S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 2. november 2016

Det Norske – og morgondagens teater

Det Multinorske, nye studenter 2015. Foto: Det Norske Teatret


Publisert
2. november 2016
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Politikk

Saman med Nord Universitet har Det Norske Teatret oppretta Det multinorske, ei treårig utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn. Studentane må ha familiebakgrunn frå utanfor Europa. Dei må òg kunne bruke norsk i daglegtale. Det første kullet blei uteksaminert våren 2015, og seks nye studentar starta studiet hausten 2015.

Utdanninga leier til ein bachelorgrad og er ei fullverdig skodespelarutdanning på lik linje med dei andre statlege teaterhøgskulane i Noreg og Norden. Studentane har status som studentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, med rett til lån og stipend frå Lånekassen. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret. www.multinorske.no

Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater der unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater. Årleg får 150 unge eit tilbod. Medlemmene kjem frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo. Dei unge er med på kurs og verkstader i skuletid, AKS-tid og i kveldsgrupper. Alle kurs ender i mindre eller større framsyingar på Nynorskens hus og andre scener.

www.mangfaldige.no


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/det-norske-og-morgondagens-teater/
Facebook

– Arbeidet med å løfte fram skodespelarar med ein annan etnisk bakgrunn enn den norske, går for sakte, hevda Skuespillerforbundet i NRK Kulturnytt for kort tid sidan. – Det Norske Teatret har som mål å bygge eit ensemble som speglar det moderne Noreg, svarar teatersjef Erik Ulfsby i denne kronikken.

I Kulturnytt torsdag 27. oktober meldte det seg ei utolmodigheit om at arbeidet med å løfte fram skodespelarar med ein annan etnisk bakgrunn enn den norske, går for sakte. 13 år etter at Nordic Black Express (Norsk kulturråd si satsing) starta den første utdanninga er framleis dei fleste ensembla ved norske teaterhus krittkvite. Dei er òg sterkt underrepresenterte i norsk film og Norsk Skuespillerforbund ved Knut Alfsen etterlyser fleire tiltak.

På Norsk Publikumsutviklings årskonferanse i Stavanger i førre veka fekk Det Norske Teatret NPU-prisen for sitt integreringsarbeid og for å ta konsekvensane av samtidas demografiske kompleksitet. I grunngjevinga heiter det at gjennom re-fortolkningen av Det Norske Teatrets rolle som innflytternes og minoritetenes teater, forbindes teatrets historiske røtter med samtiden. Også regjeringa legg vekt på integreringsarbeidet i forslaget om ei ekstraløyving til teatret på kulturbudsjettet som nett vart lagt fram.

Det er viktig at Kulturnytt løfter saka om mangfald på teaterscenen opp på dagsorden. Norsk teater har lenge sett at samfunnet rundt har endra seg markant utan at dette er tilstrekkeleg tatt opp i våre organisasjonar. Samstundes er det viktig å understreke at slike endringar ikkje kjem som ved eit trylleslag. Dette er ei utvikling som vil ta tid. For å spegle mangfaldet i samfunnet gjennom teater og film, må ein ha gode skodespelarar å velje i. Og for at det skal bli ein realitet, må ein ha mange å velje blant. Og i dette utdanningsløpet dominerer framleis dei etnisk norske, og det vil dei gjere ei god stund til.

Men vi er i gang med å forme teateret etter den nye verkelegheita og endringane kjem – som alltid – nedanfrå. Med dei unge og med barna som erfarer ein annan kvardag enn oss som no er i posisjon. Dette er eit langsiktig prosjekt og vi må trekke dei nye generasjonane med i arbeidet med å skape relevant innhald. Vi må få dei til å kjenne seg heime i teateret og til å kjenne seg igjen i det som skjer på scenen. Dei må også få oppleve at historiene deira blir fortalde, i eit språk dei får tillit til, av skodespelarar som ser og høyrest ut som dei sjølve. Teaterrommet er som skapt for møte, møte med publikum, møte mellom ulike historier, mellom konfronterande handlingar – og for forsoning.

Det multinorske Hausten 2012 opna Det Norske Teatret bachelorstudiet Det multinorske for skodespelarstudentar med innvandringsbakgrunn. Det ligg ei utviding av teaterets føremål i dette prosjektet. Målet er å bygge eit ensemble som speglar det moderne Noreg. Og for å få fram gode representantar treng vi eit breitt miljø av skodespelarar med ulik bakgrunn, og vi treng mange – og vi treng dei over heile landet. Utdanninga er treårig og leier til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet får tilbod om eit praksisår med løn på Det Norske Teatret. Studiet blir gjennomført i samarbeid med teaterutdanninga ved Nord Universitet, men undervisninga føregår i all hovudsak på Det Norske Teatret. Det Norske Teatret er tungt involvert i den kunstnarlege, pedagogiske og administrative styringa av utdanninga. Første kull i skodespelarstudiet avslutta utdanninga si våren 2015 og gjekk inn i ensemblet sesongen etter. Neste kull er alt inne i andre året i utdanninga. Effektane av eit prosjekt som dette og som dessutan har ein så lang horisont, kan vere vanskeleg å måle. Vi er likevel ikkje i tvil om at det har mykje å seie for den framtidige rekrutteringa til scenekunsten

Den mangfaldige scenen Alt nokre år før denne teaterutdanninga vart sett i gang var det etablert eit samarbeid mellom BUL i Oslo, Noregs Ungdomslag og teateret om Den mangfaldige scenen, eit breitt teater-tilbod til barn og ungdom frå 6-28, ein møtestad for unge med ulike bakgrunnar, eit møte mellom ulike tradisjonar, mellom profesjonelle kunstnarar og amatørar. Teatersalen til BUL, der teaterslaget stod i 1913, har vore den naturlege samlingsstaden for desse aktivitetane. Det er ikkje nok berre å ta inn over seg den nye norske verkelegheita, vi må arbeide både målretta og langsiktig for å få fram og inspirere nye kunstnarar og eit publikum som er langt meir samansett enn tidlegare.

Teaternamnet Det Norske Teatret er knytt til kulturkampane i ved førre hundreårskifte. Da teateret opna dørene til teatersalen i Bøndenes hus i 1913 utløyste det ei heil veke med aggressive demonstrasjonar. Provokasjonen var det nynorske scenespråket. Arne Garborgs omsetjing av den danske klassikaren «Jeppe på Bierget eller den forvandlede bonde» fekk det til å flamme opp i ein ulmande endringsfrykt for at bønder og bygdefolk, som flytta hit i tusental, skulle forvandle byen på leit etter utdanning og arbeid. Det Norske Teatret ville vere med å prege den nyskapte byen og skape eit rom for den nye språksituasjonen. Dei som frykta desse endringane gjekk til åtak på teateret. Hundre år seinare har Noreg endra seg på nytt. Vi har ikkje berre to offisielle norske skriftspråk som vi enno slit med å jamstille, i hovudstaden er det òg over 100 minoritetsspråk. Rundt 1/3 av ungdommane har innvandringsbakgrunn. Når den norske kulturen og språklandskapet endrar seg så dramatisk, må ikkje berre Det Norske Teatret følgje med, heile scenekunstfeltet må ta inn over seg denne nye situasjonen. Ja, alle institusjonar som flaggar det norske, det nasjonale og det landsomfattande må «re-fortolke det norske». For kulturkampen er ikkje over. Den ser berre annleis ut. Det er ikkje lenger demonstrasjonar i gatene, eller slåssing i teatersalen. Slaga står står i kommentarfelta på internett, og er vel så aggressive som for hundre år sidan.

Vi set stor pris på prisar, og er sjølvsagt glade for signala frå regjeringa, vi tar det som ei anerkjenning av arbeidet vårt og ei vedkjenning av at arbeidet har ei kostnadsside. Dei viktigaste utfordringane er likevel kunstnarlege og organisatoriske. Repertoaret vårt må bere preg av denne tenkinga, det same må ensemblepolitikken. Vi må finne dei historiene som appellerer til eit nytt publikum, vi må syne fram ny dramatikk. Det må prege barnesatsingane våre, som no i haust med den nye familiemusikalen Påfuglen som handlar om framandskepsis og fordommar. Vi ønskjer at familiane skal ta samtalar med seg heim frå teatersalen. Kanskje må vi òg sjå på prispolitikken vår.

Det er mykje snakk om tal og botnline for teatera for tida. Den viktigaste botnlina for Det Norske Teatret, er den som fortel oss at vi når lenger ut enn tidlegare, at vi når nye grupper, at vi har nye historier å fortelje, at vi blir opplevd som relevante for alle slags nordmenn uavhengig av kulturell bakgrunn.

Erik Ulfsby Teatersjef


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no