S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 6. januar 2010

Godt år for Sogn og Fjordane teater


Publisert
6. januar 2010
Sist endret
25. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/godt-ar-for-sogn-og-fjordane-teater/
Facebook

Sogn og Fjordane Teater (SoFt) nådde eit publikumstal på 17 477 i 2009. Dette er 500 personar færre enn året før, men likevel over målsettinga på 15 000.

Totalt spelte SoFt 180 framsyningar, derav 120 framsyningar for born og unge i skulen. Blant hovudproduksjonane i 2009 vart ”Simons historie” av Stig Amdam og ”Kulde” av Lars Norèn, begge samarbeidsproduksjonar med Den Nationale Scene og Hordaland Teater, spelt for 10. klasse i grunnskulen og elevar i den vidaregåande skulen. Desse to produksjonane gav eit publikumstal på 3 800. Lindetreets løyndom vart spelt for elevar i den vidaregåane skulen, i tillegg til nokre få opne framsyningar og nådde eit publikumstal på 2 100.

Blant dei opne framsyningane vart ”Hyttekoz” av Hans Sande besøkt av 1 000 og råneteatret ”Burn baby, burn!” nådde eit publikumstal på om lag 900, som er halvparten av kva som var forventa. Dette stykket vart dermed ikkje den store publikumsmagneten som teatret hadde håpa på. ”Kinnaspelet” feira 25 – års jubileum og trekte 2 600 personar. Best besøkt i forhold til belegg var ”Ishuset” av Marit Tusvik som vart besøkt av over 400 personar i Førde i desember. Dette tilsvarer eit belegg på 70 prosent.

Elles hadde SoFt fleire gjestespel og eldre produksjonar på turnè i Den kulturelle skulesekken i fjor, som totalt utgjorde eit besøk på 6 300 personar. SoFt)


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no