S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 3. september 2019

Geopolitikk rundt middagsbordet

Krenket på Nationaltheatret. Foto: Øyvind Eide. Scenograf: Siri Langdalen Kostymedesign: Ingrid Nylander. Lysdesign: Simon Bennison


Publisert
3. september 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Krenket

Nationaltheatret, premiere 1. september 2019

Av: Ayad Akhtar Omsett til norsk av: Agnes Banach Regissør: Marit Moum Aune Scenograf: Siri Langdalen Kostymedesign: Ingrid Nylander Lysdesign: Simon Bennison Lyddesign: Erik Hedin Maskør: Ruth H. Norvik Dramaturg: Hege Randi Tørresen og Rania Broud

Med: Assad Siddique, Amina Sewali, Marte Engebrigtsen og Oddgeir Thune, Fabian Sveegard Tapia

Meldt 1. september 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/geopolitikk-rundt-middagsbordet/
Facebook

Krenket utspelar seg på Manhattan, men det betyr ikkje at framsyninga ikkje kan fortelje oss noko om Noreg i dag.

Krenket (originaltittel Disgraced ) blei skrive i 2012 av Ayad Akhtar. I 2013 vart dramaet tildelt Pulitzer-prisen. Det er som regel det som hender med drama som treff tidsanda så presist som Akhtar gjorde med denne teksten. Krenket er ei kruttønne full av identitetspolitikk. Sjølv om dramaet raskt vart ein hit på amerikanske scener er det fyrst no at det vert sett opp i Noreg av regissør Marit Moum Aune.

Amerikansk ståstad Teksten handlar om det å fornekte opphavet sitt, om å velje minste motstands veg og kanskje miste seg sjølv i dette. Det er ein svært ærleg tekst som peikar på den gjensidige skepsisen mellom visse jødar og visse muslimar. Den handlar om å vere oppvaksen med mødrer som lærer gutane sine at alle vestlege kvinner er horer, og om det å velje system framfor rettferd. Men fins det eigentleg eit publikum her heime som fullt og heilt kan relatere til noko som er skrive frå ein amerikansk ståstad? Noreg kan ikkje relatere til den tidlege innvandringa av jødar og muslimar som Nord-Amerika opplevde allereie frå 1500- og 1600-talet av, for ikkje å snakke om den storstilte slaveimporten frå afrikanske land som fekk halde fram heilt til i 1807.

Dette gjer på eitt vis USA til eit umogleg land å samanlikne seg med, då dei har hatt jødisk og muslimsk befolkning i over 400 år. Det at USA alltid har hatt eit folk med ulike bakgrunnar trur eg har leidd til at identitetspolitikk lengre har vore eit tema både i samfunnsdebatten og kunsten, men også i populærkulturen og daglegtalen. Amerikanarar har hatt lang tid til å venje seg til tanken om at det er ok å snakke opent, le og vitse med religion og identitet. Såleis er det kanskje som forventa at nokre av dei humoristisk ladde sleivkommentarane frå Krenket ikkje går heile vegen heim til Nationaltheater-publikumet, slik det kanskje ville gjort i USA. Truleg hender dette fordi vi som sit i salen er redd for å trø feil. Det at vi ikkje heilt vågar å le av identitet og religion i den grad som amerikanarane, kan sjølvsagt endre seg. Det er også mykje av poenget med å setje opp denne teksten, å utvide grensene for kva ein kan seie i trygge omgjevnader omkring eit middagsbord.

