PARTY, Black Box Teater, 2017, foto av Katja Illner.

Fest eller test?

Dei frigjerande og potensielt magiske momenta i PARTY blei overskygga av ein regi som i praksis fekk eit større trekk av manipulering enn ideen om deltaking og fri dans skulle tilseie, skriver Elin Høyland om førestellinga PARTY.

Det kan høyrast enkelt ut å invitere barn mellom seks og ti år med foreldre til teateret for å ”danse fritt” slik førestillinga PARTY av Alfred Zinola og Maxwell McCarthy gjer, men festen rører og opp i eit komplekst landskap av tilhøva mellom vaksen og barn i samtidskulturen. Eit landskap kor kven som styrer kven, korleis og kvifor er storleiker som er i fluxus, noko ein og kan finne i samtidskunsten si utforsking av interaktive dramaturgiske grep kor nettopp desse relasjons- og makttilhøva blir utforska og ofte utfordra, om enn ikkje alltid med barn-vaksen relasjonen direkte i fokus. I så måte er PARTY eit interessant innslag i barnekunstfloraen i forstand av å strekke seg lengst mulig for å involvere og aktivere barna til å bli deltakarar i ein prosess heller enn å kome til teateret som passive tilskodarar.

I PARTY er publikummet invitert inn i sjølve førestillinga til å utforme den saman med aktørane. Dansegolvet er scena, og alle i publikum er invitert til å delta på eit direkte fysisk plan. I presentasjonen av førestillinga blir det vektlagt at barna skal bli stimulert til å ta eigne avgjerder undervegs, gjennom guiding av aktørane, med mål om å ”skape en helt egen verden, der kvar enkelt deltakar kan danse akkurat som de vil”. Det blir og poengtert at barn og vaksne skal lage festen saman, og at det nettopp er ein fest meir enn ei førestilling i klassisk forstand.

Arrangert fridom
Eg kom dermed til teateret saman med mi dotter på 6 år i den tru at me snart skulle danse saman, men fann snart ut at det ikkje var så enkelt. Etter ein forvirrande sekvens i billettluka, blei det klart at foreldre og barn skulle delast opp i grupper, kor journalister og foreldre som ville observere heile dansefesten kunne få gå inn i salen før barna, om dei ville ikle seg ein overall og ei maske for å sitte mest mulig usynleg i rommet, der det altså var barna som skulle få danse – fritt frå foreldra sitt blikk/synlege nærvær. For foreldre som ikkje gjekk inn som observatørar, var det eit eige rom kor dei fekk opphalde seg det meste av tida, blant anna for å dekorere seg med papirstrimler før dei skulle inn i hovudsalen for å delta med barna på siste del av dansefesten, ti – femten minutt før det heile var over.

Som observatør (og mamma som tenkte det var greiast å vere i same rom som dotter ettersom me begge var litt overraska over opplegget) blei eg dermed sitjande langs veggen som ein av eit ti-tals maskerte foreldre som no blei omskapt til ein gjeng lydlause monstre i skuggen for å observere barna i ”fri dans” i ein nær mørklagt  black box.  Sjølve samspelet mellom dei tre sceneaktørane og barna var tross den litt skeive inngangen dels ei fin reise å observere, samstundes som bismaken ikkje ville sleppe heilt taket i meg.  Barna skulle no danse fritt under koreografiske føringar frå tre vaksne danse-aktørar som møtte dei utan ord gjennom dansen og med fire-fem koreografiske grep gjennom førestillinga, og ein DJ som spelte musikk eg trur dei færraste av barna var kjent med frå før (her kan eg sjølvsagt ta feil), og som vekka assosiasjonar til ungdoms/vaksen-clubbing vel så mykje som til dans for barn (som for så vidt poengterer at denne grenseoppgangen kanskje ikkje eksisterer i vår tid?).

PARTY, Black Box Teater, 2017, foto av Katja Illner.
PARTY, Black Box Teater, 2017, foto av Katja Illner.

