S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ingrid Weme Nilsen – 15. februar 2021

Eg etterlyser medkjensle for samfunnet

Ingrid Weme Nilsen. Foto: Det Norske Teatret


Publisert
15. februar 2021
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Politikk Teater

Innlegget ble først publisert i Aftenposten, og vi republiserer med tillatelse.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/eg-etterlyser-medkjensle-for-samfunnet/
Facebook

Det som gir meg eit intenst ubehag, er politikaranes manglande forståing av kunstens funksjon i samfunnet.

NRK refererte 2. februar til bloggaren Kokkejævel, som no vurderer å gifte seg inne på Hennes & Mauritz i staden for i Nordlyskatedralen. På Hennes & Mauritz er det lov å samle 120 personar. I Nordlyskatedralen er det berre lov å ha ti.

I same sak peikar teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret på det forunderlege paradokset at han før jul kunne samle ti personar i si eiga leilegheit, men det ville ha vore forbode å ta med dei same ti inn på Det Norske Teatret. Det har breidd seg eit ubehag i kulturlivet av å sjå kor langt ned på prioriteringslista vi kjem.

Og eg snakkar ikkje om pengar. Ikkje denne gongen. For sjølv om støtteordningane kanskje ikkje treffer alle dei burde treffe, så er det ingen tvil om at kulturminister Abid Raja (V) blar opp for å kompensere kunstnarane for tapte inntekter. Det er ikkje der skoen trykker mest. Iallfall ikkje for meg. Iallfall ikkje no. Det som gir meg eit intenst ubehag, er politikaranes manglande forståing av kunstens funksjon i samfunnet.

Kva kunsten vil med oss For kva er kunst? Er det fjas og moro og sprudlevatn og påfuglfjør?I så fall skjønar eg godt at vi kan vente med å opne igjen. Eller er det slik eg har trudd, heilt sida eg for første gong las Aristoteles, at kunsten har ein nødvendig og unik funksjon i samfunnet?

Aristoteles sine to kjerneomgrep mimesis (etterlikning) og katarsis (reinsing) dannar utgangspunkt for nesten all vestleg kunstteori. Er vi fortrulege med desse omgrepa i dag? Forståinga av dei har endra seg, sjølvsagt. Det har gått 2300 år sidan Aristoteles skreiv Poetikken. Men har vi innsikt om kunsten, og reflekterer vi om kva den vil med oss? Om kvifor vi i det heile skal ha kunst?

Å få tida til å stoppe opp Ein av dei fremste diktarane frå tysk opplysningstid, dramaturgen Gotthold Ephraim Lessing, meinte at teateret kan gje oss likevekt. Den som ikkje fryktar noko, kan lære frykta å kjenne i teateret. Den som er engsteleg, kan bli sterkare. Den som manglar empati, kan bli rørt. Og den som har for mykje medlidenheit, kan bli meir nøktern.

Den russiske formalisten Viktor Sjklovskij meinte at kunstens viktigaste oppgåve var å overraske oss ved å rive oss ut av monotonien og vise oss verda frå nye perspektiv, få oss til å oppleve tinga på nytt og vekke oss frå rutinanes slumrande døs.

Underhaldning handlar om å få tida til å gå. Kunst handlar om å få tida til å stoppe opp. Sjølv om kulturtilbodet nett no er vengeklept, så manglar vi ikkje underhaldning. I dei fleste heimar finst opptil fleire skjermar med uendelege tilbod på underhaldningsfronten. Her er også kunst – ein kan sjå alt frå smale kvalitetsfilmar til russisk ballett og storslegne historiske dramaseriar frå inn- og utland. Men alle desse skjermtilboda lir under den same mangelen: Dei er ikkje sanselege.

Sanseopplevingar Levande scenekunst, anten det no er teater, konsertar eller noko anna, er sanseopplevingar. Du skal kjenne på kroppen at du er med på noko som er større enn deg sjølv. Det kan vere (og er ofte) ei oppleving fylt av glede. Men det kan òg vere anstrengjande, nesten som ei treningsøkt. Det tar på. Nokre gongar kjenner du kanskje ikkje gleda over opplevinga før den er over. Men det treng ikkje tyde at du ikkje hadde godt av den. Teateret vekker kjensler som er utfordrande å stelle seg til. Sorg. Smerte. Frykt. Sinne. Irritasjon. Kjærleik. Medynk. Og det at ein opplever desse kjenslene saman med andre levande menneske i kjøt og blod, forsterkar effekten. Det er nokon i rommet som jobbar for å minne deg om at du lever.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Maria Jahrmann Bjerke (H) fortel til NRK at grunnen til at nettopp kulturarrangement er så smittefarlege, er at dei samlar folk frå fleire ulike kommunar. Målet er å redusere kontakten mellom menneske. Derfor er det dei som lever av å samle menneske, tiltaka går mest utover. Som teatera.

Men kiosken i same gate som teateret er open. Og ikkje eit vondt ord om kiosken neri gata. Eg er glad for at den er open. Sjølv om lokala deira er mindre enn toaletta våre. Og sjølv om eg ikkje kan forstå korleis Helse- og omsorgsdepartementet kan vite at alle som handlar der, kjem frå same kommune.

Sjølv ein ville vore betre Dei fleste store kulturinstitusjonar som driv med verksemd retta mot publikum, har ein stab som berre jobbar med nettopp publikum. I desse dagar er denne avdelinga lamma. Om vi hadde fått lov å opne Hovudscenen for la oss seie ti menneske pr. kveld, så hadde vi altså hatt ei heil avdeling med profesjonelt personale som kunne hatt som si einaste oppgåve å sikre tilstrekkeleg smittevern for desse ti.

Vi hadde hatt kapasitet til å sørgje for at kveldens ti tilskodarar kom frå same kommune – eller frå same kohort – om det var det om å gjere. Og om ti var for mange, så hadde vi vore glade for å få spele for fem. Eller fire. Da kunne kvar og ein tilskodar gått inn i teateret frå kvar sin inngang, i kvar sin etasje. Og om fire var for mange, så hadde vi vore glade for to. To tilskodarar frå same kohort i ein sal som tar 750 menneske.

Sjølv ein ville vore betre enn ingen! Kor er smittefaren i å spele teater for eit einaste menneske? Kan nokon med smittefagleg kompetanse forklare meg det?

Medkjensle for samfunnet Det er ikkje berre på grunn av pengar at vi saknar publikum. Det er like mykje på grunn av mimesis og katarsis. For mimesis og katarsis funkar ikkje under desse forholda! Vi vil skake og riste menneskesjeler. Vi vil få dei triste til å le og dei glade til å gråte. Vi vil oppfylle kunstens nødvendige funksjon i samfunnet – om det så berre er eit einaste menneske om gangen som får oppleve det.

På Debatten på NRK 4. februar uttrykte kulturministeren medkjensle med kulturlivet fordi, som han sa, «kulturlivet var blant dei første som vart stengde, og dei som kjem til å vere stengt lengst». Det er hyggeleg at kulturministeren har medkjensle for kunstnarane. Men eg etterlyser medkjensle for samfunnet. La teatera få opne dørene for publikum.

Vi treng ikkje vente til det blir lov med 200, det held med ein. Og eg skal love deg at dette eine mennesket vil få ei smittefri oppleving som garantert vil rykke henne ut av kvardagens grå monotoni.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no