland – 28. mai 2013

Grandios teknikk

neither av phase 7. Festspillene i Bergen 2013


Publisert
28. mai 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Festspillene i Bergen Neither – a high tech anti-opera

Musikk: Morton Feldman, 1977 Libretto: Samuel Beckett Skatehallen, Bergen, 25. mai 2013 Produsert av: phase7, Berlin

Eir Inderhaug: sopran Sven Sören Beyer: regi og konsept Christiane Neudecker: konsept Christian Steinhäuser: musikalsk leiar Bjorn Hermann: lysdesign Frieder Weiss: visuell design og programmering Pedro Richter: kostyme

www.phase7.de


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/grandios-teknikk/
Facebook

MELDING: Musikken til Morton Feldman kom til sin rett i 80 høgtalarar. Men Festspillene kunne ha våga spranget frå teknoopera til ein stor fest, skriv Sigbjørn Apeland og minnest raveparties ved Skatehallen i Bergen.

Morton Feldman (1926-1987) likte ikkje opera. Han er mest kjend for sine stillferdige og gjerne ekstremt lange verk for små ensemble. Likevel utfordra han i 1976 Samuel Beckett (1906-1989), som ikkje kunne fordra at tekstane hans vart tonesette, til å skriva ein libretto. Og libretto vart det, men ikkje nett noko grandiost drama. Teksten vart skriven på baksida av eit kort som Feldman fekk i posten. 87 ord – meir som eit dikt å sjå til. Og når det fekk plass på eit postkort, får det og plass her:

neither to and fro in shadow from inner to outer shadow from impenetrable self to impenetrable unself by way of neither as between two lit refuges whose doors once neared gently lose, once away turned from gently part again beckoned back and forth and turned away heedless of the way, intent on the one gleam or the other unheard footfalls only sound till at last halt for good, absent for good from self and other then no sound then gently light unfading on that unheeded neither unspeakable home

Samuel Beckett 1976, publisert i Journal of Beckett Studies No. 4, 1979

Utan handling og roller Resultatet vart eit verk for sopran og orkester – ein opera utan handling eller roller. Songstemma ligg dessutan i så høgt leie at det ikkje er mogleg å høyra teksten. Diksjonen forsvinn og teksten vert omdanna til den uartikulerte lyden av eit einsamt menneske omgjeve av ein rik og dynamisk orkesterklang, men utan gester og framdrift som ein kjenner frå konvensjonell opera.

Preprogrammert Det musikalsk mest spektakulære ved denne oppsetjinga (som før har vore vist i Tyskland og Hong Kong) var at orkesterstemmene var digitalt programmerte (ikkje sampla) og vart spelte av gjennom 80 høgtalarar som var plasserte i ein firkant langs veggane i den store skatehallen. Ved hjelp av dette systemet – IOSONO – fekk publikum ei kjensle av å sitja midt inne i orkesterklangen, og Feldmans ekstreme dynamikk – som vanskeleg let seg realisera på akustiske instrument – kom såleis til sin fulle rett.

Video frå ein tidlegare visning av Neither

Publikum sat i ein stor sirkel rundt ein liten scene på ca. 3 x 3 meter der solisten Eir Inderhaug var plassert. Over henne hang det ein kube – omlag like stor som scenen der sidene var skjermar som viste skiftande lysmønster, mest abstrakte, men som ofte kunne illudera ein enorm skyskrapar lysande i natta. Lysarrangementet var på same avanserte nivå som lydsystemet, og var dominert av lange lysstråler som sakte vandra på kryss og tvers gjennom heile rommet, og solisten sin enkle, kvite drakt vart bakgrunn for stadig skiftande fargar og mønster.

Grandios teknikk Produksjonen tar konsekvensen av Feldman og Beckett sin drastiske reduksjon av operasjangeren ved å utelata orkester og dirigent. Solisten sitt fysiske spelerom er avgrensa til nesten ingenting.

Operatradisjonens hang til grandiose løysingar er likevel ikkje fjerna. Han er berre flytta over i det tekniske. Samstudes som oppsetjinga tek Feldman og Beckett sine intensjonar på alvor, står dei komplekse tekniske løysingane i kontrast til grunnstemninga i stykket.

Sjølv om Inderhaug framførte den ekstremt krevjande stemma med stor tryggleik og autoritet, og ein lett kunne la seg fascinera av dei digitale musikalske og scenografiske løysingane, sit ein likevel att med spørsmålet om dette var ei optimal samanstilling av form og innhald. Rundt 50 år etter at Marshall McLuhans nærast profetisk annonserte at “the medium is the message", er dette kanskje ei gamaldags innvending. Men så lenge oppsetjinga viser streng truskap mot libretto, partitur og opphavsmennene sin uttalte operaskepsis, blir ein ikkje kvitt spørsmålet.

Pretensiøst namn Etter 50 minutar var førestillinga over. Etter ein kort pause slapp publikum atter inn i lokalet der den tekniske og scenografiske apparaturen var oppstilt som før. No var klappstolane fjerna, og publikum kunne stå eller forflytta seg fritt rundt i rommet under det 15 minutt lange Delusions II av Christian Steinhaüser. Steinhaüser kalla stykket ein “walk-in sanseforstyrrelse” – kva nå det måtte vera. Uansett var det eit noko pretensiøst namn på det ein amatør uti digitalkulturen kunne oppfatta som ein temmeleg ordinær multimediainstallasjon, på tross av svært avansert teknologi.

Noko som kunne bli Stykket starta med opptak av lydane frå eit småpratande og spaserande publikum, ikkje ulikt lyden frå til dømes ein flyplassterminal med dårleg dempa akustikk. Etter kvart vart desse lydane transformerte slik at dei gradvis likna lydar frå den klangverda ein med eit svært unyansert samleomgrep kan kalla elektronika. Ikkje elektronika av det umiddelbart dansbare slaget, men likevel tok nokre dristige publikumarar med eit sjenert flir om munnen eit par forsiktige dansetrinn.

Det var ikkje rart. For stemninga elles kunne minna om byrjinga av noko som kunne bli ein langvarig orgie i lyd, lys og kroppsrørsler.

Tilfeldigvis var det i eit av nobohusa til Skatehallen eg tidleg på 90-talet deltok på mitt første houseparty (eller muligens var rave namnet den gongen). Det var nettopp noko av denne stemninga som phase7 freista med, men ikkje gav oss til fulle.

Høve til fest Det er eit kjempeløft for Festspillene i Bergen å henta phase7 til byen for to korte førestillingar. Men at ein ikkje nytta høvet til å gjera Skatehallen til ein stad der ein kunne kombinert utprøvande kunst med stor fest, er skuffande. Rommet var fylt med ei teknisk utrusting ein sjeldan opplever i Bergen, og dette kunne ha vorte festspel i bokstaveleg tyding.

Plasseringa i byrommet gjer dessutan hallen til ein overgang mellom dei tradisjonelle festspelestadene i sentrum og USF på Verftet, der Nattjazz finn stad.

Dette vart meir ein demonstrasjon av eit kjempeimponerande lyd- og lysanlegg. Til neste år hadde det vore stas om FiB (gjerne i samarbeid med Nattjazz) kunne ha gjeve oss ein stad der me kunne utsetjast for meir langvarige sanseopplevingar der kunst og kropp smelta saman.

Sigbjørn Apeland (1966) er musiker (orgel, harmonium) og arbeidar i grenseland mellom folkemusikk, kirkemusikk og improvisert musikk. Han er førsteamanuensis ved Griegakademiet i Bergen. Han er fast platemeldar i Dag og Tid og bladet Folkemusikk.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no