S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Dordi Strøm – 11. juni 2020

Eventyret om dei tre scenografane - del 3

Collage av Dordi Strøm, fra scenografidreiebok til Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd av Jon Fosse. Scenografi og kostymedesign Dordi Strøm. Regi Torkil Sandsund. Hordaland Teater, Den Nationale Scene og Festspillene i Bergen, 2018.


Publisert
11. juni 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Eventyr Kunst

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/eventyret-om-dei-tre-scenografane-del-3/
Facebook

Mange års røynsle med troll – Ein korona noir av Dordi Strøm

Dei tre systrene scenograf møtte den gamle slitne scenografen i skogen og tok ein rast med henne ved ein stubbe. Ho fortalde frå livet sitt som scenograf, og dei andre lytta. Men dei hadde ikkje gløymd at dei er på veg til byen for å freiste å bygge eit skip som gjekk like godt på land som i vatnet og i lufta med, å vinne Hedda-prinsen og ei heil halv krisepakke, slik kulturministeren hadde lova. Så derfor gjekk dei vidare mot byen, og no var dei fire scenografar. Den minste, den mellomste, den største og den gamle scenografen.

”Eg er ikkje redd for konkurranse frå meir røynde scenografar som den gamle kjerringa der”, sa den mellomste scenografen til seg sjølv. ”Eg er trass alt ein vellukka scenograf.”

Det hadde blitt litt stilt om nye jobbar for henne då krisa slo inn, men ingenting vart avlyst av det ho hadde av produksjonar framover, framsyningane vart berre utsett heldigvis, og ho hadde komme fram til minnelege ordningar med teatersjefane. ”Ja, vi er jo omgangsvener, så eg tåler då godt nokre utsettingar utan økonomisk kompensasjon, sidan dei ber om det. Det er klart eg vil bidra til dugnaden. Det å vere positiv og prøve å forstå teatersjefen sin situasjon løner seg sjølvsagt på sikt, no som før”.

No var verda i ferd med å vakne igjen, og den mellomste scenografen var frisk og meir opplagd enn på lenge. Krisa hadde vore meir som ei kjærkommen pause frå alt. Ja, ho hadde halde fram med å jogge sjølv om den personlege trenaren hennar ikkje kom. Han måtte undervise ungane sine i heimeskulen, men ho trefte han kvar dag på Woom, og hennar bidrag til den alvorlege krisa var å betale trenaren for timane, sjølv om dei ikkje kunne møtast ein til ein. ”Sjølvsagt gjer eg det, ja, eg tar ansvar for mine eigne i ei vanskeleg tid, det skulle berre mangle”, sa den spreke og slanke mellomste scenografen.

Medan dei fire scenografane gjekk slik på stien, kika ho stadig ned på telefonen sin, og inne på goggle analytics kunne ho sjå at ho denne dagen alt hadde hatt fire gjester inne på heimesida si. I stadoversikta kunne ho sjå at den eine faktisk sat der i kommunen. Ja, det var kanskje bestemora, ho brukte å følgje med kvar gong det kom ei oppdatering, og det gjorde det jo ofte. Ja, elles så var det sikkert Gunn nede på i baren på hotellet. Ja, ho skulle no alltid snoke. Men dei andre tre var interessante, den eine sat i Oslo og hadde vore inne på sida i nesten ein time, det kunne bety nye oppdrag. Ho var alltid ute etter å fylle opp kalenderen, og no var det 2025 som skulle planleggast.

Dei andre to sat på Nesodden kunne ho sjå, og det var og eit godt teikn. Nesodden ligg i Viken, og Viken er den mest kunstnarrike regionen vesta Stockholm faktisk, og det kjem av at det bur så mange kunstnarar på Nesodden. Fleire av dei er gode og suksessrike regissørar, så dette var gode nyhende, tenkte den mellomste scenografen. ”Eg bør skaffe meg ein manager”, sa ho høgt til seg sjølv. ”Ja, scenografar har det i til dømes USA. Eg treng verkeleg det, det er så keisamt med alle desse telefonane og kontraktane.”

Det var ikkje sjeldan at ho ga oppdrag vidare til ein av dei svært dyktige assistentane sine. Ho teikna sjølvsagt det meste av scenografi og kostymar sjølv, og det var ho sjølv som las og analyserte manus, men ofte var det assistentane som gjorde alt det andre. Ho behøvde berre å kike innom det kommunale atelieret sitt i rådhuset og godkjenne det dei hadde laga. Det fungerte fint det. Dei var sjølvsagt heilt ferske i faget og hadde ikkje den same røynda som henne, så dei var takksame og glade for å få jobbe gratis. Og ho var glad som slapp å seie nei til ein einaste av dei jobbane ho fekk. At ho forsynte ein heil liten ”set-design-fabrikk” med arbeid og dermed tok jobbar ifrå sine eigne kollegaer når ho aldri sa frå seg eit oppdrag, nei det ofra ho ikkje ein tanke.

”Ja, men så kjekt at du slår følge med oss andre på turen inn til byen”, sa ho enda ein gong og klapsa den gamle scenografen vennleg på skuldra.

”Du kan få låne reduksjonsstaven min”, sa den minste scenografen til den gamle, ”ja, så kan eg ta din gamle, den er jo så skakk og krokete!” Den gamle scenografen bar så tung ein bylt med stoffrester, og den minste scenografen syntes synd på henne som hadde arbeidd så hardt og var nøgd med så lite. ”Ja, trass alt er vi alle like og har det same yrket”, sa ho til seg sjølv. ”Vi er jo kunstnarar og veit korleis den andre har det”, sa ho til den gamle scenografen som sakka litt etter dei andre. ”Sjå her, du kan få ein slurk av bestemors bjørkevatn”, sa ho og rekte fram ei tangflaske med eit heilt reint papirsugerøyr. Den gamle tok imot og takka av heile sitt hjarte. Ho var van med å takke så då gjorde ho det.

Då dei hadde gått eit stykke kom dei til ei bru, og under brua budde det eit troll.

”Eg kan gå først”, sa den minste scenografen. ”Er du sikker på det?”, spurte den gamle. ”Eg har mange års røynsle med troll”.

”Nei då, det går sikkert kjempebra”, svarte den minste scenografen. Ho hadde friskt i minne kommunikasjonskurset ho hadde fått med coachen og kaospiloten frå København på skulen, for ikkje å snakke om kontraktforhandlingskurset med trainee-medarbeidarane frå BI&Bø og professor Anne-Guri Furu. Med det under skjorta kunne ho parere kva for psykopat som helst meinte ho og gjekk først over brua. Tripp trapp tripp trapp.

”Kven er det som trampar på mi bru?”, ropte trollet frå innunder brua.

”Å, det er berre den minste scenografen som skal ut i verda og finne seg eit kompani med basisfinansiering frå Kulturrådet – ja, eh eller, støtte til Kunstnarskap, som det heiter no”, svarte den minste scenografen. ”Ja, eg har ikkje søkt Kulturrådet om støtte sjølv for eg er berre ei slik ei som dei andre, ordentlege scenekunstnarane, leiger inn. Ofte jobbar eg nesten gratis, og så gjev eg frå meg opphavsretten til scenografien og kostymane til kompaniet heilt gratis og utan å tenkje over det. Ja, det er litt dumt kanskje, men eg er så glad i god stemning! God stemning kjem alltid først! Hehe! Ja, og så skal eg vinne Hedda-prinsen og ein heil halv krisepakke!”

”No kjem eg og tar deg!”, ropte trollet.

”Å nei, ikkje ta meg, eg er så ny i yrket og har så mange visjonar for arbeidet som scenograf, ja, og mentor, som eg ikkje har fått realisert enda”, ropte den minste scenografen. ”Ja, eg skal flytte inn i den nye leilegheita mi no i helga, og på måndag startar prøvene på Woom, og endeleg skal eg få gå digitalt, ja Digitaliser eller dø, sa Anne-Guri Furu, og då vart eg så redd, for eg vil ikkje døy! Eg kan ikkje bli gløymt, Troll! Ikkje no, ikkje enno! Eg er utvald til å vere festivalkunstnar på Oslo Interne Teaterfest og skal lage ei framsyning på Svart Box under leiinga til Arne-Lucifer Syklubb-Birkenstokk, berre fordi eg er ung og kvinne, og det betyr at alt arbeidet med bloggen og Insta er verdt alt strevet, og det er eg så stolt av!”

”Men etter meg kjem syster mi, ho gjer minst seks, ja kanskje åtte kombinasjonsoppdrag som kostymedesignar og scenograf, og nokre gongar og som lys- og videodesignar i året, ved minst fem forskjellige institusjonsteater, ja, dei fleste er i hovudstaden så klart. No bur ho i ein villa i Viken som kona hennar har teikna, og ho tener mykje meir enn meg”, sa den minste scenografen.

”Ja, no skal ho flytte då, ho skal bu i kunstnarhusa på Eiketun, ja, der som Bjørne Melsekk endeleg skal få byggje seg eit hus han kan døy i! Styredokumenta på Eiketun diskriminerer eigentlig scenografar frå å kunne bu der, og det er jo ein pussig ting å drive med framleis. Særleg når ein veit at det er arv som gjer at kunstnarar har råd til å kjøpe kunstnarhus på Eiketun i det heile! Det har ingenting med reelle behov for atelier å gjere om det var nokon som trudde det! Trudde kanskje du og det, Troll?

Nei, men kunst kan altså ikkje delast inn i strenge kategoriar som på 1950-talet lenger. Og dessutan er syster mi fullverdig medlem av Norske Biletkunstnarar, så alt det formelle med å kunne få bu i eit kunstnarhus til ho døyr er i orden. Scenekunst kan faktisk vere vel så samfunnsnyttig som installasjonskunst eller kunsthandverk eller fotografi. Ja, ikkje sant, Troll? ”

”Jau, det vil eg tru”, svarte trollet. Han vart tankefull. ”Ikkje sant vel?” gjentok den minste scenografen og snudde seg mot den mellomste scenografen som stod rett bak henne på brua og høyrde på. Ho nikka, men var utålmodig etter å komme seg vidare, berre trollet ville sleppe dei over brua. Den minste scenografen vart ivrig.

”Eg trur på at scenografi faktisk kan vere politisk, og innlegg i eit offentleg ordskifte om viktige samfunnsspørsmål! Ja, og når det gjeld Eiketun så har eg høyrt at det bur alle slags kunstnarar der, og slett ikkje berre biletkunstnarar og kunstfotografar og kunsthandverkarar.

Ja, nei det bur ingen svarte kunstnarar der då, det er sant. Og ingen muslimar sjølvsagt, eller hinduar – eller samar elle kvener av det eg veit. Nei, alle er kvite og såkalla norske – ja, kva gjer eigentleg det med kunsten trur du Troll? Veit du, akkurat det har eg faktisk aldri tenkt på.

Vel, dei fleste kunstnarane på Eiketun lever vel eigentleg ikkje av kunsten sin i det heile, ja, nei det gjer vel kanskje berre dei som er godt gifte og har ein ektefelle som betalar maten og husleiga eller dei som er så heldige at dei har arbeidsstipend frå staten. Sjølv om det berre er ei knapp halv minsteløn – ja eller dei som tar ein kunstarisk phd og forskar på sitt eige kunstnarskap med løn frå staten og underviser på Kunsthøgskulen, sjølvsagt! Eller dei som får kunsten sin laga på verkstader i Kina eller Thailand og er i stallen til rike kunstsamlarar, ja eller dei som har aksjar.

Ja, forresten! Du, Troll! Aksjar bør du skaffe deg Troll! Ja, eller arv – arv bør du skaffe deg, det er så lurt!”, ropte den minste scenografen til trollet. ”Hallo Troll? Har du høyrt om arv og om kor fantastisk det er, Troll? Ja, det går an å arve hus eller pengar, nei veit du, det aller aller beste, det er å arve aksjar, ikkje sant? Det må du Troll! Du må sjå til at du arvar deg ein skikkelig god slump aksjar trygt plassert i solide internasjonale selskap, ja, som til dømes Eple eller Statolje. Ja, nei EqualityNor, heiter det no, ja det står for likevekt, balanse og rettferd i nord, eller noko slikt, ja, omtrent som i yoga og meditasjon ikkje sant, berre at det er her, i nord, ja er det ikkje vakkert, Troll? – Ja, eller du kan ha aksjar i Goggle, eller TeleTor eller ElkeMelke om du vil vere medeigar i eit selskap som alle trur er norsk, ja eller i Vinkraft eller i Duckbook eller YouToo så klart, dei er jo dei største og i enorm vekst no som alle må digitalisere for ikkje å døy, ikkje sant?

Du Troll? Hallo? Eg må til byen og danse på taket og vinke og klappe for kameraet medan naboen filmar og strøymer meg så verda kan sjå og høyre meg, elles blir eg usynleg i altfor ung alder, og det er jo omtrent det same som å døy ikkje sant? Når ingen ser deg så døyr du! Høyrer du! Hallo? Er du der?”

”Ja, nei som sagt, snakk med syster mi, ok? Ho er travel, men ho har tid til ein omveg, det er eg sikker på – og ho er eit ja-menneske, det kan eg trygt seie, ja og så er ho glad i eit eventyr – så henne kan du ta! Ok?”

”Ja, ja så gå då”, svarte Trollet.

Den minste scenografen sprang på lette bein over brua og fann seg ein fin stein. Der sette ho seg ned for å vente på dei andre tre. Ho var alltid på tilbodsida og tenkte alltid på andre først. Ho likte å tenke, og det fekk ho tid til no. No hadde ho ein avtale med eit kompani som ville jobbe med henne, men ho var spent for ho var og van med å bli undervurdert. ”Ja, sånn er livet som veslesyster”, tenkte ho med seg sjølv der ho sat. ”Men berre vent. Eg skal vise verda!” sa ho til seg sjølv og lo. ”Det er viktig å spørje seg sjølv kvifor ein held på med det ein gjer. Og når eg tenkjer meg om så er det mest spanande med å lage scenekunst at eg får samarbeide med andre”, sa den minste scenografen. ”Å, eg likar så godt å jobbe med menneske!” nesten ropte ho. Ho vinka oppmuntrande til dei andre og gleda seg stort til alt som skulle komme.

Hjå bonden oppe på fjellet hadde den minste scenografen lært om dyr og plantar og om kor viktig det er å kunne eit handverk. Derfor var ho flink med treskjering og til å strikke og brodere. Frå ho var lita hadde ho teikna nydelege blyantstudiar av alt det rare som ho fann når ho gjekk tur i fjellet – av bark og steinar eller daude små fuglar eller meitemark. Og heldigvis for henne trefte denne interessa ei trend i samfunnet og i kunsten som passa med idear frå 1970-talet og katt og kaninar og sjølvberging og miljøvern og det nye kollektivet og renessansen for den materialbaserte kunsten.

Ho hadde lært å glede seg over litteratur og fann trøyst i bøkene når ho var lei seg. Ho var flink til å lage mat, og ho hadde bakt saftige glutenfrie brød og servert grøne smoothies til systrene og bestemora til frukost heile sommaren. ”Eit måltid er som ei teaterframsyning”, sa den minste scenografen. I alle høve går det an å kalle det ein happening meinte ho, for det hadde ho lært på teaterskulen. Der hadde ho hatt Zdenka Rusova til lærar og ho hadde lært om Sidsel Paaske og Wenche Mühleisen og Siri Aurdal og Kjartan Slettemark og Irma Salo Jæger og at det var like relevant å kjenne til formødre i kunsten, som det var å kjenne til Svoboda, Appia og Craig.

Då ho gjekk på teaterskulen hendte det at ho lurte på om det fans andre kvinnelige scenografar, ja, andre enn storesystrene og Kari Gravklev. Men ho spurte aldri, og rett som det var så var ho ein sjølv. Ho hadde lest om Kari Gravklev i Store Dorske Leksikon. Gravklev var den einaste kvinnelige scenografen som redaksjonen der hadde hatt tid til å skrive om. Regissørar og i sær mannlege regissørar, var det mange av i leksikonet. Ho hadde så veldig ynskt seg Kari Gravklev som lærar på skulen, men ho vart aldri invitert, og sjølv om dei var åtte jenter og berre ein gut i klassen og alle var heilt kvite var det berre kvite mannescenografar og kvite mannearkitektar blant dei gjestelærarane den kvite mannlege dekanen inviterte.

Under koronakrisa hadde den minste scenografen sådd økologiske gulleplefrø i hagen utanfor hyttekomplekset med den første morgonsola og tenkt mykje på klimaendringane. I den nye kulturmiljømeldinga som regjeringa hadde publisert hadde det stått at å bruke gamle bygg er betre enn å lage nye og då må det gjelde scenografi og, tenkte ho. ”Korleis kan eg lage scenografiar som er bærekraftige? Vi scenografer lager så mykje søppel”, sa ho høgt til seg sjølv og var bedrøva. Kvar morgon heile sommaren gjekk ho ein tur med katten medan ho funderte over dette. Telefonen hadde ho alltid med seg i tilfelle det skulle ringe ein interessant instruktør eller kanskje til og med ein teatersjef. Ho sat med heimesida si og oppdaterte den kvar kveld og håpa at ein instruktør kanskje var innom for å sjå på alle dei fine bileta ho la ut der og til dømes tenkje at denne søte scenografen er jammen dyktig. Ho vil eg arbeide med og så løfte opp telefonen og faktisk ringe. Den minste scenografen tok telefonen opp av lomma og sjekka den fleire gongar i timen.

Den mellomste scenografen spionerte på henne frå mellom trea i skogkanten. Ho kneip av dei første gullepletre-skudda når dei dukka opp, og ho hadde bytta ut sim-kortet i telefonen til veslesystera. Så når den minste scenografen tok telefonen var det alltid ein grei kar ifrå Norsk Galle som spurte henne om posesuppe eller kva for avis ho likte å lese på nettet, eller det var ein økonom frå Mannon Economics eller frå BI:CCCP eller Telemarks- eller Vestagderforsking eller Vikenforsking, som ville sende henne enda ei spørjeundersøking om kva for konsekvensar koronakrisa hadde for arbeidssituasjonen og økonomien hennar som kunst- og kulturarbeidar. ”Men spørjeundersøkingane har aldri ei eiga kolonne for scenografar eller kostymedesignarar som yrkesgruppe i og med at vi ikkje finst”, sa den minste scenografen. ”Eg finst visst nesten ikkje i røynda til desse hine som er forskarar og økonomar. Men det gjer ingenting for sola skin så varmt på huda mi og eg pustar og er så glad og derfor veit eg at eg finst”, tenkte ho med seg sjølv.

Den mellomste scenografen stod nede med brua og såg etter den minste. Ho likte ikkje at den yngre syster hadde vorten så frambusen på det siste og at ho hadde klart seg så bra i møtet med trollet. ”Hm, nei, ho blir aldri så god som meg”, tenkte ho med seg sjølv og gjekk ut på brua. Tripp, trapp, tripp, trapp.

”Kven er det som trampar på mi bru?”, spurte trollet. ”Å, det er den mellomste scenografen som skal til byen for å trene. Ja, den personlege trenaren min er tilbake på jobb, og så skal eg kanskje bygge eit skip som går like godt på land som på vatnet og i lufta med og vinne Hedda-prinsen og ei heil halv krisepakke.”

Ho hadde tenkt ho skulle lobbe litt for å få tildelt prinsen ved å mingle med det omfattande flettverket sitt på teateropningar og premierefestar. Teatra hadde tatt til å opne igjen etter koronakrisa og invitasjonane til store festar med viktige vener kom som perler på ei snor. ”Om eg lobbar godt kan eg få Hedda-prinsen utan strevet med å byggje skipet”, tenkte den mellomste scenografen. ”Ja, og heile den halve krisepakka kan eg investere i aksjar i BI:CCCP eller Mammon Economics. Eg får ringe og spørje Anne-Guri Furu om kva eg skal gjere. Eller kanskje eg skal spørje teatersjefvenninna mi, ho veit sikkert råd”, sa den mellomste scenografen til seg sjølv.

Teatersjefvenninna var teatersjef ved det største teateret i den store byen. Over henne og dei andre teatersjefane hang krava om å auke besøkstala ved teateret, frå kulturministeren sine rådgjevarar frå Mammon Economics ved Leon Grønåker og BI:CCCP og professor Anne-Guri Furu, som ei blaut bleie.

”Korleis kan eg få fart i besøkstala igjen etter så mange veker med stengt hus?” hadde teatersjefen spurt scenografvenninna si på telefonen. Det store teateret var statsfinansiert og teatersjefen reiv seg i håret. Ho drøymde at ho svømte i eit hav av takknemlege publikummarar som hadde sett haustens bestselar-roman sett opp på hovudscena. Enda ein gong med den styrtrike og svært omstridde Wilson Roberts som scenograf og regissør til eit astronomisk honorar. ”Kva om du hyrer deg enda fleire kommunikasjonsrådgjevarar då? ”, hadde den mellomstes scenografen foreslått. Ho visste det at om ho var løysingsorientert og prøvde å tenkje som om ho sjølv var teatersjef så var det noko venninna sette stor pris på. Dessutan ville det løne seg i form av kommande scenograf-oppdrag. Ja, slik var det.

Teatersjefen gjorde som den mellomste scenografen råda henne til og hyra enda fleire kommunikasjonsrådgjevarar med bakgrunn frå BI:CCCP. Med dei på laget kom leiingsgruppa i teateret på at dei kunne invitere Wilson Roberts og dei verdskjende romanforfattarane til å halde foredrag og mottakingar med kanapear, og då kunne teatersjefen telle publikum enda ein gong. Og det gjorde ho, og ho telte og ho telte, til og med når ein publikummar gjekk ut og tok seg ein røyk i pausen så vart han telt og når han kom igjen for å høyre resten av foredraget vart han telt, og om han gjekk på do vart han telt, og folk gjekk ut og røykte, og dei kom inn igjen, og dei gjekk ut og røykte for det gjer kulturfolket, og besøkstala gjekk i vêret og teatersjefen sov betre og betre om natta. Så glad og letta var ho at ho fekk laga ei omfattande kontrakt med scenografvenninna om at ho skulle få lage scenografi og kostymedesign til fem nye musikal-storproduksjonar den kommande sesongen.

”Ja, ikkje det at eg treng ein Hedda-prins”, sa den mellomste scenografen høgt til trollet, ”men alle vil jobbe med ein scenograf som har ein prins heime, ikkje sant? Å få ein prins i huset blir omtrent som å få ein veldig pen manager gratis!” Ho såg for seg at trollet ville forstå kva ho meinte.

”Nei, det der forstår eg lite av, sa trollet, og no kjem eg og tar deg!” ”Nei nei nei, gje deg no med det tullet der”, svarte den mellomste scenografen. ”Høyr her, kva er det eigentleg du vil, hæ? Har du det ikkje bra der du er? Er du ikkje nøgd, du som får vere ute heile tida og nyte norsk natur? Det er jo hit til fjells vi lengtar heile tida, vi andre som bur i byane!”

Den mellomste scenografen meinte det ho sa til trollet, for i røynda lengta ho ut av byen. Ho var lei, men ho kunne ikkje seie det høgt så konkurrentane eller systrene eller teatersjefane høyrde det. Den høge produksjonen hennar hadde byrja å ta på, og no stal ho gjerne andre sine idear og meinte sjølv at det slett ikkje var plagiat dei scenografikonsepta ho tente pengar på.

Veslesystera, som var ein oppdatert og internasjonalt orientert scenograf, såg kva systera held på med og skjemdes av henne. Ho sendte henne anonyme trusselbrev for at ho skulle slutte å plagiere andre scenografar, men ingen scenekunstkritikarar såg at det ho laga var plagiat. I det heile var korkje scenografens eller kostymedesignarens singulære innsats i scenekunstkollektivet eller scenografi eller kostymedesign som andsverk med opphavarrettar, spesielt anerkjent i landet.

Dei færraste kritikarane tenkte på scenografen eller kostymedesignaren som skapande kunstnar med opphavsrett til ei framsyning. Ei framsyning er regissøren si framsyning, meinte dei. Ja, eller dramatikaren. Dei var liksom både skapande og utøvande kunstnarar dei då for den som skjøner det, ja ho skjønte det ikkje, at det var dei som skulle krediterast for produksjonar og ikkje ho. Sjølv om lovverket i landet sa at alle kunstnarar som bidreg til ei framsyning har same og jamstilt opphavsrett til verket. Ja, med mindre ein sel seg ut då. Men det gjer dei færraste.

”Regissøren har faktisk ikkje meir rett enn scenografen til å kalle verket sitt, og ikkje meir rett enn til dømes lyddesignaren, kostymedesignaren, lysdesignaren, videodesignaren, maskedesignaren eller designaren for figurar som måtte vere med i framsyninga heller, visste du det, Troll? Slik er lova. Men likevel er det regissøren som blir tilkjent verket i ettertid. I alle meldingar og i alle bilettekstar og årsmeldingar og rapportar og bøker og historiebøker og oppslagsverk på internett og i krediteringar i videoar ifrå framsyningar så er det slik. Ja, og så lenge alle med makt, som teatersjefar og redaktørar og kritikarar tenkjer at det, nei det er vel heilt greitt, ja, så får det vere greitt å kopiere andre scenografar og kostymedesignarar og lysdesignarar og”, sa den mellomste scenografen til trollet. Ho visste at han ikkje hadde greie på dette, og det var godt å få sagt det høgt.

”Alle ser kva scenografar lagar, dei ser og deler på SoMe og i rapportar og i bøker, men dei ser og høyrer det ikkje likevel, og dei kjenner ikkje ansvar for å kreditere oss, så kven bryr seg då?”, spurte den mellomste scenografen ut i lufta.

”Hæ?” sa trollet han hang ikkje heilt med.

”Å, drit i det du da, eg meiner berre det at i eit slikt scenekunstklima med ei så stor og likeglad haldning til det scenografar som meg lagar, så kan eg halde fram med å plagiere andre scenografar heilt utan frykt for å bli ferska i plagiering! Hehe, ja dette har ikkje du greie på – og det er like bra!”, sa ho til trollet.

Den mellomste scenografen laga scenografiar som vart høgt prisa i meldingane for ideane ho hadde stelt, men ho vart ikkje nemnd med namn, så ho såg ingen grunn til at ho skulle slutte å stele. Dessutan var dei ideane og dei scenekonsepta ho stal, meir som lån å rekne. Og scenografen ho lånte frå burde kjenne seg æra, meinte ho. Den mellomste scenografen var alltid å sjå på premierar i byen eller på smale hipsterteaterfestivalar i Askim eller enda lenger ut på bygda. Ho las alt ho kom over om andre scenografar og stalka dei på nettet. Ho handla dyre kunstbøker på Amazooom med arkitektkona sitt kredittkort og goggla etter 1960- og 70-talls feministisk tekstilkunst og performancekunst som ho kunne kopiere i produksjonane sine.

Slik vart ho ein føregangskunstar innan ny-materialismen i scenekunsten i landet. Det skulle ikkje mykje til – denne renessansen var allereie passé i nabolandet Sverige og i Tyskland og i mange andre land. Men det var det ingen av dei norske kritikarane som visste. I England, der ho hadde studert, hadde dei lært at dei aldri måtte sy eit sting sjølv. Eller slå i ein spikar på snikkarsalen. Det var det skreddarane og teatersnekkarane som skulle gjere.

Derfor hadde den mellomste scenografen heller aldri jobba i det så kalla frie scenekunstfeltet kor scenografar ikkje berre teiknar og designar, men og må lage scenografiane sjølv. Oppdrag i det frie feltet var dessutan altfor dårlig betalt. Nei, ho hadde en jamn straum av tilbod ifrå institusjonsteatera og sa ja til åtte-ti jobbar i året ved etablerte teaterhus. Ho hadde ei pen årsløn takka vere ein gullkanta tariffavtale med mange lange paragrafar som ho tolka til sin fordel så langt det let seg gjere. Ho fakturerte alle oppdrag, men sa ingenting om det til kollegaene som trudde at alle med tariffavtale var solidariske og berre tok oppdrag i tariffområdet som lønsmottakarar, slik dei hadde jobba så hardt for i fagforeininga.

Faktureringa av alle oppdrag i tariffområdet gjorde det mogleg for henne å ha alle scenograf-assistentane gåande i arbeid for seg, og både ho og assistentane og teaterhusa var godt nøgde med ordninga. Nei, jobbtilbod i det frie scenekunstfeltet hadde ho alltid sagt nei til. Etter kvart hadde vener frå studietida som ville ha hjelp til å sette opp eigne framsyningar som skulle på turne med Skulesekk eller ha premiere med berre tre eller kanskje fem framsyningar totalt på Svart Box teater eller Teatergarasja eller Rosetornedalen Teater slutta å ringe.

Men ho likte godt å sjå framsyningar som andre scenografar i det frie feltet hadde laga. Det var jo der- og på biletdelingstenesta Pin-the-rest, at ho fekk dei gode ideane.

”Kunsten er daud”, hadde den mannlege kulturmann-arkitekturprofessoren hennar sagt på teaterskulen. Alt er laga før. Og, sidan ho gjekk på teaterskulen midt under postmodernismen, var det og der ho lærte å låne frå andre og gjere andre sine idear til sine eigne. Ja, så då postmodernismen var over så vart det til at ho fortsette å låne frå andre kunstnarar.

”Det er forskjell på å låne og å stele” sa den mellomste scenografen høgt og gløtta opp i bakken kor den minste scenografen sat på steinen ho hadde funne seg og venta på henne.

Systera smilte og vinka, og ho vinka tilbake.

Den mellomste scenografen vurderte avstanden til å vere så lang at veslesystera ikkje kunne høyre kva ho kviskra til trollet. ”Eg stel aldri, eg berre lånar og så gjer eg det til mitt. Eg lever ikkje i villfaring om at ikkje alt er funnen opp før for å seie det slik, for det er det, så då må vi berre bruke det, ikkje sant?

Ja, eg innrømmer det gjerne, eg er spesielt glad i å kopiere den tyske scenografen Katrin Brekk, har du høyrt om henne Troll? Ho er god, og så er ho så lett å kopiere for ho lagar konseptuelle scenografiar med berre eit materiale. Ja, som til dømes julepynt eller konfetti eller skumgummi eller såpeboblar. Men no går eg eigentleg og ventar skjønar du, for no er det lenge sidan Katrin Brekk har laga noko nytt. Du! Kanskje ho er i fødselspermisjon?”, utbraut den mellomste scenografen. Ho fann fram telefonen sin og goggla orda katrin og brekk og baby, men ho fann ingenting. ”Haha, ja ungar skal dei ha. Tenk å ville seg sjølv og karriæra si så vondt”, sa ho høgt. Men ho visste det at no måtte ho finne ein annan scenograf å plagiere og ho hadde allereie den yngste scenografsystera i kikerten.

Men først måtte ho komme seg over denne gamle steinbrua. ”Sei meg Troll, kva er det eigentleg du vil?”, ropte ho ned til trollet. Ho lente seg fram over gelenderet og myste inn under brua, men ho kunne ikkje sjå noko der inne i mørkret: ”Hallo? Er du der? Kva vil du?”

”Eg vil bli scenograf”, kviskra trollet. ”Hæ?”, svarte den mellomste scenografen. ”Kva seier du, er det sant?” ”Ja”, svarte trollet. Stemma var tydelegare no. Den mellomste scenografen tenkte seg om. ”Hm, dette kan eg kanskje bruke til noko, tenkte ho for seg sjølv. Eg kan bruke trollet som case i phd-prosjektet mitt, ja, eller kanskje eg kan få trollet til å bygge det skipet kulturministeren vil ha, det som kan gå like godt på land og på vatnet og i lufta med? ” tenkte ho.

”Åh, ja men så bra for deg!”, ropte ho til trollet. ”Også så heldig at akkurat eg kom forbi her no, kanskje eg kan hjelpe deg?” ”Hm, kva har du i veska di då du?”; spurte trollet og kika fram frå innunder brua. ”Åh, nei der har eg berre ein mobilladar og ei flaske vatn, ja og nokre kostymar assistenten min ikkje rakk å levere tilbake til HåeM”, sa scenografen. ”Ja, så no må eg gjere det sjølv.”

Ho ville ikkje dele med trollet av alt det gode som bestemora hadde lagt i sekken hennar. Ho tenkte med skrekk på korleis det ville gå om trollet vart aksjeeigar og fekk seg hus i strøket der ho sjølv budde og kanskje til og med fekk seg eit verv i Kulturrådet eller hytte på fjellet der ho likte seg så godt. ”Ja, nei det er berre nokre filler frå HåeM produsert av barnehender i Kina”, gjentok scenografen.

”Du lyg så det renn av deg”, sa trollet. Han var van med at fjellturistar var gjerrige, fór med fant og laug det dei var gode for. ”No kjem eg og tar deg!”, ropte trollet. ”Å, nei nei nei”, ropte den mellomste scenografen og la på sprang. ”Vent heller litt så kjem det to andre scenografar, ja, ho eine er riktig gamal og klok og ho kan heilt sikkert hjelpe deg! Ja, ho drøymer til og med om å bli lærar, så du skal sjå de to blir ein god match”, ropte ho til trollet og jogga lett etter den yngre systera.

I mellomtida hadde den gamle og den største scenografen sakka etter dei to andre på stien. Den gamle var så trøytt og gjekk så sakte og den største heldt henne med selskap. Den gamle var klok og bereist og hadde sett eit utal filmar og teater- og opera- og danseframsyningar i mange land. Ho var ein sann referansekunstnar og særleg god på utvikling av nye og særs originale konsept både for scene og film. Ho kunne foreslå overraskande samanhengar og servere skarpe analysar som langt overgjekk det dramatikaren eller manusforfattaren sjølv hadde tenkt på. Derfor var det ikkje mange dramatikarar ho hadde respekt for.

”Omsynslaus omgang med referansar og frampeik i manus, det er det verste eg veit”, sa ho til den største scenografen. ”Ein einaste glipp frå dramatikaren si side, så er det over og ut for meg. Då er det berre å skrive om, og det gjorde vi før i tida. Ja, eg laga endringane i scenografimodellen og i dreieboka mi og så var det det den gamle venen min, regissøren, som skreiv inn endringane i manuset. Ja, sjølv om eg og lagar ”scenetekst” i ei vidare og meir moderne forståing av omgrepet, ikkje sant? Ja, nei, så då fekk han dramatikarhonorar frå teateret attpå regihonoraret og koreografhonoraret, og då tente han nesten fire gonger så mykje som meg”, fortalde den gamle scenografen og rista på hovudet. ”Og så får manuset regissøren sitt namn på seg for all ettertid, medan min innsats blir borte i skodda”.

Men regissøren fekk ikkje Den Usynlege Ibsen-prinsen for manuset førre året heller. Det var det dramatikaren som fekk, sjølv om det var det ferdige manuset scenografen og regissøren saman hadde laga, som juryen for Den Usynlege Ibsen-prinsen fekk lese. Så då var det nasjonalskalden Eddy Hoegda som fekk prisen endå ein gong, og scenografen og regissøren sa sjølvsagt ingenting.

”Eigentleg er eg dramatikar”, sa den gamle scenografen, og om kveldane skreiv ho mange lange tekstar som ho lagra på datamaskina si. Dramatikken ligg i replikkane hadde ho høyrt på dramatikkseminar. Replikkane driv handlinga framover, og kan du skrive replikkar, ja, så kan du skrive dramatikk hadde forelesaren sagt. Men alt ho skreiv og alt ho jobba så vart det berre til at tekstane ho skreiv skildra rom og materialar, og ingen av karakterane ville snakke. Karakterane sitt indre liv fekk komme til syne gjennom fargeval og skildringar av lys, lyd og scenografiske endringar i ein dynamisk flyt over tid. Og alt stod på spel i tekstane, det var ikkje det, ho skapte momentum, ho skapte eit presens. ”Skap eit presens og eit momentum- så enkelt og så vanskeleg er det! ”, var det ein dramatikar som hadde sagt til henne, og ho fekk til det, det var ikkje det. Men karakterane ville ikkje snakke. Dei ville ikkje snakke med andre enn seg sjølve. Dei var einsame. Og ingen gadd å høyre om dei.

”Du, eg trur eg må kvile litt”, sa den gamle scenografen til den største. ”Ja, men sjå her no skal vi berre over denne gamle brua ,og så er det ein stein der på andre sida som du kan sette deg på”, sa den største scenografen. ”Ser du, no sit både den minste og den mellomste scenografen der på kvar sin stein og ventar på oss, ser du dei? ” sa den største scenografen og peikte. ”Nei, eg ser så dårleg når eg er sliten”, svarte den gamle scenografen, ho orka knapt å løfte blikket. ”Kom no, så kjem vi oss over brua berre, og så skal du få kvile litt igjen”, sa den største scenografen. Og så leide ho den gamle scenografen ut på brua. Subb, subb, subb, subb.

”Kven er det som subbar på mi bru?” spurte trollet.

”Ja, no må du svare då, du som har røynsle med psykopatar”, sa den største scenografsystera til den gamle scenografen og så slepte ho brått armen hennar, sprang frå henne der midt på brua og let den gamle stå igjen åleine med bylten sin.

