"Begynnelser" av Carl Frode Tiller, Motorpsycho og De Utvalgte fra Trøndelag Teater som gjestet Heddadagene og Nationaltheatret i 2017. Scenografi og videodesigner: Boya Bøckman, Lysdesiger: Tommy Geving. Kostymedesigner: Gjøril Bjercke Sæther.

Framleis bekymra

Teatermeldar Amund Grimstad svarar her på debattinnlegga frå tre teatersjefar om Heddadagane. Han er ikkje beroliga av svara deira.

Då det førebels programmet for Heddadagane 2019 blei presentert den 7. februar, var vi mange som blei litt skuffa, for førsteinntrykket var at programmet var meir Oslo-sentrert enn dei to tidlegare åra, og av gjestande produksjonar var det få, om nokon, av hovudsceneformat. Eg la ut eit spontant lite hjartesukk på Facebook, og det førte til ein lang og interessant diskusjon der ein del misforståingar blei oppklåra, men der det framleis var ein del å lure på. På denne bakgrunnen skreiv eg eit nytt og lengre innlegg til scenekunst.no der misforståingar frå facebooktråden var fjerna, men der eg stilte spørsmål ved om årets prioriteringar kunne føre til at Heddadagane i mindre grad enn dei to første åra, ville spegle det som skjer av scenekunst i det langstrakte landet vårt.

I tillegg til at eg personleg i ettertid har mottatt haugevis av støttande kommentarar frå teaterfolk over heile landet, har tre teatersjefar svart meg, og delvis gått i rette med meg, på scenekunst.no, og eg vil difor freiste å svare og kommentere dei.

Heddakomiteens leiar, og teatersjef på Hordaland Teater, Solrun Toft Iversen, har i eit langt innlegg gjort grundig greie for bakgrunn og føresetnadar for festivalen. Det er for så vidt greitt og oppklårande, men det meste av dette er godt kjend, og rokkar ikkje ved kritikken min. Ho påstår vidare at eg viser til ei fordeling av gjestespel og eigne produksjonar som ikkje stemmer, men oppsettet hennar er så godt som identisk med mitt, så skilnadane er ikkje akkurat dramatiske. Forklåringa hennar av kvifor ein ikkje fann scene til Trøndelag Teater skil seg nok også litt frå det Trøndelag Teater sjølv fortel, men det får liggje i denne omgangen. Ut over dette slår Iversen stort sett opp opne dører, og eg er sjølvsagt samd med henne i det meste.

Hanne Tømta, teatersjef ved Nationaltheatret skriv om kva for enormt løft Heddadagane er for deltakarane, både gjestar og vertskap. Ho har ein heilt korrekt kritikk av innlegget mitt, for eg var i beste fall upresis då eg skrøyt av Arne Nøsts freistnad på å sykle på vatnet. It takes two to tango, og eg trudde det låg ein tilsvarande honnør til Nationaltheatret og Hanne Tømta mellom linene i det eg skreiv, men ser at det ikkje var tydeleg nok. La det difor vere sagt at eg held Hanne Tømta og Nationaltheatrets haldning ved å låne ut hovudscene og produksjonsutstyr, først til Trøndelag Teaters «Begynnelser» under Heddadagane i 2017, og så til Rogaland Teaters «Orlando» i 2018 som både imponerande og særs raus. Etter to slike år har eg difor full forståing for at Nationaltheatret prioriterer eigenproduserte «Lille Eyolf» på hovudscena i år. Og den gjestfrie haldninga frå Hanne Tømta gjeld ikkje berre Heddadagane, men er for så vidt ei vidareføring av det ho og Nationaltheatret har stått for i fleire år, og mellom anna gjorde under Hiphopfestivalane i 2014, 2015 og 2016.

Teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret har også eit lengre svar. Han gjer det relativt lett for seg ved å konstruere opp meiningar eg ikkje har for så å argumentere mot dei. Innleiingsvis skriv han:

“Ønsket er sjølvsagt at Heddadagane skal ha musklar store nok til å syne dei beste og kunstnarleg mest interessante produksjonane frå heile landet under mønstringa i Oslo i juni. Det er ikkje vanskeleg å vere einig med Amund Grimstad i dette.

Men dette har eg aldri meint, og heller ikkje skrive. For det er eit heilt utopisk ønske. Det eg har sagt er at ein kan få eit relativt representativt utsnitt av det beste som er skapt det siste året. Det er sjølvsagt enorm skilnad på å syne dei beste produksjonane frå heile landet, og eit representativt utsnitt av dei.

Så skriv Ulfsby at eg skulle vere særleg skuffa over at nettopp «The Book of Mormon» spelar på hovudscena under Heddadagane. Eg har ikkje nemnt «The Book of Mormon» med eitt ord i det innlegget som dette var eit svar på. I facebooktråden som starta det heile, er det 75 innlegg, og langt ute i tråden, meir enn eit døgn etter at han starta, skreiv eg:

“Men når situasjonen er som han er, må Osloscenene vere rausare enn dei er i år. Det var mitt poeng med denne tråden. Situasjonen er at Trøndelag Teater både hadde råd og vilje til å vise fram ein produksjon, men fekk ikkje scene. Når det Norske Teatret vel å vise “Book of Mormon” heile fem gongar på hovudscena si denne Hedda-veka, må det vere lov å stille spørsmål ved prioriteringa.”

Eg meiner dette framleis er eit høgst relevant spørsmål å stille, kanskje særleg når vi veit at produksjonen blei vist fem gongar under Heddadagane også i fjor. Men å stille eit spørsmål er då ikkje det same som å vere «særleg skuffa».

Erik Ulfsby er lettare oppgitt over at spørsmål om økonomi blir oppfatta som lausrive frå alt anna, og det forstår eg godt. Som Solrun Toft Iversen gjer godt og grundig greie for, er Heddadagane ein økonomisk dugnad der det både kostar å gjeste og å ta i mot. Men når Ulfsby ganske retorisk skriv at det ser ut som eg meiner det er naturleg at Det Norske Teatret legg 1,5 millionar på bordet for å la vere å spele eigne etterspurde produksjonar, så blir det uråd å argumentere. Like retorisk kan eg svare med å spørje om det er slik at kvar gong eit Oslo-teater har ein enorm publikumssuksess på hovudscena, og/eller har gjort nybyggs- eller andre investeringar, blir det økonomisk umogeleg å låne bort dei største scenene? I så fall er redsla mi for at Heddadagane vil kunne bli arena for gjestande monologar og særs enkle framsyningar, medan Oslo-teatera kan syne sine storproduksjonar, høgst relevant.

Eg starta dette ordskiftet fordi eg er glad i teater, fordi eg er særs privilegert og kan sjå teater over heile landet og difor vil at fleire skal kunne få eit innblikk i breidda og mangfaldet i norsk scenekunst, og fordi eg har opplevd dei to føregåande Heddadagane som eit fantastisk høve til på få dagar å sjå eit tverrsnitt av den norske scenekunsten det siste året, samt å ha ein viktig møteplass for alle som er glad i teater. Men etter at årets program blei presentert, ser eg at ingen vil ta den kostnaden det er å gi plass til i det minste ein større produksjon frå eit regionteater. Eg forstår at dette kan dreie seg om store summar, og at ikkje alle børene skal leggjast på eitt teater. Men med utgangspunkt i kva ein fekk til i fjor og året før, er eg bekymra for framtida til Heddadagane. Ordskiftet har synt at det framleis ikkje er nokon som vil eller kan ta kostnaden, og at dette er ein situasjon vi truleg må leve med i åra som kjem. Bekymringa mi er difor diverre ikkje blitt mindre etter denne debatten.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER