S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Gunhild Berge Stang – 19. februar 2021

Eit sterkare kulturliv

Ketil Frøland/Kulturdepartementet


Publisert
19. februar 2021
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Politikk

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/eit-sterkare-kulturliv/
Facebook

Statssekretær i Kulturdepartementet, Gunhild Berge Stang (V), kommenterer her den siste tidas debatt om Kulturrådet.

Eg ser at det pågår ein debatt i ulike fora om kva rolle og kva ansvar Norsk kulturråd skal ha. Engasjement er alltid bra, men for at alt skal bli rett vil eg gjerne rette opp nokre feil og mistydingar.

Den første – og kanskje den største – mistydinga er at “demokratiske prinsipp er i spel”.

Eg skjønar, og kjenner meg sjølv igjen i at endring i seg sjølv, og situasjonen vi alle er i no, kan skape utryggheit og usikkerheit. Og nettopp derfor er det viktig for meg å seie tydeleg at verken omorganiseringa av Kulturrådet, eller det at Kulturdepartementet i større grad vil bruke Kulturrådet som tilskotsforvaltar, på nokon måte trugar demokratiske prinsipp.

For sjølv om det er gjort endringar i tilskotsforvaltninga, så medfører ikkje det at det er overført vedtaksmakt til Kulturrådet, eller at kriterier for tilskot vil bli endra. Dette handlar om å bruke dei samla administrative ressursane på best mogeleg måte. Det er ikkje noko vi gjer i “ly av korona”. Å delegere forvaltning av tilskot til dei statlege verksemdene som ligg under eit departement er eit godt og vanleg grep i statsforvaltninga.

Og for at det skal vere heilt klart: Korleis ein til ei kvar tid vel å organisere oppgåver og fordeling av ansvar mellom eit departement og underliggande verksemder, er opp til departementet å avgjere.

Eg ser at det er nokre mistydingar som ser ut til å komme frå uklarheit om kva Kulturrådet faktisk er. Så eg startar der. Etterpå vil eg forklare bakgrunnen for dei endringene vi har gjort og kva dei inneber i praksis.

Norsk kulturråd sine oppgåver

Norsk kulturråd er eit statleg forvaltningsorgan som har heile landet som verkeområde. Norsk kulturråd består av

  • tre kollegiale organ (som styrer Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilde og Statens kunstnerstipend)
  • ein fagadministrasjon

Fagadministrasjonen har to hovudoppgåver:

  • Den eine er å vere sekretariat for dei kollegiale organa.
  • Den andre er å vere eit alminneleg forvaltningsorgan som utfører oppgåver for departementet, underlagt departementet si instruksjonsmakt.

Midla i Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilde og Statens kunstnerstipend blir forvalta etter armlengdeprinsippet. Det betyr at mottakarane av tilskot er fagleg uavhengige og at avgjersler som krev at ein nyttar kunst- og kulturfagleg skjønn ikkje skal vere underlagt statleg styring. Dei kollegiale organa er derfor ikkje underlagt departementet si instruksjonsmakt. Dei kan heller ikkje instruerast i einskildvedtak om fordeling av tilskot og stipend/garantiinntekter.

Armlengdeprinsippet har vore, og er, ivaretatt.

For å seie dette på ein enklare måte. Norsk kulturråd er altså to funksjonar har same namn. Dette er Kulturrådet sin administrasjon, som allereie er eit direktorat, og har hatt direktoratfunksjonar sidan midten av nittitalet. Og det er dei kollegiale organa (sjølve rådet og fagutvala rådet setter ned sjølv) som blir omfatta av prinsippet om armlengdeavstand til politiske avgjerdsler.

Omorganiseringa av Norsk kulturråd Den nylege omorganiseringa av Norsk kulturråd har direkte bakgrunn i eit oppdrag frå Kulturdepartementet om å sjå på forvaltningspraksis og organisering.

For Norsk kulturråd har det vist seg å vere naudsynt å utvikle ein meir heilheitleg forvaltningspraksis og ein organisasjon som i så stor grad som råd er utforma for å dekke Kulturrådet sitt samla behov. Kulturrådet ønskjer å styrke faglegheita og utnytte kompetansen på tvers av dei felta dei har ansvar for. Det omfattar verken de kollegiale organa, samansetninga av rådet eller utvala, eller innretninga av tilskotsordningane.

Tilskotsforvaltning I kulturmeldinga framgår det at det er ønskjeleg å overføre meir ansvar for tilskotsforvaltninga til Norsk kulturråd. I forslaget til statsbudsjett for 2021 fulgte vi opp dette ved å overføre tiltak til administrativ forvaltning.

Kva er det vi vil oppnå med denne overføringa? Det handlar rett og slett om å i større grad likebehandle same type tilskotmottakarar og styrke faglegheita i forvaltninga av driftstilskot På den måten sikrar vi og eit bedre grunnlag for dei politiske avgjerdene. Det er altså ikkje snakk om at administrasjonen skal gjere kunstfaglege vurderingar av kunstnerisk program, men at dei skal gjere vurderingar av korleis tilskotsmotakarane driv, og den totale verksemda.

Det er ikkje nytt at Kulturrådet sin fagadministrasjon forvaltar tilskotsmidlar utanfor dei tre fonda, eller at Kulturrådet bistår departementet i tilskotsforvaltninga. At forvaltninga av fleire tilskot blir flytta til fagadministrasjonen handlar ikkje om at Kulturrådet får utvida sitt mandat, men om at dei skal gjere meir av det dei allereie gjer.

Musikk- og scenekunstinstitusjonane Det er korrekt at vi har bede Norsk kulturråd om å bistå i gjennomgangen av musikk- og scenekunstinstitusjonane sine budsjettsøknader og rapportering. Dette er ei forbetring av ein allereie eksisterande arbeidsdeling mellom departementet og Kulturrådet på dette området. Det er noko også musikk- og scenekunstinstitusjonane vil vere tent med.

Kulturrådet har i fleire år hatt ansvar for forvaltning, drift og utvikling av tekniske løysingar knytt til den felles søknadsportalen for søknadar om faste driftstilskot. Norsk kulturråd har også hatt oppgåva med å utarbeide og kvalitetssikre publikums- og aktivitetsstatistikk for musikk- og scenekunstinstitusjonar sidan 2019.

Det er behov for at Kulturrådet no tar ein større del av arbeidet rundt support og bistand i søknadsprosessen, nettopp for å videreutvikle arbeidet med publikums- og aktivitetsstatistikken. Fagadministrasjonen i Norsk kulturråd skal gjere ein første gjennomgang av søknadar og rapportar, og levere ei kvalitetssikra samanstilling og vurdering av søknadar og statistikk som vi så kan bruke i den vidare sakshandsaminga.

Kulturdepartementet har framleis ansvaret for søknadshandsaminga og vurderinga av om musikk- og scenekunstinstitusjonene når måla dei har satt seg, sjølv om delar av denne gjennomgangen blir gjort av Kulturrådet sin fagadministrasjon. Korleis dette kan vere ein tilleggsbyrde for institusjonane i koronasituasjonen, og korleis det å flytte denne type teknisk gjennomgang og oppfølging lenger unna oss politikarar kan truge armlengdeprinsippet, er ikkje heilt til å forstå.

Vi meiner grepa vi har tatt er naudsynte, og styrkar kulturlivet i seg sjølv. Det handlar om å utnytte ressursar betre, forbetre og utvikle søknadshandsaminga og sikre kvaliteten i forvaltninga ved at samarbeidet mellom underliggande etat og departementet om tilskotsforvaltninga blir betre. Det er ikkje eit trugsmål mot demokratiet, men ein demokratisk styrke.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no