Ofelias begjær. Hanne Gjerstad Henriksen. Foto: Stueproduksjoner

Drama i daglegstova

Ho er myteomspunnen, men Ofelia får ikkje mykje taletid hjå Shakespeare. No skal ho få kome til orde. Stueproduksjoner spelar Ofelias versjon av Hamlet heime i stova.

Hamlet er den mest taletrengte rollefiguren i heile William Shakespeare sitt diktarskap. Hamlet sine replikkar utgjer nesten 40 prosent av skodespelet. Den sitjande kongen, Claudius snakkar nest mest. Så kjem Polonius som trass alt er Lord Chamberlain, rådgjevar til kongen. Deretter Horatio, ven av Hamlet som jo trass alt er mann, om ikkje anna. Ofelia får litt meir taletid enn Gertrude, men mindre enn bror sin Laertes. Når Hamlet mot slutten av stykket har prata ferdig, har han, direkte eller indirekte drepe alle eg til no har nemnt utanom venen Horatio.

Gravid Ofelia
Dramatiker Felicia Ohly har skrive Ofelia sin versjon gjennom dramaet Ofelias begjær (2017). Dette dannar det tekstlege grunnlaget for framsyninga Ofelias Begjær sett i scene av Julie Ibenfeldt Lindvik. Her har dei valt å fylgje den populære tolkinga om at Ofelia er gravid. Det fins eit villnis av spekulasjonar og teoriar omkring Ofelias potensielle graviditet. Kan Shakespeare ha hinta til dette i ein av dei mange dobbelttydingane sine? Det er relativt openbart at Hamlet ikkje er ekteskapsmateriale. I originalteksten ber han på eit tidspunkt Ofelia oppsøkje eit «nunnery» gjennom replikken «Get thee to a nunn’ry’» Teoretikarar på feltet har undra seg over denne replikken i generasjonar. Skal ein tolke det i beste meining ber han henne gå i nonnekloster for å vere trygg. Kanskje fordi han veit at ho alt då er gravid? Då er dekning i kloster med medisinkyndige nonner som kan forløyse barnet og forbarme seg over henne ein mogeleg utveg. På ei anna side, å bli beden om å gå i kloster er ei grei avvising, når ein har proklamert kjærleiken sin til den ein elskar. Det vert ikkje betre om vi ser på elisabethansk slang på denne tida. Alt i 1593 vart «nunnery» nytta ironisk av Thomas Nash i tydinga bordell. Det er om mogeleg ei enno hardare avvising. Hamlet fornektar seg ikkje og kallar i tillegg far hennar, Polonius for «fishmonger», eit anna og meir rølpete ord for hallik.

Det er ikkje uvanleg å redusere Ofelia sin rolle i Hamlet til ein kort setning om at «ho vert gal av sorg og druknar seg i elva.» Men av dei mange som døyr i Hamlet er det Ofelia ein gjerne kjenner mest sympati med. Ho er ikkje skuldig i anna enn å vere glad i dei som står henne nærast. Det er tapet av far sin Polonius og (eks)kjærasten Hamlet som tek knekken på henne. Såleis er hennar død den sanne tragedien i Hamlet. Det er fleire enn Felicia Ohly som har lurt på kva Ofelia hadde sagt, hadde ho fått 40 prosent av taletida i Hamlet. John Everett Millais malte biletet Ophelia i 1851. Vi ser ei kvinne liggjande i ei elv med ein oppløyst blomebukett i den halvopne handa som kviler i vasskorpa. Ho er omringa av kvitveis-liknande blomar som strekkjer seg oppover elvebreiden. Cecilie Løveid skreiv i 2005 libretto til kammeroperaen Ophelias: Death by Water Singing komponert av Henrik Hellstenius. Det er tydeleg at Ofelia har vekt interesse, og held fram med å gjere det.

Millais: Ophelia

Heime i stova
Julie Ibenfeldt Lindvik har utvikla konseptet rundt Ofelias Begjær, hatt regi og initiert denne produksjonen av kompaniet som kallar seg Stueproduksjoner. Vi sit difor i ei stove på godt under 20 kvadratmeter i Huitfeldtsgate i Vika. Rommet er kvitt, det heng plastgardiner frå golv til tak som får meg til å tenkje på drukningsdøden til Ofelia. Vindauga ut mot gata er dekt av folie, vi ser ein høg trekonstruksjon i sentrum av scenen og to kammer trekt med fløyel som er store nok til å huse ein person i oppreist stilling. Teknikken er enkel med to kvite moving heads som einaste lysoppsett. Det er interessant å sjå kva ein kan gjere med så enkle midlar. Scenografien vert godt utnytta på scenen og kostymane til Ester Gjermundnes er minimalistiske og originale. Særleg Hamlet sitt kostyme verkar godt gjennomtenkt med trekrone av spinkle kvistar tett i tett og kappe av kvitt, fletta hår som minner om ei beingrind.

Det er kun tre personar med i Ohly sitt stykke. Desse er Ofelia, spelt av Hanne Gjerstad Henrichsen, Yolette, ei moralvaktande og brysk kvinne spelt av Ragnhild Meling Enoksen og Hamlet, spelt av Joachim Joachimsen. Yolette er skapt av Ohly. Det næraste vi kjem Yolette i originalteksten til Shakespeare er Yorick, den stakkars avdøde hoffnarren som får hovudskallen sin gravd opp i akt 5, scene 1, av ein kyrkjegardsgravar. Hovudskallemotivet frå denne scena har av tallause regissørar vorte sett i samanheng med scenen der Hamlet kontemplerar over liv og død i akt 3, scene 1, og ytrar dei mest kjende linjene «å vere eller ikkje vere». Dette er opphavet til klisjébiletet av Hamlet med hovudskallen i den utstrekte handa. Eg spekulerar i om Yolette kanskje ikkje er ei vanleg hoffdame slik eg fyrst tenkjer. Er ho hovudskallen in corpus? Memento mori, hugs du skal døy, vil du handle rett eller gale no medan du lever? Uansett kva Ibenfeldt Lindvik og Ohly opphavleg har tenkt, fungerer ho som det moralske kompasset til både Hamlet og Ofelia. Ein kan i tillegg spore erotiske undertonar mellom henne og Ofelia. Desse kjem til overflata når Ofelia i fyrste linje, fortel Yolette at ho er gravid. Yolette formanar Ofelia å ta abort for å kunne leve lukkeleg og barnlaus resten av livet saman med henne. Er det dauden sjølv som lokkar Ofelia bort frå Hamlet og som stadig prøver å skape splid mellom dei?

Store gestar, lite rom
Stykket er kort, men intenst. Ein knapp time sit vi der og får til ein viss grad innblikk i Ofelia sitt kjensleliv. Ho må hanskast med ein umoden Hamlet som vekslar mellom å støtta henne og støyte henne frå seg. Ho har kvalar omkring eigne framtidsdraumar og vala ho må ta. Men det er ikkje mykje begjær å spora i teksten. Det er mest besvær, heile vegen gjennom for Ofelia. Begjæret er det Yolette som står for når ho legg an på Ofelia i første scene. Begjæret mellom Hamlet og Ofelia vert forsøkt skildra gjennom koreografien til Martine Bakken Lundberg. Ho let Hamlet og Ofelia omfamne kvarandre heftig og hektisk før dei går over i seige flytande rørsler der dei dansar med trekonstruksjonen i rommet. Dessverre heng det ikkje alltid saman med det øvrige, og med teksten. Til å vere ein produksjon med unge kunstnarar i alle ledd er det fysiske uttrykket, samt spelestilen forbausande datert. Spelestilen legg opp til mykje volum, noko som ikkje er nødvendig på under 20 kvadrat. Vi i publikum sit så tett på at vi kan lese andleta til skodespelarane. Regimessig kunne ein ha gjort små subtile grep som speglar dimensjonen på rommet vi sit i og den intime settinga.

Dette leier til at det som kunne vore subtilt og opent for tolking, druknar i volum og store gestar. I tillegg kjem det humoristiske element som bryt med inderlege uttrykket dei legg opp til frå starten. Meiner dei det som blir sagt, eller er det eit ironisk ferniss over heile, eller delar av teksten? Plutseleg bryt Hamlet ut i song og tek fram ei tøykanin når han oppglødd fabulerer om kor fint dei skal få det når barnet vert fødd. Dette er underhaldande isolert sett, men i heilskapen vert det ståande som eit forvirrande regigrep når vi nokre scener etterpå går inn i eit ektefølt og inderleg koreografisk parti. Eg stussar over at det koreografiske uttrykket legg seg opp mot eit danseestetisk ideal som høyrer heime hjå ein anna og eldre generasjon enn den både eg og kompaniet tilhøyrar. Framsyninga kunne stått igjen med meir eigenart dersom dei hadde turt å gå eigne vegar framfor å adaptere eit gamalt og stivna ideal. Når framsyninga er over veit eg framleis lite om Ofelia og begjæret hennar. Trass i den fine og meir subtilt avdempa tolkinga av Hanne Gjerstad Henrichsen vert ho gjennom tekst, regi og koreografi nok ei gong redusert til ei vaklande og hysterisk kvinne som desperat går og druknar seg i elva.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER