S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 3. mars 2008

Dramatikarens sjuke mor


Publisert
3. mars 2008
Sist endret
25. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/dramatikarens-sjuke-mor/
Facebook

Ny norsk dramatikk er dyr å setje opp. Tilhøva blir ikke betre av at Norske Dramatikeres Forbund ser norske teatersjefar og instruktørar som sine fiendar. Les artikkelen til teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater her!

Artikkelen vart publisert i Nationen 1. mars 2008:

Av teatersjef Terje Lyngstad, Sogn og Fjordane Teater

Med jamne mellomrom klagar norske dramatikarar på at det er for lite ny norsk dramatikk på norske scener, og like ofte svarer dei teatersjefane som torer å svare, at det blir skrive altfor få interessante norske stykke med høg kvalitet.

På årsmøtet til Norske Dramatikeres Forbund (NDF) i 2007 – der Sogn og Fjordane Teater (SoFt) fekk pris for å fremje ny norsk dramatikk – fekk eg inntrykk av at norske dramatikarar lever med eit fiendebilete utan verdi, anna enn den gleda dei sjølve kan ha av det. Det verka som om teatersjefane og instruktørane var motstandarar snarare enn medspelarar.

Kva er ærendet?

Spørsmålet eg stiller er kva NDFs fremste ærend er. Er målet å vere fagforeining for ein stor medlemsmasse, med vederlagspoeng som viktigaste kampsak? Eller er målet å gi norsk dramatikk høg status og større plass i repertoara?

Om målet er fleire nye stykke på scena, må NDF ta ein meir positiv og offensiv posisjon andsynes omverda. Forbundet må gå gjennom overeinskomsten med Norsk Teater- og Orkesterforening (NTO) og fjerne det som gjer teatra lite viljuge til å setje opp nye norske stykke eller nye dramatiseringar.

I følgje overeinskomsten skal teatra betale 2% i tillegg til dramatikarhonoraret til Axel Brinchmanns Fond, eit fond NDF administrerer. Grunnhonoraret for ein urpremiere på eit heilaftens stykke – dvs. eit stykke over 70 minutt – er kr 240 000. Andregongs- og etterfølgande oppføringar skal honorerast med 50 % av grunnhonoraret.

Straff til teatra

I 2007 spelte SoFt seks nye norske stykke – fordelt på fem urpremierar og ei andregongsoppføring – som teatret betalte ca. 1,1 mill. kr i honorar for. For denne innsatsen måtte teatret betale over kr 22 000 til Axel Brinchmanns Fond. For dramatisering av eit verk skal dramatikaren ha 50% av grunnhonoraret. Om verket har falle i det fri – dvs. om den som orginalt skreiv verket har vore død i over 70 år – så skal teatret i tillegg betale 50 % av grunnhonoraret til Axel Brinchmanns Fond, dvs. kr 120 000 om det er eit heilaftens stykke. SoFt skal i år setje opp ein nydramatisert versjon av Charles Dickens’ Oliver Twist. Dickens har snart vore død i 138 år. Om to år har han faktisk falle i det fri to gonger, og det er grunn til å spørje om vi då skal betale inn dobbelt til dette fondet som teatra blir straffa med kvar gong dei vil lage ein ny versjon av denne klassiske teksten.

NDF må i framtida bidra sterkare til å utvikle ordningar som kan stimulere medlemmene til å skrive og teatra til å produsere. Ein start kan vere å la Axel Brinchmanns Fond falle i det fri for all tid. Forbundet kan gå i bresjen for å gjere einaktarar rimelegare. I dag kostar ein einaktar på 40 minutt 40/70 av grunnhonoraret, dvs. ca. kr 140 000. Dersom prisen blir halvert, vil kanskje fleire teater arbeide med slike tekstar. Det kan gi dramatikarane verdifull trening, utvikling og oppmuntring i møte med teatra sine dramaturgar, instruktørar og skodespelarar. Kanskje blir resultatet eit heilaftens stykke, som seinare utløyser fullt honorar.

Permanent støtte

Tidlegare fekk teatra refundert 1/3 av grunnhonoraret frå Norsk kulturråd for ein urpremiere. I dag er refusjonen berre kr 60 000 for eit heilaftens stykke og kr 30 000 for ein einaktar. NDF bør arbeide meir aktivt for å sikre permanent støtte frå kulturdepartementet og kulturrådet, med mål om å gjere dramatikarløna høgre og teatrets kostnader lægre.

NDF må byrje å gråte meir for si eiga sjuke mor overfor andre enn teatra, som på si side vil vere lite villege til å betale rekninga for helseplagene hennar i framtida.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no