S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 1. februar 2019

Det narsissistiske blikket

Foto: Alexandra Olsson


Publisert
1. februar 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Dans

Shredder,

Black Box teater, vist 30. januar 2019

Koreografi, dans, konsept og idé: Ofelia Jarl Ortega Musikk, lys og konsept: Patrik Patsy Lassbo Dans, koreografi og konsept: Aleksandra Tveit Produsent: Sara Bergsmark, Alexandra Olsson Produsert av: MDT, samproduksjon med Black Box teater, Santarcangelo dei Teatri Støtta av: Stockholm Stad, Konstnärsnämnden og Norsk Kulturråd

Meldt 30. januar 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/det-narsissistiske-blikket/
Facebook

Gjennom ei post-pornografisk utforsking av tilskodarrolla lukkast Shredder med å skape effektar av underliggjering, men den hadde fortent ei betre dramaturgisk struktur.

For nokre år sidan vart eg med på kino for å sjå Love av Gaspar Noé. Det var eit kinobesøk gjort på impuls. Eg skulle ingenting denne dagen, og surra omkring i byen då eg møtte ein ven som oppfordra meg til å verte med. Filmen vart vist i 3D på Ringen Kino, og om ein aldri heilt har fått taket på verfremdung og Bertolt Brecht, kan eg opplyse om at det fins ingenting – absolutt ingenting, som riv deg raskare ut av fiksjonen enn synet av sidemannen sine 3D-briller i ein erotisk kinovisning. Midt i filmen, snur vi oss mot kvarandre. Begge har på seg marknadens mest avanserte 3D-briller og begge knekk saman i latter. Vi ler av brotet på det sublime, brotet av fiksjonskontrakta og den intense kjensla av framandgjering og avvæpning. Dette var for meg post-porno i praksis. Dette omgrepet dukkar stadig opp i samband med koreograf Ofelia Jarl Ortega si framsyning Shredder.

Post-porno Post-porno er ei kunstnerisk rørsle som frontar sex-positivisme som eit frigjerande verktøy. Det post-pornografiske avvæpnar og ufarleggjer. Det handlar om å ta kontroll over objektivering og å omdefinere maktstrukturane. Desse strategiane er langt frå nye, og postmoderne dans har, slik eg oppfattar det, jobba med å ta kontroll over objektivering av kvinnekroppen dei siste 20 åra. Kor mange framsyningar skal ein bivåne der ein vert tvinga inn i rollen som den mannlege tilskodaren? Er det i det heile interessant?

Laura Mulvey er filmkritikar og skreiv i 1975 essayet «The male gaze. Visual Pleasure and Narrative Cinema». Med denne teksten sette ho standarden for refleksjon omkring iscenesetting av kvinner på film, og teksten har blitt ståande som ein av grunnsteinane innan feministisk teori. Ortega vert kopla til dette essayet av dansekritikeren Amalia Dévaud i hennar kritikk av Shredder som vart publisert i Mouvement magazine i samband med premieren. Om Ortega gjer koplinga til Mulvey sjølv, eller om dette er ei kopling gjort av Dévaud veit eg ikkje, men det er ei nærliggande referanse å dra når ein skal omtale denne framsyninga. Blikk står sentralt, og dei to dansarane på scenen poserer, søkjer merksemda og held blikkontakt med oss på ein måte som minner om dei kroppslege transaksjonane av rørsler og tilnærmingar ein finn på mørke nattklubbar. Det er ein søken etter kontakt og attrå som går over i desperasjon og forfall.

Vellukka drøfting av tilskodarrollen Eg som kvinne har også eit mannleg blikk der eg sit og ser på to poserende kvinner i tynn tricot. Denne erkjenninga gjer meg ubekvem og på eit punkt i framsyninga får eg nok. Eg vil sjå. Mi lesing av Shredder nærmar seg meir det gjensidige blikket, eller kanskje også det narsissistiske blikket. Dei vil at vi skal sjå, dei stirrer tilbake, oppfordrar til det, og såleis set dei seg sjølv i rollen som subjekt, framfor å stagnere som passive objekt. Dette er eit friskare perspektiv, som rett nok er lett å kritisere som ei rettferdiggjering av det mannlege blikket, men no er det ein gong slik at eg ikkje er mann.

Eg er ei kvit, heterofil middelklassekvinne som står fritt til å danne meg ei objektiv tolking av situasjonen. Såleis motset eg meg å bli plassert i rolla som den mannlege tilskodaren. No skal det seiast at den kvite heterofile middelklassekvinna står i nært slektskap til den kvite heterofile middelklassemannen. Dette kan difor vere ein vel så ekskluderande og kritikkverdig ståstad å ta, men dei lukkast med å få meg til å reflektere over dette der eg sit, og denne erkjenninga vil eg kalle verfremdung i høgaste potens. Som svar på innleiingsspørsmålet må eg seie at det difor er interessant å bivåne denne framsyninga, nettopp fordi dei ikkje låser meg til ei rolle. Dei står for objektiveringa, ikkje eg, i alle fall ikkje eg åleine, det er det post-pornografiske som trer i kraft. Framsyninga er slik ei vellukka drøfting av tilskodarrollen.

Hadde fortent ein betre dramaturgi Når det gjeld kvaliteten på elementa i framsyninga verkar det meir som eit arbeid i prosess enn ei ferdig framsyning. Dei to dansarane, Tveit og Ortega – som begge er kreditert som koreografar – er sterke utøvarar som er til stades i alt dei gjer. Dette gjeld det før omtalte blikket, ein faktor dei nyttar aktivt, det gjeld fysisk styrke og koreografisk kreativitet. Musikken er laga av Patrik Patsy Lassbo. Den elektroniske klubbmusikken står nokså åleine om å drive dramaturgien framover. Det er den tidvise mangelen på framdrift som får meg til å tenkje at dette ikkje er eit ferdig arbeid. Heilskapen er for statisk og flat. Shredder er prega av liten kunstnerisk risiko, noko som gjer den tryggare og meir bekvem enn den burde vere med eit slikt tematisk utgangspunkt.

Store scene på Black Box teater er opna opp heilt inn til bakveggen og det heng tre små lerret frå taket. Scenen er bada i raudt ljos og golvet er delvis dekt av ein raud geometrisk figur laga av blanke, raude dansematter. Scenerommet vert ikkje tilstrekkeleg aktivert, og dei få elementa vi vert presentert for vert ikkje fullt ut nytta. Dette gjeld særleg dei kvite lerreta som heng frå taket. For meg er dette ei framsyning som er så god tematisk og utøvarmessig, at den hadde fortent ein sterkare dramaturgisk struktur. Den dramaturgiske heilskapen lir dessutan under bruken av resirkulerte tekstfragment i katalogteksten. Desse er omsett frå svensk, engelsk og fransk på ein slik måte at den endelege teksten ikkje lenger fungerer. Det er vanskeleg å omsette rørsler til god tekst, og det fordrar at ein vågar å vere konkret. Tekst er ein viktig del av den koreografiske praksisen, og formidlingstekstar til danseframsyningar som denne bør ha ein klar funksjon. Då er det ikkje rom for snarvegar.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no