Samspelet mellom dei tre dansarane (Zinola /Maxwell/Laperrière) og barna utspela seg gjennom enkle manipulasjoner for å setje barna i rørsle i rommet. Byrjinga var ein enkel danseleik, kor aktørane, og snart barna,  sprang mot veggen når musikken stoppa og ut på dansegolvet igjen når den starta. I neste sekvens utvikla det seg små flokkar av barn i tre grupperingar, då dei tre dansarane, i eit ”Rottefanger”-grep, vifta med ein teiprull i neon-farge for så så rive av ei stripe og feste den på golvet. Snart vart dette til ein leik/ konkurranse om å få tak i flest teip-striper og pryde seg med for barna, til fryd og gammen for dei som fekk tak i mange, og til potensiell skuffelse og lett forvirring, for dei som ikkje var raske nok. Dette er eit eksempel på eit grep som tilsynelatande var meint å aktivere og skape ein form for symbolsk stamme-fellesskap mellom barna, men som blei like mykje til ein rein konkurranse i kven som kunne skaffe seg flest striper. Så, jau, barna var definitivt i rørsle, men i kva grad dei blei stimulert til å ta eigne avgjerder var ikkje like lett å sjå – her blei leiken fram-provosert av dei vaksne aktørane sine rørsler heller enn at barna hadde reell medskapingsrom utover det å reagere på eller avstå frå leiken.

Individualismens stammekultur
Eit rituelt ”tribe”- moment for førestillinga var allereie satt då barna først kom inn i rommet og alle skulle sitte i ein gruppesirkel med aktørane som så helsa på alle barna ved å bøye seg ned, halde dei rundt hovudet, og let si panne røre barnet sin panne, etter å ha fått eit aksepterande nikk frå barnet etter ei kort forklaring og direkte augekontakt. Igjen, eit positivt motivert grep, som vippa over mot noko lett manipulerande, fordi barna ikkje var i ein posisjon kor det er lett å seie nei eller stille spørsmål til kva dei eigentleg gir sin aksept til. Dei blir og i større grad bedt om å ha tillit til dei tre vaksne aktørane heller enn å bli merksame på kvarandre.

Det var som om barna litt for lettvint blei initiert inn i ei fridomssone utan å få utdelt verktøy til å finne kvarandre og sjølv kome fram til spelereglane, dermed blei rommet til ei heller ufri sone som ikkje la grunnlag for barna til å kjenne seg genuint frigjort i dansen som skulle utfalde seg .

Den regisserte delinga av føresette og barn i ulike grupper, som eg isolert sett kan skjøne motivasjonen bak om hovudpoenget var at barna skulle finne sin eigen dans, stod dessverre ikkje i samsvar med presentasjonen av førestillinga. På toppen av dette blei dansen vel så mykje ein demonstrasjon av gruppedynamikk styrt av dei vaksne aktørane, meir enn fri utfalding i eit fellesskap kor aktørar, barn og vaksne skulle skape ei ”ny verden sammen”. Innslag av frie rørsler var det likevel, der ein kunne sjå barna veksle mellom å flyte litt rundt i intet for å plutseleg bryte ut i eigen dans, eller leik med andre barn. Eit anna grep som blei gjort frå aktørane si side var å lage tre lyskastarfelt på golvet som straks trakk til seg eitt eller fleire barn etter at dei tre dansarane hadde demonstrert korleis feltet kunne få dei til å danse ”litt ekstra” i spot-lighten. Det var her eg plutseleg fekk sjå mi eiga dotter, som hadde gitt uttrykk for å kjede seg litt etter kroppsspråket å døme, plutseleg oppdaga ein ledig lys-sirkel, løfte armane og leggje på sprang og liksom fly gjennom lysfeltet, og gjere det igjen ved neste lysfelt. Dette bilete står igjen som eit eksempel på det mest interessante potensialet i førestillinga eg såg undervegs: glimt av opne møte mellom barna og det taktile, så vel som det draumande i ulike lyd- og lysfelt i rommet, i møte med eigen kropp og rørslefridom/nøling. For barna var det eit klart høgdepunkt når heile rommet blei fylt av flygande fjør i alle fargar og her kom det eit glimt av i alle fall fri eufori både for store og små som no (omsider) var saman på dansegolvet.

Dei frigjerande og potensielt magiske momenta i PARTY blei likevel overskygga av ein regi som i praksis fekk eit større trekk av manipulering enn ideen om deltaking og fri dans skulle tilseie. I tillegg var det heile noko misvisande presentert som eit unikt høve for barn og vaksne til å utfalde seg på dansegolvet saman. Det var vel så mykje eit element av framandgjering som nytt fellesskap som prega stemninga i rommet, og eg undra meg litt over kva som eigentleg var motivasjonen bak førestillinga –  fest eller test?

PARTY, Black Box Teater, 2017, foto av Katja Illner.
PARTY, Black Box Teater, 2017, foto av Katja Illner.

Då alle var samla i det no fjørlagde rommet og alle hadde fått eit plastvinglas med vatn, klappa dei tre aktørane i hendene, ropte ”Thanks, that was a great party, you made it!”, og eg tenkte at barna i beste fall hadde fått ein snik-kikk inn i clubbing-kultur, i eit rom kor dei kunne danse aleine med seg sjølv, ein venn, eller med kven som helst i ein litt tilfeldig regi, og så gå heim igjen. Eg sit igjen med eit ønske om at barna i større grad kunne fått vore med å lagt rammene, utvikla deler av dramaturgien heller enn å berre bli satt inn i ei ferdig ramme, som la sterke føringar for barna vel så mykje som å fri dei.

Generelt sett er det bra om barn og vaksne i større grad kan få oppleve scenekunst saman kor det interaktive inngår som element, og ikkje minst at barn får anledning til å forstå at teater og kunst er ei uttrykks- og samværsform som kan opne nye erfaringsfelt for oss, som her i form av å oppløyse tilskodarrolla med mål om å aktivere barnet til fri fysisk utfalding.  Førestillinga bekreftar i så måte og at dette er lettare sagt enn gjort, og forvekslar si eiga rolle som vaksenaktørar og regissørar for det heile, med etablering av ei fri sone for barna som deltakarar.  I ei anna førestilling signert Zinola under tittelen Primo (Zinola/Gonzales), blir barnepublikummet invitert til å sitte rundt eit basseng på scena kor dei kan observere dei to aktørane gjennom vindauge i bassenget kor kroppsdeler og samspel mellom aktørane kjem til syne i det ein må kalle ein akvariekoreografi, kor barna får observere menneskekroppen og dei vaksne aktørane i eit overraskande perspektiv og ein poetisk og leiken ”skjerm”-estetikk.  Her blir barna i mindre grad aktørar, men slik eg oppfattar det i mykje større grad frie og aktive tilskodarar som fekk ei ny sensorisk og estetisk oppleving av menneskekroppen.

For min seksåring var vår tur til Black Box Teater og PARTY på mange vis ei spennande oppleving, men utan den heilt store gleda å spore som resultat av førestillinga. Høgdepunktet for henne blei å oppdage fem fjør som hadde gøymd (?) seg i buksa og fekk bli med heim, trass den strenge instruksjonen både mor og barn fekk om at ingen hadde lov å ta med seg ei einaste fjør ut av salen (men kunne få samle dei og legge dei i ein pose ved døra). Jenta var derfor litt nervøs i blikket då ho trakk opp fjør etter fjør, og eg skjøna at ho ba om mi godkjenning.

-Det var då det minste du kunne få, sa eg, og trur kanskje me heller inviterer til dans heime i stova neste gong me treng eit PARTY.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER