S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 10. oktober 2018

Den minst etiske fargen

Foto: Alette Schei Rørvik


Publisert
10. oktober 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Mumiebrun,

Susie Wang, premiere 5. oktober 2018

Konsept: Susie Wang Tekst/regi: Trine Falch Lyd/musikk: Martin Langlie Lys: Bo K. Wallström og Philip Isaksen SFX: Fanney Antonsdottir Div teknikk: Tony Endre Hestnes Koordinator: Alette Schei Rørvik

Skodespelarar: Valborg Frøysnes, Kim Atle Hansen, Mona Solhaug, Mari Strand Ferstad

Meldt 5. oktober 2018


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/den-minst-etiske-fargen/
Facebook

I ei framsyning som er banal, blodig og grunn fell Susie Wang ned på rett side, og dei lykkast med å fylle eit tomrom i norsk scenekunst eg ikkje visste fanst.

Det finst mange nyansar av brunt, men den minst etiske og bisarre av dei alle må vere mumiebrun. Mumiebrun er det ein ville kalla mørkebrun om ein ikkje visste betre. Det er ein vakker farge. Mørkare og mindre raudleg enn terracotta, gulare og meir intens på eitt vis. Pigmentet har ein merkeleg historie og vart, som namnet tilseier, framstilt av finmalte bitar av mumiar. Fargen vart tatt i bruk i europeisk målarkunst frå 1500-talet av.

Arkeologi som fag har ein brokete historie og vart lenge sett på som hobby for rike eksentrikerar. Velståande dilettantar sat ofte på varierte samlingar av kuriosa, eller det ein i museologien omtalar som rarietetskabinett. På midten av 1800-talet vart rarietetskabinetta utvikla og systematiserte. Dette danna såleis grunnlaget for kulturhistoriske og naturhistoriske samlingar. England var eit føregangsland på feltet og samlingane vaks i takt med Det britiske imperiet. I dag kan vi besøke Natural History Museum og British Museum i London om vi vil sjå steinar frå verdsrommet eller mumiar frå Egypt. Med slike institusjonelle bautaer auka også statusen til faget og vi slutta å øydelegge oldtidsfunn for å lage maling. Trass i dette var mumiebrunt i sal heilt fram til 1960-talet, då den ærverdige britiske malingsleverandøren Robertson’s of London innsåg at dei hadde kverna sin siste mumie.

Knoklar og skulpturar frå fortida Mumiebrun er også namnet på den nyaste produksjonen til teaterkompaniet Susie Wang. Eg visste lite om dette kompaniet på førehand. Det vesle eg visste var at to av medlemmane, Trine Falch og Bo K. Wallstrøm, var med i det nedlagte teaterkompaniet Baktruppen, og at dei i tidlegare produksjonar har imponert med illusjonane dei skapar i scenerommet. Scenekunstnar Mona Solhaug og musiker Martin Langlie utgjer andre halvdel av kompaniet.

Vi sit i eit amfi i eit av sceneromma til Rom for Dans. Scenografien liknar eit museum. Golvet og bakveggen er laga av kvit og brun marmorimitasjon. Det er slåande vakkert. Ei søyle tronar midt i rommet. Rundt den står det pidestallar med skulpturar på. Om det er eit kunstmuseum eller eit naturhistorisk museum er litt uklart. Vi ser gamle knoklar bak i lokalet og vi blir fortalt at ein av skulpturane kjem frå verdsrommet.

Den anemiske danske museumsvakta (Mona Solhaug) fortel oss at ein av dei andre skulpturane er frå fortida. Brått vert tittelen dei har valt, Mumiebrun smått genial. Mumiar er oldtidsobjekt i museum, men dei er samstundes menneske. Ein mumie er blotta for sentimental verdi. Dei er levande vesen som etter årtusen på lager har mista verdien sin som menneske. Til gjengjeld er dei verd svimlande summar i kroner og øre utan å ha kommersiell verdi.

Foto: Alette Schei Rørvik

Roterande egg og hol i golvet Brått merkar eg at eit av objekta, eit bronsefarga egg, har starta å rotere på pidestallen sin. Eg veit ikkje kor lenge det har rotert før eg ser det, og allereie her må eg vedkjenne at dei har lukkast i avleie blikket mitt på akkurat rett tidspunkt slik at eg vert sitjande å undre meg. Det skal bli rarare enn dette når museumsvakta seier «se opp for hullet.» Kva for eit hol? Er det eit hol her som eg ikkje har sett? Eg har stirra på eit rom der ingenting har hendt dei siste 5 minutta utan å sjå noko hol, tenkjer eg, – før eg ser holet. Det er om lag 50 cm i diameter og «meget dypt» ifylgje museumsvakta. No er forvirringa og fascinasjonen komplett.

Ei kvinne (Mari Strand Ferstad) kjem inn i rommet. Ho har på seg tennistøy. Ho kikkar på objekta og set seg på ein marmorbenk, før ho igjen reiser seg. Det kvite tennisskjørtet er dekt av blod der ho sat. Ei subtil uhygge breier seg i rommet. Verre skal det likevel bli. Museumsgjestar kjem og går før dei dukkar opp igjen. Alt går veldig sakte og rommet er veldig stille slik det gjerne er på museum. Kvart steg ein tek forplantar seg som lyd mellom veggane og gjer at ein vert ekstra medveten på sine eigne handlingar. Slik verkar det også å vere for museumsgjestane på scenen. Den einaste som ikkje let seg affisere av dette er museumsvakta. Ho er kledd i beige bukse, beige skjorte og har på seg eit litt for langt slips. Kostymet er meistarleg gjort. Ho er bleik og vever og fullstendig blotta for mimikk eller glede av formidlinga.

Frå stolen sin ved inngangen fylgjer ho gjestene med augo, og skyt inn ein og anna kommentar. «Du må gjerne ta på den, den er fra fortiden.» Ein mann i kvite bukser og rosa t-skjorte tek ein runde i lokalet før han går igjen. Ei gravid kvinne (Valborg Frøysnes) kjem inn og gjer det same. Ho får den same oppfordringa «Du må gjerne ta på den.» Ho ser usikker ut før ho stikk fingrane inn i ein av skulpturane. Brått skrik ho til og dreg ut ein blodig finger. «Hva var det jeg sa?» seier publikumsvakten. Det er komisk på ein forstyrrande måte. Her kan alt hende. Lydbileta vekslar mellom det blikkstille og den elektroniske støymusikken frå kontrollbordet til Martin Langlie. Eg får assosiasjonar til den danske kultserien Riget av Lars von Trier. Det er humoren og kjensla av at ingenting stemmer som får meg til å dra parallellen. Uhygga ligg i det trivielle ved situasjonen.

Absurd og valdeleg, men originalt og nytt. Den gravide kvinna har på seg eit langt smykke. I det ho passerer søyla i rommet vert kjedet soge inn som av ei magnetisk kraft og ho vert ståande å skrike i sjokk. Igjen er dette ein illusjon som er banalt enkel men svært effektfull. Situasjonen eskalerer når ho på merkeleg vis vert kasta i bakken av ei usynleg kraft og soge ned i holet etter den gravide magen. I ein scene som fortoner seg som noko av det mest eksplisitte og valdelege eg nokon gong har sett på ei scene vert magen hennar skore/ete av nede i holet. Ho kjempar seg opp igjen og heng etter navlestrengen. Magen er eit einaste stort kjøttsår. Spesialeffekter og make-up er sjeldan vare i den frie scenekunsten. Publikum er fjetra. Eg har aldri sett maken. Eit menneskeetande museum – tygg på den allegorien.

Mannen i den rosa t-skjorta (Kim Atle Hansen) dukkar opp igjen og viser seg å vere far til det ufødde barnet. Utan å gå i detalj, kan eg avsløre at det ikkje endar godt for han heller. I ein scene som burde få 20-årsgrense vert forplantningsorganet hans skilt frå kroppen, før museumsvakta syr det på igjen. «Nei nei, du må snu den» mumlar han gjennom smerten medan ho trer i nåla og gjer seg klar for å sy. «Vi skal lige til at stenge» seier ho trivielt.

Det absurde og blodige kunne lett ha bikka over i det banale og meiningslause, men hamnar på rett side. Eg har lite lyst til å gå inn i tolkinga av kvite, middelaldrande menn som får penis skore av. At patriarkatet står for fall, ville vore ein openbar interpretasjon, men eg vel å sjå det i eit anna lys. Fargen og fenomenet mumiebrunt er bindeleddet mellom naturvitskap, målarkunst og antropologi. Mumiebrunt er også eit resultat av menneskeleg ignoranse og likegyldigheit. No tek fortida, representert av museet og museumsvakta, hemn gjennom å eta opp gjestane sine.

Framsyninga er fundamentalt annleis enn noko eg har sett før. Den er allegorifylt og oppfordrar til tolking, samstundes som den er banal, blodig og grunn. Men det er her magien ligg, og dei held det dei lovar om å ta mysteriet alvorleg. Eg ser fram til å følgje Susie Wang vidare, dei fyller eit tomrom eg ikkje visste fanst i norsk scenekunst.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no