I ei stove på Manhattan Scenografien til Siri Langdalen er imponerande. Hovedscenen på Nationaltheatret er nytta i sin fulle høgde og breidde for å skildre den storslagne bustaden til Amir og Emily. Vi ser skyskraparane på Manhattan gjennom bakveggen. Denne er dekt av store industrielle vindauge som leier ut mot ein balkong. Ei vindeltrapp på høgre side leier opp mot soverommet deira, og ei dør på motsett side leier ut mot oppgangen. Den vellukka advokaten Amir (Assad Siddique) har gjort det til vane alltid å tilby seg å bli kroppsvisitert når han skal gjennom flyplasskontrollen. «Jeg kan like gjerne komme dem i forkjøpet, dette er den ypperste formen for passiv aggresjon.» Han har skjult sitt pakistanske opphav gjennom å ta det Indisk-klingande namnet Kapoor. Dette, for lettare å manøvrere seg gjennom livet på Manhattan. Fabian Sveegard Tapia speler Abe, nevøen til Amir som også har eit vanskeleg forhold til den muslimske kulturen, men som likevel er meir nyansert enn onkelen. Emily, (Marte Engebrigtsen) er gift med Amir. Ho er ein feira kunstnar med stor kjærleik for islamsk kunst og kulturarv. Vonde tunger ville kalla dette orientalisme eller kulturell appropriasjon, men den jødiske kunsthandlaren Isaac (Oddgeir Thune) likar både henne og arbeida hennar, og har teke dei inn i ei stor utstilling. Amir vil fjerne seg frå sin kultur, Emily vil omfamne den. Det at han har ei kvit protestantisk kone og at ho har ein mann med muslimsk opphav, gjer at begge får kringkasta sine verdiar for omverda. Er det denne fascinasjonen som legg grunnlaget for ekteskapet? Og kva hender når denne oppkonstruerte verda deira vert knust?

Starten på slutten for det tilsynelatande lukkelege ekteskapet byrjar når Amir og Emily arrangerer middagsselskap med Isaac og hans kone Jory, (Amina Sewali) ein afroamerikansk advokat, som jobbar i samme byrå som Amir. Dei er alle representantar for stigmatiserte grupper, og om ein trudde at protestanten går fri, gjer ho ikkje det som kvinne, som hore og madonna. Geopolitiske tema vert lufta, og når spriten byrjar å verke og geopolitikken blandar seg med konfliktar på eit personleg nivå vert middagen stygg. Verkeleg stygg.

Spelestilen og scenografien er utprega frontal, noko som gjer dei 90 minuttane til ei filmatisk oppleving. Det kjennes kort, og den brå slutten er i overkant brå, men det må dramatikaren ta på si kappe. Oddgeir Thune som Isaac gjer ei glimrande skildring av den nokså overflatiske og hole Isaac, og Amina Sewali skildrar Jory på truverdig og uanstrengt vis. Det er vanskelegare å få tak på skildringane til Assad Siddique, Marte Engebrigtsen og Fabian Sveegard Tapia. Det verkar som om dei ikkje heilt klarar å sleppe seg fri, og relasjonane endar med å bli flatare og mindre farlege enn teksten legg opp til.

Oppfylgjar til Engler i Amerika For Nationaltheatret og Moum Aune som tidlegare har gjort Engler i Amerika oppfattar eg Krenket som eit naturleg val. Dette er to prisvinnande tekstar om det å handtere det som er annleis. Dei skildrar USA på 1980-talet og no. Ein kan nesten sjå Krenket som ein oppfylgjar av Engler i Amerika. Der stigma i 1985 handla om HIV handlar stigmatisering i dag i stor grad om tru og levesett som fylgje av tru. Det er ei deprimerande utvikling. På eitt vis kan ein seie at 2012 kjennes lenge sidan. Obama har forlate Det ovale kontor og det kjennes som om Trump har vore president i ei heil æve allereie. Likevel kjenner me på den same polariseringa av høgre- og venstrefløyane i politikken som vi gjorde i 2012. Så for å svare på spørsmålet innleiingsvis om dette stykket kan forstås av eit norsk publikum: delvis. Vi står ikkje i dei same konfliktane og vi har ikkje topartisystem men fleirpartisystem noko som hemmer litt av den mest ekstreme polariseringa. Men i Noreg, som i USA, fins det folk som dyssar ned det at dei er muslimar. Dei vert stigmatiserte på jobb, skule og i privatlivet. Det skremmande angrepet på moskéen i Bærum no nyleg, er muslimhat i ytste konsekvens. Dette er ei påminning om kva som kan hende når framandfrykta får gro uforstyrra. Det einaste som truleg vil nytte er å snakke ærleg om utfordringane, gjennom kunsten, i populærkulturen gjennom lærebøkene og i media. Det er denne oppsettinga eit fint bidrag til.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no