Dødsprosjektet

Dødsdansen

I sokkeleisten på Black Box teater får tilskodarane vere med på ei sakral oppleving. Dødsprosjektet er ein personleg framsyning som snakkar til alle.

Det er ikkje første gong ein vert beden om å ta av seg på beina når ein går inn i Store scene på Black Box teater, men det er første gong eg har sett scenen dekt av teppegolv. Det er mjukt og kjennes eksklusivt. Frå tak til golv heng det tre flor i mjuke halvmåneformasjonar. Vi i publikum sit på golvet med ryggen til floret slik at publikum vert ei forlenging av dette. Florgardinene er kvite, teppegolvet er beige og materiala gjev rommet eit sobert preg. Det hender noko i hovudet i det ein vert oppfordra til å ta av seg på beina. Det er ein underdanig gest som ein kan assosiere med det å vitje heilage rom. Samstundes skapar det forventningar til korleis rommet er utforma. Amfiet er borte, lyset kjem hovudsakleg frå sentrum i rommet og det er montert vertikale lysrigger på sidene som enno ikkje tek særleg plass i det estetiske uttrykket.

Eit så enkelt rom set høge krav til lyssettinga. Når dei fem dansarane gradvis entrar rommet er det som om lyset til Martin Myrvold tek rollen som ein sjette aktør. Det blandar seg med kroppane og får skuggar til å danse på florgardinene. Dansarane er kledd i kvite enkle singlettar og shortsar designa av Milja Salovaara. Med fare for å bli makaber synest eg tekstilvalet minner om eit likklede. Det kan vere det ubleika kvite bomullsstoffet som får meg til å tenkje slik. Snittet minner om gamaldags undertøy. Det er praktisk, verdig og ikkje laga for at andre skal sjå det. Valet av klede til Salovaara er med på å gi framsyninga eit intimt og personleg preg.

Når musikken vert personleg
Dansarane kjem inn i rommet ein og ein. Dei er to menn og tre kvinner. Julie Steinjord Mjøen, Sebastian Biong, Louis Schou, Karen Elde Bøen, Rannei Grenne jobbar innan same fysiske språk, samstundes som koreografien tillét dei individuelle ferdigheitene og uttrykka å kome til overflata. Det er ingen interaksjon mellom dansarane. Dei kommuniserer heller ikkje med oss i publikum, men tvingar oss til å vri hovudet for å fylgje dei med blikket då dei stadig forsvinn ut av synsfeltet og inn bak gardinene. Frå mi plassering ser eg dei som ein evig straum av rørsler. Dei held stort sett same retning og tempoet er jamnt og lausrive frå musikken.

Lydbiletet til Terje Wessel Øverland står som ein vegg av lange tonar under oppbygginga før den munnar ut i kjende låtar av Aurora, Halie, CHVRCHES og Anna von Hausswolff. Det er som om vi lyttar til ei speleliste i ei straumeteneste. Spelelister er ofte personlege og gjerne bygd over eit tema. Kanskje er det koreograf Bente Alice Westgaard sjølv som står bak vala. Blant låtane finn vi titlar som Ugly and Vengeful, Never Say Die, Youth, Day I die, Track of time og Running to the sea. Sistnemnde er eit samarbeid mellom Susanne Sundfør og Røyksopp. Stemma til Sundfør skapar ei sakral stemning, og eg tenkjer at no er Store scene blitt eit heilagt rom. Det gav såleis meining å la skoa stå att ute. Også Kate Bush er med i lydbiletet med låta This womans work. Musikkvala og artistane tek stor plass i heilskapen og er med på å fylle rommet med visuelle referansar. Dette trer særleg i kraft for min del når anlegget speler Kate Bush og Aurora. Då er også dei til stade i rommet på eit abstrakt nivå som gjer at ein vert sitjande å assosiere. I seinare år har det blitt vanleg å nytte personlege musikkval i gravferder. Kyrkjer og andre hus der gravferder finn stad har i stor grad opna opp for bruk av populærmusikk i seremoniane og det er ikkje utenkjeleg at Susanne Sundfør eller Aurora har blitt nytta i slike høve.

Sterk dramaturgi
Dødsprosjektet verkar å vere eit personleg prosjekt. Det personlege som premiss for framsyninga vert lagt allereie i katalogteksten. Der kan vi lese eit sitat av Westgaard der ho fortel om det å føde sitt fyrste barn. «Den intensiteten som tok meg idet jeg skulle gi liv, var så ekstrem at jeg var sikker på at jeg kom til å dø.» Kjensla av å bli overmanna av ein smerte som er så intens at den kjennest livstrugande, men som i høgste grad høyrer til livet heller enn døden er likevel noko ein kan kjenne igjen om ein har fødd barn eller ikkje. Såleis vert ikkje dette eit prosjekt som handlar om Westgaard sjølv. Det vert eit prosjekt som snakkar til kvar og ein, men på eit personleg nivå. Dette er ei fin line, for i det kunsten vert intern kan den også bli ekskluderande. Kjenner eg meg ekskludert som tilskodar loggar eg av, og kunsten sluttar å vere verksam. Her hender ikkje dette. Dramaturgien tek jamnlege u-svingar, og i det ein tenkjer at det er over, vert nye verkemiddel sett i verk. Dette gjeld lyset som på eit tidspunkt skiftar kjelde frå sentrum til periferi og kastar skuggar av dansarane inn i floret omkring oss.

Eit anna døme på verksam dramaturgi er når alt fell til ro og dei tre florgardinene mister festet sitt og synkront virvlar ned bak oss. Vi kjenner eit lite vindpust og den visuelle omkalfatringa av rommet opnar eit nytt kapittel. Tittelen Dødsprosjektet resonnerer godt med tekstane frå musikken og skapar ei tydeleg tematisk ramme. Om tittelen starta som ein arbeidstittel slik det gjerne kan høyres ut, er det ein kledeleg tittel på framsyninga, for livet er eit kontinuerleg prosjekt som inneber at ein dessverre også må ta stilling til døden. Framsyninga meistrar å handsame dette temaet utan å ty til klisjéar eller legge for mange føringar for oss i publikum. Dette gjer Dødsprosjektet til ei klok og estetisk rørande oppleving.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER