S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 5. juni 2019

Eirik Stubø blir husregissør på Det Norske Teatret


Publisert
5. juni 2019
Sist endret
25. mai 2023

Notiser

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/eirik-stubo-blir-husregissor-pa-det-norske-teatret/
Facebook

Eirik Stubø går inn i den kunstnarlege staben ved Det Norske Teatret. Dette melder teatret i en pressemelding.

Teatersjef Erik Ulfsby er svært glad for å ha engasjert den ettertrakta teaterleiaren og regissøren, og ser fram til å knytte han tettare til Det Norske Teatret. I perioden 2021-25 vil Stubø vere knytt til teateret som ein av fire husregissørar, saman med Johannes Holmen Dahl, Kjersti Horn og Peer Perez Øian.

– Eirik Stubø er ein sterk regissør av internasjonalt format. Eg er glad og stolt over at han har takka ja til å vere med å prege scenekunsten ved Det Norske Teatret ut min periode som teatersjef.

Eirik Stubø er også glad for engasjementet. Han har følgd teaterets kunstnarlege utvikling gjennom dei siste åra.

– Eg ser fram til å kunne vere med på å bringe Erik Ulfsbys prosjekt vidare. Det blir kjekt å kunne arbeidde langsiktig ved Det Norske Teatret, eit teater eg kjenner godt frå tidlegare produksjonar, seier Stubø. – Eg har gode minne frå teateret og har med nysgjerrigheit følgd den positive veksten dei har opplevd dei seinare åra. Det er eit fantastisk ensemble, og eit godt og kreativ arbeidsmiljø eg no blir del av.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no