Foto: Thor Brødreskift. Koreografi og lysdesign: Frédérick Gravel. Kostymedesign: Indrani Balgobin

Flokkmentalitet over individualitet

Gjennom vakre rørsler får publikum vere vitne til eit samfunn som på overflata oppmuntrar til individualitet, men som forventar at menneske ikkje skal skilje seg ut.

Det er musikken eg registrerar først når eg tar stega inn på hovudscena på Dansens Hus for å sjå But then, we’ll disappear (I’d prefer not to) av Carte Blanche. Den rolege, men smått nervepirrande melodien (komponert av Philippe Brault) byr på ei atmosfære som set ei forventning om noko unikt. Plutseleg legg eg merke til at eg ser rett i auga på ei kvinne med eit innbydande smil og ein blå kjole. Min første tanke er at ho jobbar på Dansens Hus før blikket mitt vandrar og eg ser fleire menneske i fargerike klede posisjonert rundt det romslege gulvet foran setene. Publikum får sjå dansarane gjere seg klare, men kva det er vi ser dei gjere seg klare til er uklart — skal handlingane deira gi rom for tolking om kva vi kjem til å sjå, eller er det i hovudsak rett og slett ein artig oppvarming?

Om det ikkje var for kostyme som minnar om 1970-talet sine klede, ville eg konkludert med at verket handlar eksklusivt om den tida vi lev i no og dei problemane samfunnet og menneske har måtte takle sidan vinteren 2020. Dei 13 dansarane på scena er kostymert i forskjellege klede og fargar. Ein går kun med dongeri, ein anna er utkledd i flanell. Ein går med ein gullfarga tracksuit, ein anna i gul kjole. Nokre går med klede som ikkje skil seg ut, og dette er også dansarane som, i mine auge, ikkje tar mest plass på scena. Til tross for at det er vanskelig å stadfeste eit konkret tidspunkt vi befinn oss i, er det fine kostymer som gir eit estetisk bilete og eit omfang vi ikkje ville fått om dansarane gjekk med notida sine klede.

I byrjinga er det det individuelle som tar fokus. Dansarane som inntar gulvet har spredd seg utover, og held seg for det meste for seg sjølve. Fleire gonger beveg dei seg nærme kvarandre, men dei har ikkje fysisk kontakt. Atmosfæren minnar meg om menneske som ikkje er så komfortable rundt kvarandre, som ikkje kjenner kvarandre. Rørslene til dansarane er så forsiktige og gir eit inntrykk av skjørheit — er dei einsame, eller slit dei med verdas verste bakrus? Menneska på scena har derimot ingenting imot å bryte den fjerde veggen gjennom blikkontakt med publikum. Blikkontakta var aldri ubehagelig, og den drog meg inn i handlinga  i staden for å minne meg på at eg sat i ein stol og såg på ei framsyning.

Musikken er vedvarande, fundamentet av melodien held seg omtrent i same tempo, men det er variasjonar og korte slag som slår til frå del til del. Komposisjonen følg forteljinga og dansarane gjennom sine rørsler medan dansarane beveg seg frå den individuelle dans til å kome saman igjen, eit mogleg levande bilete på korleis samfunnet no arbeidar seg vidare etter pandemien. Etter kvart følgjer musikken dansarane inn i ein meir kaotisk dans. Det er då eg legg merke til at lyset sakte dempast. Til tross for endringa av tempo og lys er det fortsatt lite kontakt. Dansarane verkar isolerte frå kvarandre. Men når musikken eskalerar ved bruk av cymbal, og stolar blir dratt fram, blir ein ny driv introdusert. Det er interaksjon, og det er vakkert og forsiktig. Stolane blir flytta fleire gongar inntil dei danner ein halvsirkel mot publikum, og det står to mikrofonar disponibelt mellom publikum og stolane. Nysgjerrigheita mi aukar.

Sjølv om dansarane har leika seg litt med den fjerde veggen, så er det her dei tydeleg riv veggen ned. Ein og ein går dei opp og introduserar seg sjølv. Nokre gir ekte namn, nokre brukar alias. Spørsmål blir stilt — `what is binary?´ spør ein. Ein annan tar til pianoet og syng ein song medan dansarane sakte har byrja å danse att, men dansen er annleis, det er ein pardans som er øm og avvisande på same tid. Er det refleksjon over det som bryt med kva samfunnet forventar av menneske? Stega i dansen tolkar eg som ein personleg kamp om enten å gi seg hen til samfunnet og dei trinna samfunnet forventar, eller å komme seg unna og tvihalde på individualitet. Denne dansen er akkompagnert av dansar Max Makowski som syng “my crossed heart is nothing. The way is the way the way is. The ways it was broken. Those ways are worth mentioning”. Desse orda beskriv for meg den stigmaen det er rundt å fortelje om situasjonar som er uakseptable samtaleemne i sosiale samkvem. Kombinert etterlet dansen og sangen eit sterkt inntrykk av frykta for å vere aleine, slik mange har vore under pandemien, men også frykta for å miste eigen identitet i kampen for å høre til.

Dansen vidare er valdsam, og musikken følg mektig med. I smila på andletene til nokre av dansarane ser eg ein leiken glede som ligg bak dei raske rørslene. Dansarane blir meir og meir sameinte, og dei byrjar å bevege seg som ein flokk. Dei rykk til, dei drar tak, og eg lurer på om dei prøvar å rive med seg publikum? Men den raske rørsla rykk saktare, og melodien følg på. Eit horisontalt lys som strekk seg tynt langs veggen bak blinkar i varierande tempo inntil det lysar konstant, og eg undrast: Skal dette vere ein hjartemonitor? Vil den leikne dansen ende no når dei beveg seg i flokk og har mista sin individualitet?

But then, we’ll disappear (I’d prefer not to) fortel meg om det vonde tapet av individualitet og det såre håpet om kollektivitet etter ei tid med distanse på ein nyansert og omhyggelig reflektert måte. Ynskjet om ikkje å vere distansert blir oppfylt, men det på bekostning av seg sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER