S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 11. mars 2013

Ein kulturpolitikk med omsyn til det ulike

Erik Ulfsby. Foto: dittoslo.no


Publisert
11. mars 2013
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ein-kulturpolitikk-med-omsyn-til-det-ulike/
Facebook

INNLEGG: – For å forme ein vidare kulturpolitikk må ein ta ein grundig kikk bak tala og sjå kvar institusjon for seg. Tala fortel noko, men på ingen måte alt, sa teatersjef ved DNT Erik Ulfsby, då kulturministeren sist veke ba han tenkje høgt om kulturpolitikk.

Kjære statsråd, kjære alle saman,

Eg er blitt beden om å tenkje litt høgt om kulturpolitikk og utfordringar frametter. Eg er også beden om å ta utgangspunkt i eigne erfaringar, og vil såleis konsentrere meg mest om scenekunsten.

Aller først vil eg, nokre få timar før klokka slår, seie noko om Oslo Nye Teater og den politiske behandlinga teatret har vore utsett for. Det fyller meg med stor uro når eg ser politikarar som med forholdsvis låg kunnskap om teater går lause på ein så viktig institusjon. Ein kastar ut eit ord, som førebels er heilt utan innhald. Prosjektteater. Og trer dette ned over hovudet på ein institusjon med ein historikk og ein etablert posisjon som skulle tilseie alt anna enn det. Deretter justerer ein det til noko ein kallar delvis prosjektteater, og som i alle fall ingen veit kva er. Teatret skal no freiste å finne ein teatersjef som skal leie noko ingen eigentleg kan seie noko fornuftig om. For meg står dette fram som ambisjon om å kutte budsjett, i ein slags kunstnarleg kamuflasje. Prosjektteater blir etterspurd i deler av det frie feltet, og fungerer utmerka fleire stader i Europa der det bur om lag 50 millionar menneske innanfor ei to timars togreise. Vi held til i ei anna verkelegheit. Oslo Nye Teater skal fylle 717+380 sete kvar kveld. Det kan dei nok klare, men dei prosjekta heiter i så fall heller Dagfinn Lyngbø og Anne Kat. Hærland enn dei heter De Utvalgte og Verdensteatret. Og det var vel ikkje meininga? Eller kanskje det var akkurat det.

Norske teaterinstitusjonar har ulik historie, ulikt oppdrag og ulik framtid, og det er vesentleg at dei løyvande styresmaktene ser det. Det kan vere krevjande, i ei offentlegheit som likar å generalisere. Vi er forskjellige, til dels svært forskjellige, og ein god kulturpolitikk må ta omsyn til det. I norsk teaterdebatt les vi ofte om at institusjonsteatra må slutte med ditt eller datt, eller at teatersjefane må byrje å gjere sånn eller slik. Altfor sjeldan ser ein på det einskilde teatret, den einskilde institusjonen. Nokre raske døme frå min ståstad på Det Norske Teatret: Då den friske Egner-debatten raste for nokre månader sidan kunne ein lese fleire kommentatorar som skreiv at det var fint med Egner, men kvifor kunne ikkje teatersjefane ved dei store teatra innimellom satse på noko anna og nyskapande osb. Når ein skriv og synsar om dei store teatra så reknar vi med at ein inkluderer Det Norske Teatret. Det gjer nok andre lesarar òg. Kanskje til og med politikarar. Men Det Norske Teatret har aldri nokon gong spelt Thorbjørn Egner. Og kjem høgst sannsynleg aldri til å gjere det heller. Det handlar om fleire tilhøve. Om språk, og om vilje til nyskaping, og slik har det vore i 100 år no. Men same kor mykje nytt vi har for barn, slår ein som regel teatra saman, ser vekk frå både faktiske og historiske forhold, og trekkjer ein konklusjon. Det er viktig at kulturpolitikk ikkje baserer seg på det same prinsippet.

Eit anna døme på teaterdebatt frigjort frå historikk, oppdrag og realitet er debatten om tilhøva ved privatteatra, og den påståtte kommersialiseringa ved institusjonane. I oktober gir Det Norske Teatret ut si 100-årshistorie. Den som etter å ha lese den framleis vil hevde at vi blir meir og meir kommersielle les historie og statistikk som fanden leser Bibelen. Det er eit gledeleg faktum at vi i dag når fleire menneske med eit repertoar som er offensivt og ambisiøst, og med ei klar hovudvekt på materiale som utfordrar og peikar framover. Men det er viktig også her å vere klar over at historikk, oppdrag og realitet for dei ulike teatra også gjer det naturleg frå tid til anna med satsingar som har kommersielt potensial. For Det Norske Teatrets del kan ein til dømes ikkje frikople språkoppdraget vårt frå repertoaret. Skal det finnast scenekunst med kommersielt potensial på nynorsk? Skal det finnast underhaldningsteater på nynorsk? Det skal det naturlegvis, og det er berre Det Norske Teatret som har teke, og kan ta ansvar for dette. Det handlar om historikk, om oppdrag og ikkje minst om oppbygd kompetanse. Det Norske Teatret er eit musikkteater i verdsklasse. Å påleggje oss å slutte å spele store musikalar, for at private produsentar skal få betre vilkår, ville vere ein kulturpolitisk skandale og ramme kvaliteten på musikkteater i Noreg hardt. Derimot bør det oppmuntrast til eit større samarbeid mellom institusjonane og dei private produsentane. Ein stor musikal produsert på eit institusjonsteater kan i godt samarbeid med private turnere heile landet. Slik kan ein styrkje kvarandre, i staden for å sjå på kvarandre som konkurrentar i ein liten marknad. Allereie neste år vil Det Norske Teatret etablere eit slikt samarbeid, slik vi også samarbeider med fleire frie grupper om andre typar produksjonar. Men også her er det slik at ein må skilje institusjonane. Meir samarbeid med frie grupper, seier politikarane med jamne mellomrom. Men kva tyder det til dømes for Det Norske Teatret? Skal vi samarbeide med frie grupper som spelar på bokmål? Skal dei i så fall spele på bokmål på våre scenar? Eller skal vi krevje at dei spelar på nynorsk? Har dei i så fall kompetanse og ferdigheiter til det? Kvar enkelt institusjon har altså ulike utfordringar, og generelle løysingar og oppmodingar lar seg ikkje utan vidare implementere overalt.

Mykje er bra, og til dels svært bra, med norsk kulturpolitikk. Men på same måten som helsedebattar får det til å høyrast ut som om norske sjukehus er eit einaste stort katastrofeområde, har kulturdebattar ein tendens til å måle eit bilete av eit tungrodd, defensivt og like fleksibelt kunstliv. Eg trur det er ein avgjerande føresetnad for å kome vidare, at stoltheit over kva vi faktisk har lykkast med blir kommunisert tydelegare enn det vi får til i dag. Frå min ståstad opplever eg at norsk teater er attraktivt, også internasjonalt. Sentrale internasjonale krefter oppsøkjer oss og vil jobbe her. Og det kjem ikkje av lønnsvilkåra. I mange tilfelle er vilkåra vi kan tilby her dårlegare enn dei får i mange andre land. Vi får også mange førespurnader frå internasjonale arrangørar som ønskjer framsyningane våre. Nokre gonger får vi til å reise ut, men dei aller fleste førespurnadane må vi av praktiske grunnar dessverre takke nei til. Det frie feltet har vore flinke til å reise ut og vise seg fram. Vi på institusjonane vil gjerne følgje etter, men vi kan ikkje utan vidare stengje teatret heime for å spele i Brüssel i staden. Eit ytterlegare løft i rammene for institusjonane vil gjere det mogleg med meir internasjonal utveksling. Vi har mykje å vere stolte av i norsk teater, og vi vil at heile verda skal sjå.

Anne Enger-utvalet legg vekt på at kulturløyvingane har gått opp under Kulturløftet utan at dette har gitt utslag i større publikumsbesøk. Og det er rett at teatra har hatt eit nokså stabilt nivå på besøket dei siste sju åra, trass i betre rammer. Noko anna kunne ein heller ikkje vente. Det Norske Teatret har om lag 1000 sete fordelt på tre scenar. Nationaltheatret har noko tilsvarande, Den Nationale Scene om lag 700. Viss vi reknar med at talet på speledagar i året er om lag 220 får vi eit snitt på 600.000 tilgjengelege plasser. Besøket for dei tre nasjonale institusjonane har dei siste sju åra lege kring 500.000. Det er altså grenser for kor mange fleire publikummarar ein kan få inn. Det ligg også naturlege avgrensingar i folketalet i byen som teatret skal tene, og det er verd å merke seg at Den Norske Opera & Ballett nesten har tredobla publikumstalet sitt etter flyttinga til Bjørvika, utan at dei andre nasjonale institusjonane har mist oppslutning.

Skal ein få til ein ytterlegare og substansiell auke i teaterbesøket er løysinga å auke kapasiteten, til dømes ved å spele på sundagar. Det ville monne skikkeleg. Men det er heller ikkje slik at kvar volumauke til institusjonane har som mål å auke publikumsbesøket. Til dømes har Det Norske Teatret fått auke for å starte prosjektet Det multinorske, som er ei utdanning for elevar med minoritetsbakgrunn. Denne volumauken kan ikkje målast i auka besøk, men vil vonleg gi norsk teater eit løft på andre viktige område.

Det er altså fleire parameter enn auka besøk som må brukast når ein vurderer om pengane er vel brukte. På Det Norske Teatret har dei auka løyvingane, i tillegg til Det multinorske, gått til fleire produksjonar, og omlegging til repertoardrift, og gjer oss dermed mindre avhengige av få og store publikumsmagnetar. Dette gir eit markert mykje betre kvalitativt tilbod til befolkninga. At ein i tillegg har fått betre lønns- og arbeidsvilkår, og gjort naudsynte investeringar i tilhøva ved bygningen tyder også mykje. Det gir betre vilkår for kunsten framover.

Eg vil også kort seie noko om den tilbakevendande påstanden om overadministrasjon. Frå min posisjon på Det Norske Teatret er det ein feil observasjon. Delen av lønnsmidlar som går til kunstnarar er ved Det Norske Teatret mellom 35 og 43 %. Litt avhengig av repertoaret dei ulike åra. Det er ikkje eit overadministrert hus. Faktisk er biletet til dels motsett. Trass i svært høg aktivitet er det framleis kunstnarlege ressursar som ikkje blir nytta til fulle på teatret. Med nokre fleire teknisk/administrative årsverk kunne desse ressursane blitt utnytta betre, og teatret kunne produsert endå fleire framsyningar. Det er inga løysing å berre tilsetje fleire kunstnarar, utan bemanning til å få kunsten ut til publikum. Skal ein forme ein vidare kulturpolitikk må ein sjå på kvar institusjon for seg, og ta ein grundig kikk bak dei ulike tala. Tala fortel noko, men på ingen måte alt.

Eg har snakka mykje om mangfald i andre samanhengar, og skal derfor avgrense meg denne gongen. Men eg vil understreke at det er viktig å vere utålmodig her, og å anerkjenne at sjølv om tida arbeider på lag så arbeider den litt for sakte. Det må konkrete tiltak til for å få fart på heilt naudsynte prosessar. Om Det Norske Teatret skal halde fram å heite Det Norske Teatret i hundre år til, så må både Det Norske og Teatret fyllast med nytt innhald. Det er vi godt i gang med, og eg håpar og trur kulturpolitikken framover vil halde fram å bidra med rammer som gjer det mogleg med endå sterkare satsingar.

Til slutt: Det blir kutta i Europa. Vi veit vi er heldige i Noreg. Men også grøne greiner må vatnast om dei skal strekkje seg vidare og få nye, friske skot.

Takk for merksemda.

Dette innlegget vart halde på Dansens Hus 6. mars 2013. Møtet var det første i ein serie der kulturminister Hadia Tajik skal reise til alle fylka i landet denne våren for å få innspel til korleis Regjeringa bør forme kulturpolitikken for dei kommande åra.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no