S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 22. januar 2018

Den største taparen i amerikansk litteratur

Foto: Øyvind Eide


Publisert
22. januar 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

En handelsreisendes død,

Nationaltheatret, premiere 20. januar 2018

Skrive av Arthur Miller Omsett av Michael Evans Regi: Trond Espen Seim Scenografi og kostymar: Olav Myrtvedt Lysdesign: Øyvind Wangensteen Komponist: Gaute Tønder Dramaturg: Olav Torbjørn Skare

Anmeldt 20. januar 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/den-storste-taparen-i-amerikansk-litteratur/
Facebook

Det er mogleg Willy Loman er den største taparen i amerikansk litteratur, men Frøydis Århus skriv her med varme om rolletolkinga Atle Antonsen gjer av karakteren.

Midt på 80-talet, nokre år før eg vart fødd, kjøpte far min sitt fyrste TV-apparat. Dette var eit Bang & Olufsen Beovision LX5500. Dansk design, prisvinnande lydkvalitet, edeltre-panel og aluminiumslister i sidene. Far min har alltid meint at har ein smått med pengar, må ein kjøpe ting som er laga for å vare lenge. Og vare, det gjorde det. Apparatet byrja å skrante det året eg fylte 20. Ut frå det eg kan sjå frå andre rad på Nationaltheatret, er det nøyaktig same TV-apparat som står i stova hjå familien Loman. Truleg også innkjøpt for å vare med seigt oppsparte midlar av protagonist og far i huset, Willy Loman.

Fair deal Nationaltheatret byrjar teateråret med Arthur Miller sitt pulitzerprisvinnande drama En handelsreisendes død frå 1949. Miller var 34 år i 1949. Truman sat som president og lanserte sin fair deal-politikk berre nokre dagar før Miller utgav stykket. Fair deal var ei vidareføring av Roosevelt sin new deal-politikk som skulle leie USA ut av det økonomiske uføret etter den store depresjonen i 30-åra. Der Roosevelt fyrst og fremst fokuserte på økonomi, fokuserte Truman i tillegg på å løyse dei sosiale utfordringane landet stod overfor. Han kjempa mellom anna for eit trygt, fagorganisert arbeidsliv og lågare renter på bustadlån. Dessverre måtte han kjempe mot vindmøller i form av republikanarar og konservative sørstatsdemokratar. Dersom Truman hadde fått banka gjennom fleire av sine sosiale reformar hadde det truleg gått betre med Willy Loman (Atle Antonsen).

Stykket til Miller gjekk 742 gonger på Broadway i løpet av det første året, og vert i dag sett på som eitt av dei dei mest innflytelsesrike drama i amerikansk litteratur. Willy har vore handelsreisande i 34 år utan å stige i gradene. Han er far til dei to vaksne og tafatte sønene Biff og Happy (Olav Waastad og Espen Alknes) og gift med den snille og trygge Linda (Laila Goody). Problemet til Willy er at han nektar å akseptere at han på alle måtar er heilt middelmåtig. Han projiserer eigne ambisjonar og evner over på eldstesonen Biff, og favoriserer og idoliserer han trass i at han teiknar til å bli minst like middelmåtig som far sin.

Gode debutantar Trond Espen Seim debuterer med dette som teaterregissør og har skapt ein solid, nøktern og nedtona versjon av familietragedien til Miller. Stykket kan lesast som antitesen til den amerikanske draumen, og det fins sikkert regissørar som ville ha fråtsa i klamme regigrep for å understreke aktualiteten i stykket med tanke på situasjonen for dagens amerikanarar. Donald Trump har i desse dagar ridd USA som ei mare i litt over eitt år, og medan vi var vitne til regidebuten til Seim på Nationaltheatret måtte amerikanarar tilsett i staten gjere seg klar for ulønt lediggang og stenging av offentlege etatar og kontor. Det er fint å sjå at Seim har tillit til at kvaliteten på ensemblet, teksten og karakterane er så god at stykket ikkje treng pakkast inn i publikumsfrieri og tvangsaktualisering. Det er eg einig i, men han kunne kanskje dratt på litt meir generelt. Stykket skildrar dei 24 siste timane til ein middelmåtig mann som har gått stille gjennom livet i fornuftige sko. Livet til Willy går mot total dekonstruksjon, og det kunne framsyninga ha spegla tydelegare ved å skape større kontrastar.

Atle Antonsen har tidlegare forma karakterar som Tor frå Etaten og Dag frå serien med same namn. I rollen som Willy frir han seg utan problem frå tidlegare karakterar. Antonsen har eit eige håndlag med inadekvate og mistilpassa menn. Både Dag, Tor og Willy er tre knepp unna å desertere. Det er med blanda kjensler eg vedkjenner at eg saknar humoren som ligg latent i originalteksten. Kanskje Antonsen skulle fått henta fram litt meir av det tragikomiske i Willy. Som Willy sjølv seier: «Livet er tøft. Det må være lov å slå noen vitser og ha det litt moro.»

Linda er episenteret i jordskjelvet som skal ramme. Laila Goody får fram alle nyansane ved Linda og både rollefiguren og tolkningen gjev meining i den store samanhengen. Det gjer derimot ikkje dei to sønene. Biff er frå Miller si side tenkt som ein tafatt fyr, men han er ikkje dum, og har sjarm og karisma nok til å halde foreldra for narr. I tolkninga til Seim er han redusert til noko som ikkje ein gong ein desillusjonert far kan finne på å idolisere. Det er Biff som er katalysatoren i handlinga, og difor stussar eg litt på dette valet. Happy sin funksjon er mindre viktig for handlinga, men også han er i overkant eindimensjonal. Her er det mykje uforløyst potensiale. Det gjeld også scenografi og kostymer. Problemet er at desse komponentane ikkje tilfører noko. Dei berre sameksisterar, og tidskoloritten er difor vanskeleg å bli klok på.

Symboltunge silkesokkar Linda sit stadig og stoppar silkesokkane som Willy tek med heim til henne, noko som er eit fint regigrep nettopp fordi det symboliserar uføret dei er ute i. Ein skal ikkje trenge å reparere ein luksusartikkel. Dei første silkesokkane som vart vart produsert var så slitesterke at dei nærmast var umogelege å øydeleggje. Men ingen tener pengar på noko som aldri raknar. Produsentane byrja difor å lage silkesokkar som rakna etter berre nokre vask. Silkesokkane er difor ein grunnleggande vekstbasert kapitalistisk idé på same måte som den amerikanske draumen. Biff og Happy skal gjere det betre enn Willy for at Willy skal kunne seie at livsprosjektet hans er vellukka.

I ein Seinfeld-episode dreg Jerry ein vits om at George liknar på Willy Loman. George vert dødeleg fornærma for dette og kallar Willy «the biggest looser of American literature». Det kan så vere, men eg klarar ikkje slå handa av Willy for det. Seim syner oss ein Willy som ein får lyst til å invitere inn på kjøkkenet og servere kaffi til. Han treng å bli minna på at han nesten har nedbetalt huset sitt, at han har ei kone som støttar han uansett kva han finn på og at det faktisk ikkje er hans feil at sønene hans ter seg som idiotar. Det er systemet det er noko gale med, ikkje han.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no