Selome Emnetu i Medea x 2. Foto: Øyvind Eide. Scenograf og kostymedesigner: Sven Haraldsson. Lys: Phillip Isaksen

Ein ser det ikkje før ein trur det

2 x Medea er ei framsyning som er så stinn av sterke verkemiddel at eg sluttar å bry meg.

Medea drep borna sine. Skal dette tolkast bokstaveleg slik Kjersti Horn og ensemblet hennar gjer på Torshovteatret eller kan Evripides Medea sjåast som eit bilete på skilsmisse? Lir Evripides sin klassikar under regissørar sin evinnelege hang til å tolke barnedrapa bokstaveleg, eller må vi rydde bort tabuet og innsjå at mennesket er i stand til å drepe eigne born slik drapsstatistikken syner?

Ny og gamal tekst
2 x Medea er sett saman av deler av originalteksten til Evripides og bestillingsverket Moral ifølge Medea av dramatikaren Athena Farrokhzad. Den runde scenen på Torshovteatret er dekt av eit grunt basseng. Det regnar frå taket og Medea (Selome Emnetu) travar kvilelaust omkring.

Først vert den omarbeidde orginalen spelt med utestemme og store gestar under ausande regn. Det er til tider vanskeleg å høyre kva som vert sagt og trass i skodespelarar som både kan og vil yte, står det heseblesande tempoet i vegen for formidlinga. Så stilnar regnet og den nye teksten overtek.

Den tek form som ein slepande, poetisk monolog frå Medea sjølv, der ho sit matt og messande ved dei innpakka likene av dei to barna sine. I den rolege monologen vert teknikken ei hindring der ulydar frå mikrofonen stadig bryt inn og forstyrrar ei scene som er så stille at ein høyrer kvart minste knirk frå stolane. Dette er synd, for Selome Emnetu gjer ein imponerande jobb som Medea i begge rundane. Dei to tekstane er skilt av 2500 år med verdshistorie, og kontrasten mellom det oppstylta språket til Evripedes og det poetiske språket til Farrokhzad er stor. Det er som om Torshovteatret freistar å forklare den gamle med å skriva ein ny, for å vise kva som hender i Medea sitt kjensleliv etter drapa.

I den nye teksten fell ikkje Farrokhzad noko dom over Medea, men ho forsvarer henne heller ikkje. Monologen varer omlag i 45 minuttar og held seg til eit repeterende mønster som nok er meint å stå som kontrast til den hektiske første halvdelen. Likevel vert det vel langdrygt og monotont. Ho har nokre fine poeng som festar seg hjå meg. Dette gjeld særleg Medea sin slutning om at «Nå som alle er døde er moralen min eneste følgesvenn.» Nokon vil hevde at Medea tek hemn over heile patriarkatet.. Andre vil hevde at denne hemnen rammar kvinnene meir enn noko anna. Det er ikkje ulovleg å byte partner, men det er derimot ulovleg å drepe. Såleis kan ein hevde at Medea sjølv må stå til ansvar for det ho har gjort.

Er Medea representativ?
Skodespelarane er kledd i joggeklede av den sorten ein ikkje joggar i. Dette er joggeklede ein tek på seg fordi ein for lengst har resignert og ikkje orkar å ta stilling til noko som strammar.  . Statistikk viser rett nok at sosiale tilhøve speler inn i barnemordsaker, men framsyninga viser inga vilje til å dukke ned i denne problematikken på anna vis og den antyda samanhengen mellom klasse og barnemord vert ikkje berre dryg, men beint ut katastrofal både estetisk og etisk.

I Noreg var det gjort lite ny forsking på barnedrap før kriminolog Vibeke Ottesen i 2016 kartla kva som kjenneteikna gjerningspersonar, ofre og omstende for barnedrap for åra 1990-2009. Ho granska 39 barnedrapssaker frå denne perioden for å finne fram til førebyggjande tiltak. Dei statistikkane vi kjenner til tar diverre ikkje for seg langvarig mishandling som leier til død. Difor er det grunn til å tru at fins mørketal. Det er sagt om barnemishandling at ein ser det ikkje før ein trur det. I Medea sitt høve hadde det vore vanskeleg å gripe inn på eit tidlegare tidspunkt. Ho drep på impuls for å ramme Jason (Emil Johnsen), mannen som gjekk frå henne for å leve saman med dotter til kong Kreon (også spelt av Emil Johnsen). Hjå Medea og Jason er det ikkje snakk om langvarig mishandling og generell omsorgssvikt slik det oftast er i slike saker. Dette gjer Medea lite representativ for kvinner som drep barna sine her i Noreg.

Forspelt fortolkningsrom
Men Evripedes må ikkje nødvendigvis tolkast bokstavleg. Forfattar Rachel Cusk skreiv sin versjon av Medea i 2015, og valde å sjå Medea som eit bilete på samlivsbrot og korleis dette framfor alt rammar barna. Det er det turbulente forholdet mellom foreldra Jason og Medea som leier til den fatale utgangen. Etter å ha sett den bokstavlege tolkinga 2 x Medea på Torshovteatret synest eg Cusk har eitt poeng, kanskje hadde denne inngangen til stoffet vore vel så interessant.

Regissør Kjersti Horn brukar sterke verkemiddel for å skildre barnedrapa og føyer seg såleis inn i rekka av regissørar som insisterer på at Evripides skal takast bokstavlig også i vår tid. Drapa på dei to gutane vert skildra med kveling, svart teip, bøtter med blod, svarte bossekkar, strobelys, støyande musikk og slenging av lik frå galleriet. Det er malt med så breie strøk at eg sluttar å bry meg og distanserer meg frå det som hender. Dette er ei framsyning som hadde vore tent med at det kunstnarlege laget tok ein ekstra runde med seg sjølv for å finne ut om det verkeleg er slik ein vil tolke 2500 år gamle tekstar. Den nyskrivne monologen er eitt edelt forsøk på å sjå Medea med nye briller, men det er diverre ikkje monologen eg sit att med. Den druknar i støyen frå resten av framsyninga og det er lik-kastinga eg kjem til å hugse, lite anna. Framsyninga lir såleis under regissøren sitt ynskje om å tolke Evripides bokstavlig og resultatet vert ei framsyning som ikkje nyttar fortolkingsrommet som bur i teksten og såleis held røyndommen på trygg avstand.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER