Bilde fra FRIKARs forestilling Draumefangaren. Foto: Antero Hein

Det er stort potensial i scenisk folkedans

Hallgrim Hansegård, danseren og koreografen bak FRIKAR, svarer her på kritikken fra det sceniske folkedansmiljøet om bruken av begrepet nasjonalt kompani.

Takk for mykje interessant lesing med gode poeng på Scenekunst.no og i sosiale medier. Vi i FRIKAR tek kritikken mot bruken av ordet nasjonalt til etterretning, og vil sjå etter meir treffande ord for å skildre aktiviteten vår. Å vera til hinder for mangfaldet i norsk folkedans er det siste vi vil, for vi vil heller bidra til auka interesse for den gjennom kunst og formidling på høgt nivå.

Folkedansen har overlevd fint som sosial dans i fleire hundre år utan profesjonelle kompani. Scenisk har norsk folkedans utnytta det kunstnarlege potensialet i svært liten grad. Når FRIKAR i dag deler scene med nasjonalballettar og andre kompani med fulltidstilsatte dansarar ute i Europa blir det umogleg å konkurrere på like premiss. Eg meiner hardtarbeidande folkedansarar fortjener rammer der det er mogleg å konkurrere om trygge arbeidsplassar og danse i ensemble av topp, internasjonal standard. I FRIKAR har vi ambisjon om å kunne tilby dette. Eg trur det vil inspirere fleire til å byrje med folkedans, halde fram gjennom ungdomsåra, studere faget og satse på ei yrkeskarriere i feltet. Eg trur også at dei beste kompania er med på gjera sjangeren meir aktuell i samfunnet.

Det har kome fram ytringar om at status som nasjonalt kompani er noko ein får, ikkje tek. Vi tek det til etterretning. Samstundes vil vi halde fram den nasjonale aktiviteten vår, arbeidet med å dagsaktualisere folkedansen i heile Noreg. Til no har vi opptrådd 160 stadar her til lands. Vi har gjennom Talent Norge sidan 2017 hatt eit nasjonalt ansvar for talentuvikling av profesjonelle dansarar med vekt på folkedans. Det er ikkje eit eksklusivt ansvar, og talenta kjem andre kompani og koreografar til gode.

Det har også vorte ytra at «Frikar bør stoppe å ta æren for å lære opp dansere». Ingen dansarar er 100% eit produkt av ein læremeister, ein skule eller eit kompani, og i FRIKAR påstår vi heller ikkje det. Men der det offentlege ikkje har hatt god nok utdanning av sceniske folkedansarar har FRIKAR ytt ein innsats for å bidra til å dekke behovet sidan 2008. Det har også andre kompani og teatre nytt godt av. Kan vi ikkje få vera stolte av at talent vi har hjelpt får suksess?

Dei som har skrive debattinnlegget skriv vidare om «Frikar sin uvilje til samarbeid» utan å utfylle dette. FRIKAR har sidan 2006 samarbeidd med ei rekke folkedansarar, sjangrar, kunstformer, yrkesgrupper, festivalar, lag og foreiningar, kommunar, samprodusentar, utdanningar, stiftingar, tv-kanalar, dataspelprodusentar og bedrifter. Og no ynskjer vi altså å samarbeide med det offentlege for å skapa aktivitetar som kjem veldig mange utøvarar, skaparar, arrangørar og publikumarar til gode.

I ordet «frikar» ligg det å gå motstraums. Å utfordre haldningar i det norske samfunnet er noko vi er opptatt av. Det kan vera rasisme og materialisme. Men det kan også vera jantelova. Hadde eg fylgt råda eg fekk frå folkedansfeltet i 2006, så hadde det ikkje blitt noko FRIKAR. Eg er veldig glad for at fylkestinget i Oppland viste mot til å satse ekstra på eit dansekompani. Det er motstraums i Norge.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER