S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Amund Grimstad – 16. desember 2011

Fandenimollsk førjulsmoro

HØNS: Ingrid Bergstrøm, Marianne Meløy og Siri Gjære gjer førjulsstrida både morosam og mollstemt.


Publisert
16. desember 2011
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk

Vi må møtes før jul Av Trønderhøns Musikk: Siri Gjære, Ole Erik Ulvin og Øyvind Smidt Med: Ingrid Bergstrøm, Marianne Meløy og Siri Gjære Gjestespel på Teaterkafeen på Trøndelag teater Spilles 16. og 17. desember.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/fandenimollsk-forjulsmoro/
Facebook

Upretensiøst og med særs senka skuldrer, akkurat slik førjulstida eigentleg skulle ha vore.

Midt i førebuingane til den første smørlause jula sia krigen har Trønderhøns tatt seg tid til å stå opp att frå ein lang dvale for å servere teaterpublikummet eit skrått blikk på høgtida som står for døra, og ikkje minst på det vanvittige stresset som følger med førjulstida.

Gruppa blei oppretta for fleire år sia, men har – for å nytte deira eigne metaforar – lege nede nokre år mellom anna på grunn av verpesjuke. Sjølv har eg ikkje hatt gleda av å oppleve dei før, men eg hadde jo ei aning om at når du miksar ein særs dyktig og allsidig singer/songwriter (Siri Gjære) med ei av landets fremste musikalartistar (Ingrid Bergstrøm) og eit multitalent som er vanskeleg å kategorisere med få ord (Marianne Meløy), så er det store sjansar for at det kan bli bra. Det blei det også!

Med ein scenografi som er særs samanraska, og som ikkje har annan funksjon enn å gi dei rette assosiasjonane (ein utsliten komfyr, litt vaskeutstyr og ein bunt juletrelys) entrar dei tre scena og set seg i ein ”Birgersofa” frå 70-talet. Det vil seie, – så avslappa er det ikkje. Litt på overtid kjem Gjære og Bergstrøm og ser seg nervøst om etter Meløy som etter kort stund kjem halsande inn rett frå applaus på Et juleeventyr på hovudscena. Med det er stressfaktoren og det litt improviserte nivået sett, og utan særleg regi, og slentrande, dels snublande, men du kor sjarmerande, held dei tre hønene oss i eit knipetak i den dryge timen denne kabareten varar.

Den føreståande høgtida er sjølvsagt tema, og med skråblikk både gjennom kåseri og eigne og andres songar får dei oss til å slappe av, le – også av oss sjølve, og for ei stund gløyme maset utanfor. Jula skal vere ei tid for glede, men sjølv om låtten sat laust, særleg når Marianne Meløy sleppte seg fullstendig fri i nokre av dei elleville kåseria sine, var her forbausande mye mollstemt. Kanskje ikkje så rart, for jula er full av forventingar, og kan vere vond for dei som på ulike vis fell utanfor.

Siri Gjære har skrive ein del nye songar, og den litt blå stemninga blei vakkert fanga opp av desse. Det er tre røynde scenekunstnarar som utgjer Trønderhøns, og dei er dyktige entertainerar som veit å handtere publikum. Manglande regi, og ikkje minst suffli, blei takla så sjarmerande at det i staden for å vere eit lyte blei ei påminning om kor avslappa det går an å vere i årets mest hektiske tid.

På den dryge timen rakk dei å vere innom dei fleste av dei aspekta vi forbind med jula; forventingane, stresset, dei ukritiske julebreva, å reise heim, å vere saman, bakst, og sjølvsagt også den altoverskyggande smørmangelen som er i ferd med å spreie katastrofestemning i kongeriket.

Med seg i denne litt mollstemte gledesspreiinga har Trønderhøns to dyktige musikarar, Ole Erik Ulvin på piano, og Øyvind Smidt på fele, mandolin og song. Og for at det heile ikkje berre skal renne ut i tull og tøys og førjulsmoro, er det heile toppa av framifrå tolkingar av to av dei finaste norske julesongane, Jakob Sandes Det lyser i stille grender, og Alf Prøysens Romjulsdrøm.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no