”Hm, skal du berre springe? ” spurte den gamle etter henne, ho kjente det at den største scenografen slapp armen hennar. ”Er det slik du handterer motgang? At du overlet til andre å gjere jobben medan du berre stikk? ” Jaha ja, ja berre hald fram du, eg klarar meg, eg får freiste å godsnakke med trollet eg då”, mumla den gamle. ”Hallo? Kven er det som subbar på mi bru? ” spurte trollet. ”Ja, det skulle du gjerne visst kan eg tenkje meg”, snøvla den gamle scenografen. Men ikkje før hadde ho sagt det så vart alt svart rundt henne og ho segna om der ho stod, midt oppe på brua.

”Nei, men hallo!” ropte trollet irritert. ”Du kan ikkje berre legge deg ned her! Dette er mi bru og trafikken som går over denne brua er heile livsgrunnlaget mitt og no blir du liggjande i vegen. Ja, eg teller alle som går over brua og sender tala inn til kommunen. Dei vil ha bevis for at brua blir brukt, at den er liv laga, elles riv dei brua- hallo, flytt deg!” ropte trollet og kom fram frå innunder brua. Oppe på brua vart han ståande og sjå ned på den gamle dama med det lange sølvgrå håret som flauma utover den store bylten som låg ved sidan av henne. Ein sommarfugl kom og sette seg på nasen hennar. Ho såg ut som eit kunstverk og trollet kjente seg så skjør og rar og måtte felle ei tåre. Han bøygde seg ned og løfta den gamle kroppen forsiktig opp og la henne varsamt ned igjen ved ei stor eik på den andre sida av elva. Han gjekk ut på brua igjen og plukka opp den tunge bylten som om den var ei fjør og ga den til den gamle scenografen som pute. Den gamle sov tungt og trollet som likte å komme opp i lyset, sette seg like godt ned eit stykke unna henne der i grøftekanten for å passe på henne.

Den gamle scenografen sov tungt no og i draumen kom professor Rachel Hann til henne og sa: ”Hugs at det slett ikkje er kva scenografi er som er det rette spørsmålet å stille. Nei, det rette spørsmålet å stille er: Kva gjer scenografi?”

Den gamle scenografen kjente seg så varm og glad. Her kom dr. Hann og snakka til berre henne. Der i draumen hadde ho dr. Hann heilt for seg sjølv i eit stort auditorium. Berre trollet sat og sov i stolen ved sidan av ho, men han lea ikkje på eit augelokk. ”Er det ikkje logisk?”, kviskra den gamle scenografen og dulta trollet i albogen for ikkje å forstyrre forelesinga. Trollet løfta på hovudet og såg på henne: ”Jau, sjølvsagt. Det er fornuft i det der. Alt fell på plass. Eg er einig. Heilt einig”, svarte trollet og sovna igjen.

Den gamle scenografen var lukkeleg, det kjentest så rett alt. ”Dette er svaret, eg har sett lyset og eg elskar dr. Hann for dette”, ropte ho inni seg og var så glad så glad. Dr. Hann held fram med å snakke om kva scenografi gjorde med deg med meg med verda med scenekunsten og den gamle scenografen elska det, og dr. Hann snakka, berre til henne og til trollet om han ville høyre. Hann forklarte at scenografi er verder, worlds. Og den som lagar scenografi driv med det ein kan kalle verding, ja eller worlding på engelsk, ikkje sant? Åh, det eine nye ordet etter det andre var som musikk i øyrene til den gamle anglofile scenografen.

Dei andre scenografane sat framleis på kvar sin stein og hadde sett alt. ”Det er vel best vi lar henne sove, er de ikkje einige?” spurde ho dei to storesystrene sine. ”Ja, trollet er heilt sikkert eigentleg veldig snill, eg trur ikkje på at han nokon gong blir scenograf, det er det vel i sanning berre rentenistar som kan bli framover”, svara den største scenografen. ”Sjå der ja, alderen tar på!”, kommenterte den mellomste. ”Dei som ikkje er menn og ikkje har flettverket i orden, eller skaffar seg assistentar, blir ikkje gamle i dette yrket. Det er vel best vi lar henne sove, ja. Og når det gjeld trollet så trur eg han berre kan gløyme å bli scenograf. Nei, eldreomsorga vil heilt sikkert omfamne enno ein kunstnar. Og ein så stor og sterk medarbeidar blir dei glade for. Ja, det ser vi jo døme på her. Han er allereie godt i gong” sa den mellomste. ”Kom vi går.”

Dei let den gamle sove. ”Ho treng å kvile”, sa dei til kvarandre og kjente seg snille.

Den minste scenografen som og var lettast på foten la brått på sprang. ”Ha det!” ropte ho til systrene. ”Sjåast i byen!”

Etter kort tid låg ho eit godt stykke framom dei på stien. ”Den største storesyster mi skal jo berre hjelpe meg, og ho finn vegen sjølv. Den gamle kan eg ringe til om nokre timar når eg er framme på atelieret mitt i byen. Om eg lar henne sove under eika ved brua er eg godhjerta. Det blir to fluger i ein smekk og vinn vinn for oss båe”, sa ho til seg sjølv. ”Det er viktigare at eg får eit stort forsprang på den mellomste scenografsyster mi når eg må konkurrere med alle assistentane hennar om å bygge skipet”, tenkte ho.

– No one has the right to obey Hannah Arendt


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no