Gjengangere Trøndelag t 2012 Foto: Foto: Lena Knutli

Fra Ibsen til Wagner

Scenekunst.no har samlet anmeldelser fra produksjoner og konserter over hele landet – her kan du lese hele anmeldelsen av “Gjengangere” ved Trøndelag Teater samt utdrag av andre omtaler.

Scenekunst.no legger ut anmeldelser – enten i sin helhet eller som korte utdrag avhengig av rettigheter – under "Anmeldelser" i menyen øverst på forsiden.

Klikk her for å komme til samlesiden for anmeldelser!

Ikke glem å ta en titt på linkene til anmeldelsene som ligger ute i andre nettmedier. Du finner dem litt nede på anmeldelsessiden i høyremenyen under "Kritikk på nettet".

Her kan du abonnere på nettanmeldelsene som Scenekunst.no publiser.

Klikk på det oransje RSS-symbolet!

Oppskriften finner du på denne siden.

 

Under kan du lese hele anmeldelsen av "Gjengangere" på Trøndelag Teater:

Anmelderen er Amund Grimstad, og du finner denne og flere anmeldelser på bloggen hans samt i Klassekampen.

Når løgna går att

Leikent, kontrastfylt og særs tydeleg om konsekvensane av liv i løgn.

For eitt år sia sette Kjersti Haugen opp ei banebrytande, nyskapande og uvanleg tydeleg framsyning av ”Et dukkehjem” på Trøndelag Teater. Nå har ho tatt for seg ”Gjengangere” og gitt ny tolking av og innsikt i det kanskje mest fortetta og komplekse nåtidsdramaet Ibsen skreiv. I eit  særs tett kammerspel med berre fem aktørar greier forfattaren å ta opp såpass kontroversielle tema, både for 130 år sia og nå, som syfilis, aktiv dødshjelp, incest, sanning og livsløgn, for ikkje å snakke om kva som skjer når Nora (fru Alving) ikkje går, men vel å bli i eit håplaust ekteskap. Dette berre for å nemne nokre av dei tema Ibsen er innom. På mange vis er ”Gjengangere” ein syntese av det meste han skreiv, men først og fremst dreier det seg om korleis det kan gå når ein vel å skjule sanninga. Her er mange og store eksistensielle emne, og dette er langt frå noko lysteleg stykke. Likevel har Kjersti Haugen vald å gi oss ei leiken oppsetting der det er både laussluppen humor og dans i opningsscenene. Det understrekar det kontrastfylte som er eit gjennomgåande trekk ved denne produksjonen.

Sjølv om handlinga til Ibsen framleis er litt 1880, kan vi vere når og kor som helst. Aktørane snakkar eit munnleg og naturleg språk der dei får nytte sine eigne dialektar, og scena er langt frå dei mørke, lumre Ibsenske salongane med tunge draperi der det er heilt openberre behov for å lufte ut. Her er det lyst og ope. Tilsynelatande. Dagny Drage Kleiva har laga ein scenografi av  massive veggar i lyst trevirke. Dei omkransar oss på tre kantar slik at vi blir sittande midt i handlinga og stundom i krysselden frå replikkane. Scenografien kan verke nøytral, men er i røynda uvanleg symboltung. For bak det stilfulle og lette inntrykket ligg løgna som ein massiv og nesten altomsluttande vegg. Her er berre ein utgang.

Slik leikar Kjersti Haugen og Dagny Drage Kleiva seg med kontrastar. På overflata verkar alt så lett og idyllisk, men etter kvart som publikum oppdagar at det meste eigentleg er si eiga motsetning, blir kontrasten til den løgnfulle røyndomen desto sterkare. Ved hjelp av videoprojeksjonane til Stein Jørgen Øien og lysdesignen til Eivind Myren får vi saumlause og dramatiske sceneskift som enkelt illustrerer både barneheimsbrannen og ulike sinnsstemningar.

Fru Helene Alving (Hildegunn Eggen) har bygd heile livet sitt på forteiing og løgn, og nå skal ho jamvel lage eit monument over det heile. Ho er oppglødd over prosjektet og glad for å ha fått sonen heim. Men bak den lykkelege fasaden finn vi ei bitter kvinne som lag for lag avdekkar og erkjenner kva falskneriet og forteiinga fører med seg, kanskje ikkje først og fremst for ho sjølv, men i høgste grad for sonen, Osvald. Hildegunn Eggen er ei ganske folkeleg fru Alving, og ikkje spesielt aristokratisk. Slik blir ho ein kritikk av den generelle løgna, og ikkje berre den innestengde borgarlege idyllen Ibsen refsa. Det kler framsyninga, og Eggen gir oss ei både særs truverdig og tydeleg fru Alving. Som sjelesørgar, sparring partnar og etter kvart ganske mye meir, nyttar ho seg av den sosialt temmeleg inkompetente pastor Manders som i Nils Johnsons litt naivistiske, og tidvis ganske humoristiske spel understrekar kor umogeleg og vinglete livet blir når bokstavtru moral og stuttenkt pragmatisme får rå grunnen åleine. Det pseudoerotiske samspelet Kjersti Haugen har skapt mellom fru Alving og pastoren er ein liten teaterkonfekt som kanskje ligg litt på sia av handlinga, men som er med på å understreke det kontrastfylte i oppsettinga. Ei gåve til publikum og ei kinesisk eske slik Ibsens drama ofte er.

Det er Osvald som må bere fedranes synder og som er personifiseringa av alle løgnene. Han blir spela av Espen Klouman Høiner, relativt fersk frå Teaterhøgskulen, og i si første rolle ved Trøndelag Teater. Det er ein debut det står respekt av. Ein sårbar, desperat og i dobbel forstand naken Osvald som ikkje har bedt om å få livet, men som likevel klamrar seg til det.

Ibsen vel i hovudsak ikkje å konkludere, men å avslutte med opne spørsmål. Kjersti Haugen har vald det motsette i finalen, og eg forstår ikkje heilt kvifor. Men dette blir ein uvesentleg bagatell i ein elles tydeleg, fortetta og velspela produksjon som både er pedagogisk og temmeleg modernisert, men samstundes nesten hundre prosent tru mot Ibsen.

Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. mars 2012.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER