S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 15. februar 2021

Ein etterlengta latter i koronakulda

Foto: Espen Nyttingnes. Visuell konsulent Synnøve Ringdal. Lysdesignar Krystian Myska


Publisert
15. februar 2021
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Du og eg og dei to av Marc Svahnström

Teater Vestland Premiere i Naustdal, 12. februar 2021

Omsetjing: Tove Bakke Regi: Philipp Stengele Visuell konsulent: Synnøve Ringdal Lysdesign: Krystian Myska

Medverkande: Christine Hope, Idun Losnegård, Torgny Aanderaa og Tore Christian Sævold


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ein-etterlengta-latter-i-koronakulda/
Facebook

Å, så godt det er å le att! Sjølv om eg legg ein dempar på mine eigne latterkuler når det berre er ni andre i salen.

I det eine hjørnet i Fosshalla i Naustdal står det ein nærare fire meter høg vedomn. Golvet er nedslitt etter tusenvis av dansesteg, og det er ein eim av fest på lokalet og revy. Og det er noko lokalrevyaktig over Du og eg og dei to, vel og merke ein høgst profesjonell revy.

I ein sofa frå IKEA På scena får vi sjå heimen til Ann (Christine Hope) og Anders (Torgny Aanderaa). Den er svart og minimalistisk med ein sofa nær scenekanten og eit dekka middagsbord i bakkant. Ein attgløymd mobiltelefon og eit krystallfat frå Tyskland har og vesentlege og avslørande rollar. Kostyma er like gjennomførte som typane og forsterkar dei ulike personlegdomane.

Heilt sida Ann og Anders spleisa Per (Tore Christian Sævold) og Pia (Idun Losnegård), har dei to para hange saman i tjukt og tynt. Dei to para, fire svært ulike menneske i førtiåra, vellukka, lykkelege, kanskje litt overflatiske, har nytt eit betre måltid. Tonen er raudvinsavslappa, og det er tydeleg at dei kjenner kvarandre godt, her er det lov å erte kvarandre. Men det er ofte Per det går utover. Det har det alltid gjort, kjem det fram etter kvart. I denne sofaen frå IKEA sit mor og mobbar far.

Det er under denne månadlege fellesmiddagen at Per slepp bomba; han og Pia skal skilje lag. Pia er rasande, Ann og Anders er i sjokk, dei nektar å tru det. Idyllen sprekk. Kva no med middagane, reisene til Alpane, venskapen mellom ungane?

Kalkulerande kvinner, feige menn Bak all komikken lurer alvoret, der lurer dei eksistensielle spørsmåla om kva vi vil med liva våre, korleis skal ein vege omsynet til seg sjølv opp mot familien? Samstundes er det ikkje første gongen ein mann som nærmar seg 50 hoppar av det trauste og føreseielege familielivet til fordel for ei langt yngre dame, som attpåtil er ein sprek yogalærar. Det er patetisk, ja visst. Men vi får absolutt sympati for Per også. Pia har hatt eit rikt liv utanfor heimen der Per har teke hovudansvar i alle år.

Og ein dag orkar ikkje Per meir. Han har funne kjærleiken ein anna stad, og verst av alt – det er niesa til Anders, ei han har skifta bleie på. Er det mogleg å halde fram som vener etter dette? Korleis skal det i tilfelle gå til? Korleis skal dei to familiane kunne gå vidare?

Når livet raknar for den eine familien, kjem tvilen også fram mellom Ann og Anders. Er det ikkje litt lite spenning i kvardagen deira?

Den same ubalansen i styrkeforholdet gjeld også Ann og Anders. Han er den litt tutlete, svake. Som når Ann trugar mannen sin til å seie at Per er eit svin, at alle menn er svin. Det må vere ein mann som har skrive dette, og det er det jo. Ein skulle tru at Marc Svahnström har høyrd NRK-serien Havarikommisjonen før han skreiv Veni Vidi Amavi, som er originaltittelen. Der møter vi par som har gått frå kvarandre og samlivsekspertar som prøver å finne ut kva som gjekk galt – og om det hadde gått an å redde forholdet.

Hysterisk moro til ettertanke Tempoet er høgt, dei fire sit ikkje mykje roleg i sofaen. Det er ingen daudpunkt, og det er imponerande korleis dei fire skodespelarane klarer å halde trykket oppe gjennom alle tre aktar når det berre er ti tilskodarar på grunn av koronatiltaka. Spinkel humring kan ikkje gje den same responsen som eit større publikum. Men vi ler høgare etter kvart. Kanskje er det ei slags forståing for at vi har eit større ansvar enn vanleg for samspelet mellom skodespelarane og oss. Vi kosar oss, vi set pris på dette, høyrer de?

I andre akt får vi eit tilbakeblikk frå den første, nyforelska tida, då den dominerande Pia latterleggjer den klumsete, bandasjerte Per etter eit stygt og hysterisk komisk fall i skibakken i Alpane. Vi forstår at forholdet var skeivt heilt frå starten. Ho er den sterke, det er ho som gjer karriere og styrer vala. Samstundes tippar det absurde litt over i det banale med litt for mange billege poeng. Men andre akt er kort, og i tredje akt tek det seg opp att til nye høgder når vi får vite korleis stoda er sju månader etter den skjebnesvangre middagen.

Happy end Eg skal ikkje røpe slutten, men for Pia og Per er det nok for seint å redde stumpane. Men det er ein lykkeleg slutt, for alle fire. Vi er så ulike, vi menneske. For nokon kan det vere nok kjærleik i å sitte saman i sofaen og sjå Game of Thrones. Då har ein iallfall noko felles. Andre treng meir spenning.

Dette er den første premieren under den nye teatersjefen Cecilie Lundsholt, som tok over etter Bodil Kvamme 1. januar i år. Dette teiknar bra, om no berre koronarestriksjonane på lause stolar vert lempa på, slik at ein kan vere fleire i salen og sleppe ut høgst presserande latterkick frå starten.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no