S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 26. august 2019

Feil tittel, fint teater

Foto: Lars Halvor Andreassen


Publisert
26. august 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Særdeles attraktiv 3-roms til salgs

Feil Teater, premiere 22. august 2019

Skodespelar og manusforfattar: Julia Küsters Skodespelar og manusforfattar: Sebastian Skytterud Myers Skodespelar og manusforfattar: Seda Witt Regissør og manusforfattar: Vilde Johannesen

Kunstnerisk sidekick: Amalie Sofie Ibsen Jensen

Plakat: Lars Halvor Andreassen

Meldt: 22. august 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/feil-tittel-fint-teater/
Facebook

Feil teater har laga ei fin framsyning med gode historier som kunne vore strammare. Den er ikkje så overflatisk som tittelen kunne tilseie.

Feil Teater er eit teaterkompani som spring ut frå teaterutdanninga på det som før heitte Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) i Verdal, men no er ein del av Nord universitet. Denne utdanninga har bygd mykje av praksisen rundt stilskaparen og teaterfornyaren Jaques Lecoq, noko som også har påverka Feil Teater sine produksjonar. Dei har sidan etableringa i 2015 laga 10 teaterframsyningar som alle byr på god spreiing når det gjeld val av tema. Dei har valt seg alt frå Rinnanbanden til Alice i eventyrland, flyktningkrisa og James Bond. Fleire av framsyningane, mellom anna Alice i eventyrland og James Bond er laga i stilen teikneserieteater og rettar seg mot skuleelevar. Begge framsyningane er, eller har vore, del av tilbodet til Den kulturelle skolesekken.

Teikneserieteater er eit fysisk og fartsfylt teaterspråk. Stilen er godt eigna til å komprimere eit filmatisk uttrykk og framstille det på scenen, gjerne på parodisk vis og med det høge tempoet som ofte høyrer til teiknefilmen. Det er få rekvisitter og narrativet lener seg på tilskodarane, – då gjerne borna – sin fantasi og evne til førestilling. Den seinaste produksjonen med tittelen Særdeles attraktiv 3-roms til salgs opererer i eit heilt anna landskap. Med denne tittelen som einaste haldepunkt var eg redd for at skulle utsetjast for ein situasjonskomedie for unge vaksne om bustadmarknaden i Oslo, ei redsle som også plakaten gav næring til med klipp-og-lim estetikk der bilete av møbelknottar, flyttebilar, husfasader, ein giraff og alt mogleg anna er sett saman til ein fargerik kollasj. Heldigvis tok eg feil.

På heimebane i rommet Heile framsyninga startar på gateplan der vi står og ventar utanfor eit bukompleks i Bogstadveien 9A. Vi vert møtt av skodespelarane Julia Küsters og Seda Witt som gjev oss billettene våre i form av ting frå eit flyttelass med påklistra namnelappar. Min billett er ein potteplante, andre får ein seksar med øl eller ei sofapute. Vi sit langs veggen i ei romsleg stove med balkong. Stova høyrer til eit par i midten av 20-åra. Det er eit gamalt verdskart på veggen og møblar funne på bruktbutikker blanda med IKEA.

Dei nyttar berre vanlege stovelampar, men har utstyrt lampa med ulike pærer som kan dimmast og byr på eit imponerande breitt spekter av visuelle kvalitetar og temperaturar. Det vert ikkje gjort forsøk på å integrere oss i bustaden slik ein kanskje kunne vente seg, i staden vert vi plassert på stolar og sofaer langs veggen medan skodespelarane nyttar den vesle plassen på midten av stovegolvet. Dette er truleg eit reint praktisk val då det ikkje hadde vore plass til oss om me skulle vore del av interiøret heller enn langs veggen. Regissør Vilde Johannesen har plassert oss i eit rom som er relevant til temaet dei har valt, og jobbar på lag med rommet. Dei prøver ikkje å omskape stova til ein teaterscene, dette er snarare eit stykke teater i ei stove. Dette gjer at dei romlige rammene for uttrykket verkar solide heller enn vaklande slik teater heime i stova kan stå i fare for å bli.

Funnen tekst Tekstgrunnlaget i denne framsyninga er laga av intervju. Temaet er ikkje så snevert som fyrst frykta, men snarare relativt breitt då det handlar om ulike formar for flytting. Frå heim til sjukeheim, frå universitetsby til heimby og omvendt, frå krig til fred eller frå ein valdeleg ektemake. Historiene er henta frå eit tverrsnitt av det moderne Noreg og alle historiene minner oss om at røyndommen som regel går fiksjonen ein høg gang når det gjeld originalitet og merkelige vendingar. Dette er noko dei også kommenterer sjølv. Vi sit ikkje låst i fiksjonen her, vi går inn og ut av den medan skodespelarane fortel om korleis teksten vart til og at alt er ekte, gjenfortalt med språket og med formuleringane til den som er opphavet til historia. Skodespelar Sebastian Skotterud Myers innrømmer glatt at dei aldri hadde klart å skrive noko som kunne måle seg med det verkelege livet, og det er nettopp det som er kjernen i denne framsyninga.

Røyndommen kan vere brutal, som for han som måtte forlate alt det heimlege i heimlandet og stige om bord i eit kjempefly som skulle ta han til eit nytt liv som flyktning i Noreg. Den kan vere surrealistisk som for familien som måtte ta stilling til kor mange eks-koner det faktisk var plass til i familiegrava. Eller den kan vere vemodig som i historia om den ein gong så sjølvstendige åleinemora som tok ungane med på bilferie i dei franske alpane på 1970-talet, men som no i ein alder av 74 år med byrjande demens må vernas mot seg sjølv. Bilen hennar går ikkje lenger fordi familien av rein omsorg har skrudd ut ein vital del frå motoren.

Det sanne og mellom-menneskelege Teksten er svært ofte det svakaste leddet i framsyningar som er arbeidd fram av eit relativt ungt kollektiv utan dramaturg. Feil Teater har unngått vanlege fallgruver med å velje å bruke intervju-materiale, men det kan verke som om dei har hatt vanskeleg for å sortere i tekstane og setje dei i perspektiv. Dette kunne truleg eit dramaturgbesøk i siste prøveveka ha styrkt. Dette gjeld til dømes historia om jenta som studerer sosiologi i London og lagrar tinga sine på fjernlager i Wales, sluttar på studiane over sommarferien og nektar å ta stilling til at ho må tømme lageret sitt. Etter å ha ringt lageret for å be dei kaste alle sakene hennar og såleis fjerne problemet, brenn lageret tilfeldigvis ned. Ho får ein mail med unnskyldning frå lagerhuset samt eit vedlagt nyhetsklipp av brannen og 30 000 kroner i erstatning. – Skååål da dere!

Sjølv om historia er morosam og original, og ikkje minst sann, er den også djupt provoserande. Den syner oss den privilegerte norske ungdommen som kan studere kvar dei vil med det norske passet sitt, ta utdanninga gratis eller svært billeg, samt eige og forbruke så mykje at du helst ser at tinga dine brenn opp slik at du slepp å ta stilling til ting. Kontrasten her vert grell til guten som kom tomhendt til Tromsø som flyktning. Om slike koplingar var blitt kommentert, hadde det løfta framsyninga til eit anna refleksjonsnivå. Dette er noko eg saknar, for eg oppfattar det slik at Feil Teater ikkje lagar teater berre for underhaldninga sin del. Dei ynskjer å undersøke noko viktig og sant og mellom-menneskeleg med eit lett og leikent teateruttrykk som fangar dei som ikkje vanlegvis oppsøker teaterscenene. Denne ambisjonen skal dei halde på, for eg anar at det er interesse for dette blant det unge vaksne teaterpublikumet som dei rettar seg mot i denne framsyninga. Særdeles attraktiv 3-roms til salgs er heldigvis eit betre stykke teater enn tittelen skulle tilseie, men det kunne vore heva ytterlegare nokre hakk om dei hadde teke inn ein ekstern dramaturg som såg materialet frå utsida.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no